Mange som har blitt skadde av covid-«vaksinen» tek no sine eigne liv

Av Kevin Hughes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Brianne Dressen, ei tidlegare førskulelærarinne som vart skadd av Wuhan koronavirus (COVID-19)-vaksinen, klaga seg over at mange som ho har begått sjølvmord.

«Der er eit stort fleirtal av menneske som faktisk fullfører sjølvmord i covid-vaksineskade-verda. Dei har ikkje ein støttande familie,» fortalde ho Jan Jekielek, verten i Epoch TVs American Thought Leaders i programmet si utgåve frå 19.januar.

«Der er berre to som eg kjenner til som kom frå familiar som var støttande og som såg til dei. Resten var folk som hadde familiemedlemmer som hadde forlate dei.»

Dressen fortalde Jekielek at ho var heldig som hadde ein støttande familie, som ho sa er den einaste grunnen til at ho framleis er i live. Hadde ho vore utan ein familie til å støtte ho, hadde ho vore død no, og barna hennar hadde mist mora si. Dressen nemnde òg ektemannen sin, som trudde på ho, validerte ho og stod bak ho kvart steg av vegen.

Bortsett frå dei vaksine-induserte alvorlege reaksjonane ho leid av, slik som tinnitus og elektriske kjensler over heile kroppen, opplevde ho òg søvnløyse og ønske om sjølvmord. (Relatert: Dokument og videoar avslører livstrugande biverknader av COVID-19-vaksinar.)

I tillegg klaga ho òg over korleis legar nektar å ta rapportar om vaksineskadar på alvor. Dressen sa at dei fleste medisinske profesjonelle tilskreiv helseproblema hennar forårsaka av covid-19-vaksinen «angst».

Dressen innrømte at det var vanskeleg å handtere og lære seg å leve med tilstanden ho hadde. Ho kom til det punktet der ho ville gjere slutt på alt, og skreiv avskjedsbrev til sine to barn. Derimot innsåg ho at ho trong å tenkje klart, overvinne problema sine og lære å akseptere tilstanden sin for barna si skuld.

«Eg har eit val kvar dag når eg vaknar opp. Eg har eit val om å akseptere at kroppen min er elendig og verkjer. Det tydar ikkje at eg synest det er greitt, men det tydar at eg kan akseptere det og seie ‘ja, dette er ein del av livet mitt’.»

Vaksineskadd kvinne tok livet av seg fordi familien forlét ho

Den tidlegare førskulelærarinna delte òg historia om ei kvinne som leid av covid-19-vaksineskade. Kvinna valde å ta livet av seg gjennom Canada sitt medisinsk assistanse til å døy-program [MAiD; Medical Assistance in Dying], etter at ho vart forlaten av familien sin.

«Rg veit at folk berre ser på dette som eit tal, men det er eit ekte menneske. Det er nokon som fortente betre, og det er nokon som fortente i det minste eit minimum av verdigheit og respekt. Ho hadde ikkje noko val rundt kva som skjedde med ho,» sa Dressen.

«Ho burde ha vore akkurat som ein kreftpasient. Ein kreftpasient får sin diagnose. Dei sette seg ned med familiemedlemmene sine og deira medisinske team. Og dei sa ‘greitt, her er ein plan. Familie, dette er korleis de kan støtte denne personen’.»

Dressen, derimot, klaga at «det motsette skjer her».

«Du får ein reaksjon og bom, du er ferdig. Det finst inga hjelp for deg, og hjelpa som du får kjem til å kome frå tilfeldige folk du finn på Internett.»

Brianne Dressen sitt interju med Jan Jekielek kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s