Anonym artikkel skuldar uvaksinerte for å ikkje åtvare vaksinerte mot å ta covid-«vaksine»

På nettstaden iqfy.com dukka det nyleg opp ein artikkel som kjem med følgjande påstand: uvaksinerte visste om farane til covid-«vaksinane», men gjorde ingenting for å åtvare dei som tok dei. Artikkelen byrjar på følgjande måte (Saksyndig si omsetjing):

«Uvaksinerte visste det som vi ikkje visste. Somme av dei sa for lite. Mesteparten sa ingenting i det heile. No har dei mykje blod på hendene.

I det verda strevar med å ta til seg dei øydeleggjande effektane av covid-19-pandemien, driv eitt spørsmål stadig og dukkar opp til overflata: kvifor gjorde ikkje uvaksinerte meir for å åtvare oss om dei potensielle farane ved å bli injiserte.»

Det har ikkje lukkast meg eller andre å finne ut kven som har skrive artikkelen. Publiseringsdato ser òg ut til å mangle.

Artikkelen hevdar vidare at «uvaksinerte hadde tilgang til viktig informasjon om dei potensielle biverknadene til vaksinane. Dei visste om risikoen for alvorlege allergiske reaksjonar, blodproppar og andre alvorlege helsekomplikasjonar. Dei visste at vaksinane ikkje gav oss immunitet. Dei visste at dei ikkje var effektive, og at dei kan forårsake meir skade enn godt.

Dei visste om alt dette, men i staden for å åtvare oss, valde dei uvaksinerte å forbli stille.»

Og vidare:

«Stillheita til uvaksinerte var ei farleg, sosiopatisk og uansvarleg avgjerd som har fått alvorlege konsekvensar for dei av oss som tok vaksinane. Og stillheit er trass alt samtykke.»

Uvaksinerte burde vidare ta ansvar for handlingane sine og arbeide med «resten av oss» for å finne ei løysing på denne krisa. I tillegg burde uvaksinerte be vaksinerte om tilgjeving for sin «egoisme» og «mangel på handling». Artikkelen avsluttar med at vaksinerte burde tilgje uvaksinerte «fordi vi er gode menneske. Vi tok dei injeksjonane fordi det var den rette tingen å gjere – heilt til det ikkje var det.»

Når det gjeld splitt-og-hersk, manipulasjon, villeiing, projisering og fornekting av realitetar, tek denne artikkelen kaka. Om den berre er satirisk eller faktisk meiner alvor, er uvisst. Men det som er heilt sikkert, er at uvaksinerte gjorde alt i si makt for å åtvare både om bløffdemien og dei eksperimentelle mRNA-injeksjonane, og for det vart vi latterleggjort, sensurert, stengt ute frå sosiale media og kalla ting som «konspirasjonsteoretikarar», «anti-vaxxers» og til og med «antistatlege», det siste av PST i deira skandaløse trugselvurdering frå byrjinga av 2022. I mange andre land vart uvaksinerte nekta å handle mat, reise, gå på utestader, konsertar, kino og andre arrangement. Mange har mist jobbane og fått karrieren og sitt gode namn og rykte øydelagt av eit synkronisert og særs vondsinna maskineri. Toppen av hykleri og vrangførestillingar blir dermed no å skulde oss for å ikkje ha gjort noko for å åtvare mot «vaksinane».

Den norske forfatteren og bloggaren Bjørn Andreas Bull-Hansen kom over artikkelen forleden, og her kan du sjå hans engelskspråklege kommentar til den. Det ironiske er at sidan det er ein YouTube-video, kan han ikkje nemne ordet «vaksine» eller «vaksinert», for då blir videoen sensurert.

Eg håper artikkelen er eit mislykka forsøk på satire. Om den ikkje er det, so overraskar det meg heller ikkje.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s