NATO held fram avvæpninga si

Henta frå Moon of Alabama. Omsett av saksyndig.

NATO held fram sitt avvæpningsoppdrag.

«Frankrike skal sende 12 ekstra, kraftige Caesar-haubitsar til Ukraina

Den franske forsvarsministeren Sebastien Lecornu si erklæring om at Frankrike vil sende 12 ekstra Caesar-haubitsar til Kyiv [Kiev] er ‘tydelegvis viktig for ukrainarane, spesielt Caesar-artillerisystemet,’ sa FRANCE 24 sin leiande utanriksredaktør Robert Parsons.

‘Dei har vore særs vellykka i Ukraina, so ukrainarane er eg sikker på vil glede seg over å få 12 fleire. Eg trur det til saman vil bli meir enn 40 no, nærare 50, Caesarar i Ukraina’.»

Frankrike har berre 77 Caesar-haubitsar igjen. Andre er derimot dårlegare stilt.

«Estland sender alle sine 155-mm haubitsar til Ukraina

Estland vil donere alle sine 155-mm haubitsar til Ukraina som del av sin mest omfattande militærbistand til dags dato.

Pakken, som tidlegare var rapportert å vere verdt 113 millionar euro (122 millionar dollar [vel 1,2 milliardar norske kroner; oms.an.]), er venta å forsterke Kyiv si forsvarsevne under ein periode med vedvarande russisk aggresjon.

Estland opererer for tida 24 NATO standard FH-70 taua haubitsar.

Bortsett frå haubitsane vil Tallinn sende tusenvis av 155-mm artillerigranatar og hundrevis av Karl Gustaf antistridsvogn-granatkastarar.»

Vi veit korleis alt det artilleriet vil ende opp.

For fleire veker sidan lanserte Russland ein spesial-kontraartilleri-kampanje. Der er kontraartilleri-radarar sett av til det føremålet, elektronisk krigføring og luftborne overvakingssystem og langtrekkjande artilleribatteri med presisjonsammunisjon engasjert i denne.

So i dag gjorde eg litt stabsarbeid og oppsummerte den påståtte artilleriøydelegginga slik den vart lista i den daglege «kvestelista» som kjem frå det russiske forsvarsministeriet.

Her er resultata.

I løpet av dei siste sju dagane påstår Russland å ha øydelagt totalt 40 lastebildregne haubitsar, 32 sjølvgåande haubitsar, 8 fleirrakettkastar-system (MRLS [Multiple Rocket Launcher Systems]), 15 kontrartilleri-radarar og 23 lokale artilleriammunisjonsdepot.

På toppen av det engasjerte dei ukrainske artilleriposisjonar med normal kontraeld i 651 tilfelle. Dette skal ha forårsaka tilleggsskade og -tap.

I tillegg vart 55 MLRS-rakettar og HARM antiradarmissil avbrotne av russiske forsvarssystem.

Dersom du trur at feltrapportane som ministeriet får overdriv tala, som er sannsynleg, ta rett og slett og del dei i to.

På berre éi veke var det likevel meir enn Estland og Frankrike lover å levere.

I går forklarte eg kvifor ein NATO eller amerikansk intervensjon med bakketroppar er usannsynleg. Vi kan leggje til den akutte mangelen på NATO-artilleri og artilleriammunisjon til grunnane.

NATO har avvæpna sine eigne bakkestyrkar og er ikkje lenger stridsdyktig.

3 comments

  1. Det kan sjå ut som FN eller WEF held på å bygge opp ein ny hær. Ukraina vert brukt for å finansiere og utstyre denne hæren. (I tillegg til m.a. våpena USA etterlot i Afganistan) Vitner fortel om soldatar som vert opptrente like ved Tyrkia. Unge menn vert bussa inn i Europa og USA – dei kjem med sin koffert og er innlosjerte på hotell. Når nokre av dei har vorte spurde, har dei sagt at dei er militære og får lønn av landet dei er komne til. Når den vestlege verden er nok nedbygd og folket endeleg røyser seg , står den nye verdensordenen med sin hær klar –
    http://www.stopworldcontrol.com – for litt enkel innføring i kva krefter som er i sving

    Likar

    • Stop World Control inneheld mykje interessant informasjon, inkludert ein ny dokumentar der Reiner Füllmich intervjuar ein tidlegare FN-tilsett, som seier at FN er styrt av kriminelle oligarkar.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s