Laurdag 28.januar vil FN sine mørke hemmelegheiter bli avslørt av innside-varslar

Henta frå Stop World Control. Omsett av saksyndig.

FN driv for tida og rullar ut Agenda 2030 over heile verda, som etter planen skal bli den største omstruktureringa nokosinne. Den involverer alle nasjonar og alle folkeslag, og vil forvandle kvart eit aspekt av samfunnet: finans, landbruk, mat, reise, forretning, seksualitet, utdanning, osb.

Ei radikal og komplett overhaling av korleis menneskeheita lever på Jorda.

Ekstremt tyranni

Vi fekk allereie prøvesmake det dei siste par åra: ekstrem politibrutalitet mot fredelege demonstrantar, dødeleg feilinformasjon frå nyheitsmedia og regjeringar, undertrykking av millionar av legar og vitskapsfolk, forbod mot alle kurar mot covid, tvinga vaksinasjon med eksperimentelle substansar, langtrekkjande sensur av alle som snakka ut, etc.

I fleire land såg vi prototypen for eit delt samfunn, der uvaksinerte vart nekta essensielle rettar slik som reise, handel og til og med bruk av bank. Del av Agenda 2030 er å berre sleppe folk inn i samfunnet som konstant aksepterer nye injeksjonar i kroppane sine. Vitskapsfolk og legar som står mot dette tyranniet vart oppsagt, truga, stilna, sverta, arrestert, lagt inn på psykiatriske institusjonar, og somme vart plutseleg funne døde.

Andre utviklingar innan Agenda 2030 inkluderer øydelegginga av den noverande matforsyninga, erstatte grasfôra kjøt med genetisk konstruerte insekt. Under dekket «likskap» blir transkjønnsideologi aggressivt påført oss, og millionar av barn over heile verda blir psykologisk manipulert til å få sitt biologiske kjønn kirurgisk endra, ofte utan samtykke frå foreldra.

Dette er berre eit lite knippe av den galskapen som no er i verk på eit globalt nivå, som del av Agenda 2030. Det magiske ordet som lurer alle til å ta del i dette vanvitet, er «berekraftig utvikling» som visstnok vil «redde» planeten.

Det endelege målet til Agenda 2030 er å installere ei éiverdsregjering med ikkje-valde leiarar. FN ligg i hjartet av denne verdsregjeringa, saman med Verdas helseorganisasjon og World Economic Forum. Over dei er finansielle interessegrupper, som opererer totalt i det skjulte frå offentlegheitas søkjelys, slik at ingen nokosinne kan halde dei ansvarlege for sine brotsverk mot menneskeheita.

Dei mørke hemmelegheitene til FN

Med tanke på det djupe alvoret i det som føregår, er der eit kritisk behov for å gjere den kriminelle agendaen til FN kjent for medmenneska våre. Difor organiserer Stop World Control, i samarbeid med International Crimes Investigative Committee [grunnlagt og leia av Reiner Füllmich; oms.an.], ei avslørande nettsending fyrstkomande laurdag, 28.januar 2023. Ein senior-tenesteperson som har arbeidd på toppnivået i FN i 20 år vil avsløre organisasjonen sine mørke hemmelegheiter. Denne sendinga vil finne stad på StopWorldControl.com.

Vi inviterer dykk hjarteleg til å ta del, og håper de vil hjelpe oss med å gjere denne viktige hendinga kjent. Det vil gje ein kraftig oppstyrkar til den globale rørsla som kjempar for fridom og ei betre verd. Hendinga vil vere fleirspråkleg: engelsk, tysk, fransk, spansk, portugisisk og nederlandsk.

Posteren til hendinga kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s