Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Globalist-milliardæren og pandemi-kviskraren Bill Gates har åtvara verda om at «neste pandemi» sannsynlegvis vil vere «menneskeskapt» og «mykje meir brutal enn covid».
Den sjølvutnemnde globalhelse-tsaren fortalde publikum ved Lowy-instituttet i australske Sydney at verda må lytte særs nøye til rådet hans og følgje instruksjonane hans til punkt og prikke, elles vil ein oppleve økonomisk blodbad på ein hittil usett skala.
«Samanlikn den økonomiske kostnaden av å vere førebudd på den neste med kostnaden til denne, eit tap på meir enn 10 billionar dollar,» sa han.
«Når det gjeld pandemien var vi toskne nok til å ikkje ha verktøya, treninga og den globale kapasiteten til å vere på hogget slik vi er med brann eller jordskjelv.»
Herr Gates lovpriste Australia sin brutale, autoritære politikk, inkludert munnbindordrar og somme av verdas lengste nedstengingar.
«Noko av det som skil seg ut er at Australia og rundt sju andre land utførde befolkningsskala-diagnostikk tidleg og hadde karantenepolitikk,» sa han.
«Det tyda at de heldt infeksjonsnivået lågt i det fyrste året då det ikkje fanst vaksinar.»
Gates lovpriste òg Kina som noko godt for «verdsordenen» og erklærte at ein stabil internasjonal orden basert på gjensidig politisk vilje krevst for å handtere framtidige pandemiar.
«Den eine tingen som framleis er usikkert, er om vi vil ha den globale kapasiteten og på dei regionale og nasjonale nivåa som vil seie at når ein trugsel (om smittsam sjukdom) kjem, handlar vi på ein slik måte at den ikkje blir global,» sa herr Gates.
«Kvart femte år må vi gjere ei omfattande øving både på nasjonale og regionale nivå av pandemiførebuing, og de treng ei global gruppe som gjev alle poengsummar.»
Gates brukte Afrika som døme på ein region som ikkje har fått sin rettferdige andel av covid-19-vaksinar, og lovde å sikre at dei blir vaksinerte i framtida.
«Vi har dette enorme nederlaget av marknadskapitalisme til å sjå på somme av behova til dei fattigaste. Stemma deira på marknadsplassen er svært lita,» sa han.
«De kan bokstavleg tala redde liv for tusen dollar, og de finn ikkje mykje elles som kan vere so tilfredsstillande som det.»
Derimot greidde ikkje Gates å nemne at covid-19-tilfelle i Afrika er dei lågaste i verda, medan kontinentet er so godt som uvaksinert.
Gates seier at framveksten til Kina er bra for verdsordenen
Han sa òg at amerikansk politikk, og dermed australsk, mot Kina treng ei meir forsonande og samarbeidsviljug politisk tilnærming i å handtere større problem slik som klimaendring.
«Eg ser Kina sin framvekst som ein stor siger for verda… den noverande mentaliteten av USA mot Kina, og som blir gjengjeldt, er ein slags tap-tap-mentalitet.»
«Det kan vere særs sjølvoppfyllande på ein veldig negativ måte.»
På laurdag [21.januar 2023] møtte herr Gates statsminister Anthony Albanese i Kirribilli House i Sydney for å diskutere klimaendring, helse og energiutfordringar.