Av S.D. Wells, Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Heile verda av forkjemparar for naturleg helse, som går til sanningsmedia og uavhengige kjelder for å høyre siste nytt om næring, helse og vitskap, kjenner godt til korttidsfarane og konsekvensane til covid-«vaksinane», «propp-sprøytene», men ingen har sett nokon helseøydeleggjande langtidsverknader fordi det er berre tre år sidan bløffdemien braut ut.
No, fordi vitskapen avslører at Wuhan-virus-sprøytene påfører skade på sentralnervesystemet, hjarte- og karsystemet, immunforsvaret og hjernen, kva vil langtidsresultata vere for dei som tek fleire dosar, oppfriskningsdosar og til og med influensasprøyter, som alle har giftige ingrediensar som kryssar blod-hjernebarrieren? Kor mange «zombiar» vil rave rundt på jorda, der dei lid av demens på grunn av kronisk betennelse, mikro-hjerneblødningar, og permanent skadde hjerneceller? Vil fleire milliardar menneske som har blitt injiserte med den farlegaste «vaksinen» som nokosinne er skapt, mRNA, bli ein ekte versjon av The Walking Dead?
«Sofistikert helseomsorg» tydar medisinar og vaksinar som skaper og forverrar nevrodegenerative sjukdommar
Den seigliva myten om at alle vaksinar er «trygge og effektive» har blitt absolutt og fullstendig knust av covid-sprøytene. Nesten alle forkjemparar for naturleg helse visste allereie at MMR, influensasprøyter, HPV og koppevaksinar inneheld fryktelege ingrediensar som forårsakar uoppretteleg skade på kroppen og hjernen, men no er vi alle vitne til at mRNA-injiserte zombiar ikkje berre døyr «brått og uventa» av propp-sprøytene, men mange andre byrjar òg å lide av langsiktig helseskade.
Kor mykje av denne skaden påverkar sentralnervesystemet og hjernefunksjonen deira? Det er det endelege spørsmålet no, og evidensbaserte svar byrjar å sjå dagens lys for kvar dag som går.
Biologar oppdagar no grunnen til at so mange av covid-vaksinerte lid av slag, myokarditt, trombose og nevrologiske lidingar – og grunnen er konsekvent: nanopartiklar. Hjarte- og karsystemet er hovudområdet for transfeksjon av desse nanopartiklane (piggprotein og prion), sidan majoriteten av dei ikkje forblir på injeksjonsstaden (i muskelvevet), men reiser via sirkulasjonssystemet.
Kvifor er desse piggprotein-nanopartiklane som reiser gjennom kroppen, so farlege for helsa vår? Som biologar oppdagar, går immunforsvaret vårt til åtak på vaksinepartiklane og øydelegg milliardar av endotelceller; bokstavleg tala «flår dei levande» det indre laget av blodkara. Sjå dette diagrammet.
Med andre ord vil alle menneskecellene som blir penetrert av desse giftige, virus-imiterande nanopartiklane bli øydelagt av immunforsvaret, inkludert øydelegginga av alle transfiserte celler, sjølv dei som finst i vitale reisande organ og hjernen. Biologane som studerer dette avslører at den injiserte saueflokken opplever øydelegging av 80 milliardar celler på grunn av berre to dosar mRNA, og då er ikkje eingong oppfriskningsdosar teke med i reknestykket.
Ifølgje eit team av leiande biologar er dette grunnen til at covid-vaksinar har evna og «potensialet til å skape ei bølgje av nevrodegenerative sjukdommar, noko som er nok ein pressande grunn til å stoppe vaksine-dystopien».
Menneskehjernen står overfor den største endotel-risikoen av dei alle på grunn av covid-genmutasjonssprøyter og lekkasje i blod-hjernebarrieren
Visste du at menneskehjernen inneheld meir enn 640 kilometer med blodkar, meir enn seks gonger sirkulasjonssystemet i lungene? Dette tydar at hjernen står overfor den største endotel-risikoen av dei alle på grunn av dei genmuterande covid-sprøytene. Mange legar, vitskapsfolk og biologar har fokusert diskusjonane sine om vaksineskade og vaksinevald på organ slik som levera, eggstokkane, hjartet og lungene, men no estimerer dei at der kan vere so mange som to millionar nanopartiklar i hjernen, på grunn av mRNA-sprøytene.
Fordi blod-hjernebarrieren er meint å vere lekkasjesikker, antok forskarar at berre avgrensa mengder av pseudo-virus-partiklar kunne trengje gjennom den, men den hypotesen var feil, på grunn av transfeksjon av blod-hjernebarriere-endotelceller.
Difor, sjølv om menneskekroppen har ei utruleg evne til å reparere seg sjølv, medfører denne celleskaden i hjernen frå vaksinar svinnande funksjonalitet, som fører til motorisk dysfunksjon og nevrodegenerative forstyrringar. Forskarar skildrar no lokasjonen til blod-hjernebarriere-lekkasjar relatert til spesifikke degenerative sjukdommar:
- Hippocampus: mild kognitiv svekking
- Grå og kvit hjernematerie: Alzheimers sjukdom
- Basalgangliane: Parkinsons sjukdom
- Nucleus caudatus: Huntingtons sjukdom
- Perivaskulære lesjonar: Multippel sklerose (MS)
- Hjartet: myokarditt og perikarditt
- Lungene: pulmonær embolisme (blodpropp i lungene)
- Aorta og arteriane: trombose (blodpropp), slag og arteriekollaps
- Levera: hepatitt (leverbetennelse)
- Senene: seneskjedebetennelse
Vaksinevald frå mRNA-sprøytene er det vi har vore vitne til dei siste 15 månadene, pluss minus. Sanninga kjem ut, og dei langsiktige effektane av covid-sprøytene byrjar å vise sine stygge tryne. Den «trippelvaksinerte» saueflokken byrjar å likne meir og meir på «dei levande døde» [the walking dead]. Kor lang tid vil det ta før verda er befolka av nokre milliardar piggprotein-zombiar?