Av Cristina Laila, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
Ein YouTube-insider lak «urgent guidance»-dokumentet [«hasteretningslinjer»] som vart sendt til tilsette, der det står korleis dei skal handtere Project Veritas si bombe av ein video der dei eksponerer Pfizer.
Førre veke publiserte Project Veritas ei bombe av ein undercover-video av ein Pfizer-direktør som innrømte at farmasiselskapet dreiv og eksperimenterte med farleg gain-of-function på covid-19 for å tene meir pengar på vaksinar
Onsdag kveld [25.januar 2023] offentleggjorde Project Veritas ein eksplosiv video av Jordon Trishton Walker, Pfizer-direktør for forsking og utvikling, strategiske operasjonar, som innrømte at farmasigiganten utforskar «mutasjon» av covid-19 via «styrt evolusjon», slik at selskapet kan halde fram med å profittere på vaksinar.
«Ein av tinga vi utforskar er, liksom, kvifor tek vi ikkje berre og muterer det [covid] sjølve, so vi kan skape – som førebyggjande tiltak utvikle nye vaksinar, ikkje sant? So, vi må gjere det. Dersom vi skal gjere det, er der derimot ein risiko for, liksom, som du kan førestille deg – ingen vil ha eit farmaselskap som muterer jævla virus,» fortalde Walker undercover-journalisten frå Project Veritas.
YouTube skreid til verket og sletta Project Veritas sin undercover-video av Pfizer-direktøren.
Ifølgje Project Veritas-grunnleggjar James O’Keefe, hadde videoen meir enn 800 000 visningar på YouTube då den vart fjerna.
Ein YouTube-insider lak dokumentet som førde til slettinga av den oppsiktsvekkjande videoen.
YouTube sa at Project Veritas-videoen braut covid-19-retningslinjene deira.
Project Veritas braut retningslinjene for å (korrekt) seie at «covid-vaksinar er ineffektive mot virusvariantar».