Video har dukka opp av CDC-tenestekvinne som ber om FOLKEMORD på kvite for å fjerne alle vaksinenektarar i USA

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Ei tenestekvinne som tente på CDC sin rådgjevingskomité for immunisering [Advisory Committee on Immunization] under Obama-administrasjonen, har blitt fanga på video der ho ber om folkemord på kvite i USA for å fjerne dei som nektar vaksinar.

Videoen, som kan sjåast i dagens Situation Update-podcast [31.januar 2023] viser dr. Carol Baker som tilbyr «løysinga» si på kamera:

«So eg har løysinga. Kvar studie som har blitt publisert i løpet av dei siste fem åra, når de ser på vaksinenektarar… Eg snakkar ikkje om… nøling, flesteparten av dei kan vi overtale til å høyre på fornuft. Men dei som nektar. Lat oss rett og slett kvitte oss med alle kvite i USA… Gjett kven som ønskjer mest å bli vaksinert? Innvandrarar.»

Denne historia vart rapportert av Newspunch og fleire andre alternative nyheitsformidlarar. Videoklippet ser ut til å vere merkt med National File [ein annan alternativ nyheitsformidlar; oms.an.]. Vi er ikkje sikre på kven som fyrst oppdaga dette videoklippet, og vi vil med glede gje dei æra for det på ein passande måte.

Dr. Bakter skal seiast å ha band til Pfizer so vel som til Bill & Melinda Gates Foundation. Som Newspunch rapporterer:

«Det er verdt å nemne at Baker vart utpeikt til leiar i CDC sin rådgjevingskomité for immunisering av dåverande helse- og omsorgsminister Kathleen Sebelius i 2009. Houston-legen vart òg æra med Sabin Vaccine Institute sin Albert B. Sabin-gullmedalje i 2019 i ein Washington D.C.-seremoni sponsa ‘delvis av Bill & Melinda Gates Foundation og Pfizer’.»

Det at dr. Baker ser ut til å be om folkemord på kvite i USA – der alle kvite skal bli fjerna og erstatta av innvandrarar – er konsistent med dei vondsinna måla til både Biden-regimet og globalistane. Dei ønskjer den regelrette elimineringa av milliardar av menneske på planeten og ei éiverdsregjering som herskar over dei slavebundne, fattige massane. Medan vaksinar gjev ein enkel måte å fjerne dei lettlurte, lydige, uvetande massane, blir dei som nektar å ta vaksinane no gjenstand for andre former for forsøk på folkemord.

Mat- og energiinfrastruktur blir plukka frå kvarandre for å oppnå kollaps

Både mat- og energiinfrastruktur blir bevisst plukka frå kvarandre for å få den amerikanske økonomien til å kollapse og drive massane ut i armod og hungersnaud. Frå synspunktet til dei antimenneskelege globalistane fangar denne taktikken vaksinenektarane som er for smarte til å bli lurt til å begå vaksine-assistert sjølvmord.

Sidan alle et, vil ein kollaps av matforsyningskjeden påverke alle, om dei er vaksinerte eller ikkje.

Som eg nemner i dagens podcast, arbeider Demokratane òg med å sleppe laus massevald i byane som ein annan måte å drepe amerikanarar og erstatte dei med innvandrarar. Dette blir oppnådd ved å fjerne midlar frå politiet, sleppe valdelege kriminelle ut av fengsel (noko Demokratar stadig gjer), og førebu ei finansiell tilbakestilling som nesten med éin gong vil føre til lovløyse og kaos i gatene når bankar, minibankar og matkupongar sluttar å fungere.

I dette korte klippet frå den nye dokumentarserien Breaking Point, forklarer David DuByne korleis vi kjem til å gå tilbake til ein 1800-talstilværelse når den vestlege avindustrialiseringa er i gang.

CDC, FDA, Biden-regimet og globalistleiarane er I KRIG mot menneskerasen

Forstå at vaksinar er berre éin vektor som blir sett i verk for å oppnå global avfolking. Matkollaps, energikollaps, finanskollaps og globale krigsplanar utgjer andre vektorar. Det er grunnen til at det er kritisk viktig å sjå den nye Brighteon-dokumentarserien Breaking Point, som kjem i 12 delar i løpet av dei neste 12 vekene. Episode 1, som dekkjer finanskollaps, har akkurat blitt publisert. Du kan sjå den her. (11 fleire episodar er på veg…)

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 31.januar 2023. Mike Adams er eigar og grunnleggjar av Brighteon, og med på å produsere dokumentarserien Breaking Point.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s