Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det kan verke som ein god idé når du er ung, søt og framleis utforskar kven du er, spesielt midt i ei krise. Men å gå for transkjønnsideologi – og spesielt den kirurgiske og hormonelle lemlestingsprosessen som ofte følgjer med – forårsakar uoppretteleg skade som mange unge transpersonar lærer på den harde måten, når dei trer inn i vaksenlivet og er fanga i øydelagte kroppar og øydelagte sinn.
Den nye dokumentarfilmen Dead Name, som var tilgjengeleg på Vimeo, men seinare fjerna, fortel historia om tre unge menneske som vart hjernevaska og manipulert til å øydeleggje kroppane og identiteten slik at dei kunne bli sine «sanne sjølv».
(Relatert: Adm.dir. i Vimeo, Anjali Sud, er ein World Economic Forum-opplært globalist.)
Den fyrste historia handlar om ein seks år gammal gut som vart fortalt av «Transland», som Austin Ruse i Crisis Magazine kallar det, at dersom han ønskte å bli ei jente, trong han berre å ta ein «spesiell operasjon der dei vrengjer tissen din, og inni den er der ein vagina». Den same vesle guten vart òg fortalt at det å ta hormon-legemiddel «kan gje deg jentedelar».
Guten, som blir kalla Jonas, lærte alt dette på førskulen. Mora hans hadde òg ein lesbisk affære med ei anna kvinne – denne andre kvinna på påverka mykje av kjenslene hjå vesle Jonas heilt til det punktet der han no òg tillèt at han blir referert til med jentenamnet «Rosa».
Jonas si faktiske mor hadde inga aning om at sonen sin førskule og hennar eks-elskarinne gjorde alt dette bak hennar rygg. Terapeuten hennar fortalde ho òg at «du må lære å akseptere dette», som om påtvinga transkjønnsideologi er fullstendig normalt for ein prepubertal gut som er forvirra over sitt rotete liv.
Transsekta øydelegg liv, eitt barn om gongen
I filmen Dead Name finn vi òg historia om ein gut ved namn Sean som brukte å elske å spele gitar, hockey og sparke fotballar frå ein tekopp frå eit servise som familien fekk til jul ein gong. No er Sean besett av den falske ideen om at han er ei jente, og av kjønnsskiftehormona som han trur vil gjere han om til ei.
Korleis gjekk Sean frå å vere ein normal gut til å få ei transkjønns-omfamnande psykisk liding? Vi blir fortalt at han utvikla kreft som barn og måtte amputere eitt av beina. Tre år etter det utvikla han leukemi og vart seinare diagnostisert med tjukktarmskreft i fjerde stadium. Broren hans døydde òg av heroinoverdose følgt av det uventa dødsfallet til mora deira.
Desse trauma vart utnytta av medlemmer av ei transsekt ved Rochester teknologiske institutt (RIT), som pusha kjønnsskifte-hormon på han trass at endokrinologen hans burde vete betre; han åtvara Sean om at han kunne døy – og det var nøyaktig det som skjedde: Sean døydde.
Faren til Sean seier at han trur at medisinane tok knekken på sonen, og at det var lite han kunne gjere for å unngå Seans død fordi resten av familien hadde isolert sonen frå faren, som var ein av dei få som prøvde å beskytte Sean frå transsekta.
«Dei stengde han totalt ute,» skriv [Austin] Ruse [i Crisis Magazine]. «Bill (faren til Sean) gjekk til ein psykiater som fortalde han at han var ein mishandlande far og at sonen hans ‘definitivt var trans’. Tok psykiateren til ettertanke krisa og kaoset i Seans liv? Vedvarande kreft. Ein amputert lem. Rusavhengig og død bror. Død mor… Nei. Han var trans, fullstendig trans, ugjenkalleleg trans.»
Den tredje historia går i same leia, sjølv om den handlar om ei ung jente som var overbevist om at ho eigentleg var ein gut. Ved hjelp av ein «lege» frå Planned Parenthood, gjekk jenta transvegen slik som dei andre.