Av Cassie B., Natural News. Omsett av saksyndig.
I eit forsøk på å auke mangfaldet i styrken for ein kvar pris, har London Metropolitan Police lågna standarden sin og rekrutterer no betjentar som er vurdert som «i praksis analfabete» i engelsk.
Dette er ifølgje ein medlem av His Majesty’s Inspectorate of Constabulary, Matt Parr, ei politivaktbikkje. Medan Parr vedgjekk at det er «nobelt og riktig» for Scotland Yard å ta steg for å hyre fleire etniske minoritetar, trur han at tilsetjingsstandarden ikkje burde lågnast for å oppnå dette.
Til The Telegraph seier han at han trur at London ikkje burde ha nesten berre kvite som politi, spesielt når ein ser på det faktum at kvite sannsynlegvis vil bli ein minoritet i byen i løpet av dei komande ti åra.
Han forklarte: «Det er tydeleg feil. Det er ikkje berre feil frå eit legitimitetssynspunkt, og frå synspunktet om korleis dei framstår, det er òg operasjonelt feil fordi det tydar at The Met [Metropolitan Police] ikkje får innsyn i somme av dei samfunna dei er politi for, og som har forårsaka problem i fortida.»
Derimot sa han at presset for mangfald ber med seg risikoen for «å rekruttere feil folk». Til dømes meddelte han å ha høyrt betjentar under opplæring som, ifølgje han, «i det minste på papiret i praksis er analfabete i engelsk». Dette tydar at i somme område har desse nye tilsette vanskar med å skrive politirapportar om brotsverk.
Tidlegare Met-kommisjonær Cressida Dick, som var den fyrste openlyst homofile leiaren i styrken, starta ein prosess for større mangfald som vart støtta av byens venstreorienterte ordførar, Sadiq Khan. Dei lovde i 2014 at byen skulle rekruttere 40% av sine nye politibetjentar frå asiatiske, minoritets- og svarte samfunn innan 2023. derimot, sjølv med denne kampanjen og reduksjon av leseferdigheitskrava for å tilpasse seg minoritetar, er prosentdelen av ikkje-kvite politibetjentar som for tida tener i London, framleis under 17%.
Met-politiet bruker visstnok òg sokalla «rasisme-oppfangarar» som studerer blivande politibetjentar og vurderer om dei har raserelaterte eller andre typar fordommar. Dei har òg brukt fleire titals millionar pund på det dei kallar «likskapstrening»-program og «mangfalds-, inkluderings- og likskapsbetjentar».
Dicks etterfølgjar, met-kommisjonær sir Mark Rowley, har sagt at han vil fokusere mindre på å møte mangfaldsmål og meir på å tilsetje dei beste betjentane som mogleg.
Politiressursar er allereie strekte ut i London
Politiressursar er for tida so strekte i byen at somme større butikkar i praksis har gjeve opp å ringje politiet for hjelp med butikktjuvar, og hyrar i staden sine eigne privatbetjentar for å arrestere dei.
Fortnum og Mason sa at dei «miste trua på politiet» då naskenivået steig i takt med levekostnadskrisa. I fjor fall tiltalane for nasking til rekordlåge 16,8%, berre halvparten av dei 30,8% ein såg fem år tidlegare. Fleire hundre tusen naskehendingar forblir visstnok ustraffa sidan overarbeidde politikontor over heile Storbritannia har slutta å rykkje ut til enkelte typar brotsverk.
I mellomtida har biltjuveri i praksis blitt avkriminalisert, med ein oppklaringsrate på 0,5%. I 2015 erklærte leiaren i National Police Chiefs’ Council at betjentar ikkje ville vere i stand til å rykkje ut til somme innbrot på grunn av mangel på ressursar, medan to tredjedelar av desse brotsverka ikkje vart etterforska.
Sjølv om det gjev meining for ein politistyrke å gjenspegle menneska dei er politi for til ei viss grad, kjem det å lågne standarden og late analfabete betjentar inn i styrken berre for å tilfredsstille ein woke-agenda, berre til å føre til meir skade på ein by som allereie lid av aukande kriminalitet.