Henta frå RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.
Kanadiarar samla seg på Parliament Hill og CBC sitt hovudkvarter for å minnast eittårsdagen for Freedom Convoy
RAIR Foundation USA møtte opp i Ottawa, Canada, no i helga for å filme eittårsfeiringa av lastebilsjåføranes Freedom Convoy mot covid-restriksjonar i fjor vinter.
Eit kvartal unna festlegheitene samla ei gruppe demonstrantar seg utanfor hovudkvarteret til Canada sin kontroversielle rikskringkastar CBC for å protestere mot kanalen si splittande og uetiske rapportering.
«Dagen var festleg og minna oss om atmosfæren då konvoien fyrst kom til hovudstaden i slutten av januar 2022. Det vart spelt musikk og folk vart sett vifte kanadiske flagg for å minnast lastebilrørsla som fekk folk frå alle bakgrunnar i heile landet til å be om avskaffing av vaksinepåbod og andre restriktive pandemi-folkehelsetiltak,» rapporterte The Epoch Times.
På veg til arrangementet møtte RAIR på ein sørafrikansk tidlegare kanadisk statsborgar som åtvara kanadiarane om at dei var på veg ned den same undertrykkjande stien i hans tidlegare heimland. Den kanadiske statsministeren Justin Trudeau og hans venstreorienterte regjering slår sakte i stykke borgarane sin fridom. Men, la han vekt på, «vi har privilegium, ikkje fridom, som er noko heilt anna.»
Ein demonstrant, Ari, tala til ei folkemengd som hadde samla seg framfor Canada sin nasjonale kringkastar, CBC TV and Radio sitt hovudkvarter. Han minte borgarane på informasjonskrigen som blir ført mot det kanadiske folket av den statlege kanalen med skattebetalarane sine pengar.
Det kanadiske mediepropagandabyrået «er ikkje lenger media; det har blitt forvandla av denne regjeringa til eit tyrannivåpen,» sa han. «Dei er ikkje ute etter å informere, men å manipulere og bedra.» CBC skriv til og med historier før dei finn stad, forklarer Ari; dei er ikkje interesserte i sanninga, men pushar i staden sine eigne politiske agendaer.
Nestemann som snakka var John, som trur CBC har begått utilgjevelege brotsverk dei siste åra under covid. Som mange kanadiarar vil han at CBC-aktivistar som gjev seg ut for å vere journalistar, skal haldast rettsleg ansvarlege for brotsverka som nyheitsbyrået har hjelpt til med å utføre.
Etter CBC-demonstrasjonen flytta mengda seg til Parliament Hill for ein dansefest for å feire dei tre vekene av Freedom Convoy. Ein medlem av Veterans for Freedom var til stade på demonstrasjonen og spelte «Oh Canada» [Canada sin nasjonalsong; oms.an.] på blikkfløyte. Medlemmen var del av Canada sitt militærband.