Kjendisar ber om «total Hollywood-streik» til sistemann av oss er vaksinert

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ei gruppe liberale Hollywood-kjendisar trugar med ein «massiv, altomfattande streik» fram til alle som éin av oss er vaksinerte. Gruppa, som skildrar Hollywood som «basen for heile den moderne amerikanske kulturen», hevdar òg å snakke på vegner av «menneskeheita sin betre natur».

«Det er på tide at folk forstår at vi er dei som sit med makta, og at publikummet vårt er der for å tene oss, ikkje motsett,» sa ein talsperson for gruppa i ei pressemelding.

«Vi ber om ein generalstreik som vil inkludere kvar einaste person som er involvert i å lage film i Hollywood, frå skodespelarane og kjendisane sjølve, og til selskapa som lagar rekvisittar, filmsuvenirar og til og med suvenirbutikkar.»

Rosie O’Donnell, Jenifer Aniston, Gwyneth Paltrow og Gene Simmons er blant dei dusinvis av artistane, underhaldarane og aktivistane som har festa namna sine til ein innsats som ber om ein månadlang streik for å oppmuntre dei som dei kallar «vaksine-unnasluntrarane» å underkaste seg sprøyta.

«Millionar av menneske i USA og rundt om i verda er fylde med djup angst, frykt og mistillit. Kvalane våre er rette og rimelege. Sinnet vårt må no bli om til massiv motstand – før anti-vaxxers får blod på tann og ikkje vil gjere plikta dykkar vil bli normalisert for menneskeheita.»

Andre Hollywood-kjendisar som òg har slutta seg til kampanjen, der derimot om ein altomfattande streik som vil famne om heile filmindustrien, i håp om at slikt eit trekk vil oppmode vanlege amerikanarar til å revurdere si avgjerd om å unngå covid-19-vaksinar, trass fjellet av evidens som har dukka opp nyleg, som beviser at sprøytene er ein folkehelsefare.

På spørsmål om å utbrodere kvifor gruppa har Hollywood som mål av alle industriane i landet som sitt forhandlingskort, argumenterte talspersonen at Hollywood «er, for å seie det enkelt, basen til heile den moderne amerikanske kulturen. Det er grunnsteinen i landet, so å seie, limet som held det saman. Og tenk på kva som skjer når du øydelegg grunnfundamentet i eit hus. Det fell saman, ikkje sant?»

«Vel, det er nøyaktig kva som kjem til å skje med USA med mindre uvaksinerte innser kor reell faren er for det, og dermed vel å friviljug brette opp ermet og bli injisert. Og medan vi er inne på temaet, mellom deg og meg – ingen vil at Hollywood skal slutte å gjere greia si, men dette er eit naudsynt trekk.»

Jennifer Aniston tek den planlagde streiken endå lenger, og trugar vennene sine med at ho aldri vil snakke med dei igjen, med mindre dei tek sprøyta.

Aniston avslørte til InStyle-bladet i september at ho har fjerna namnlause personar frå livet sitt fordi dei nektar å bli vaksinerte.

Sidan den tid har Aniston vore over heile det sosiale media og prøvd å rettferdiggjere posisjonen sin, og truga med å gå endå lenger.

«Dersom du har varianten, er du framleis i stand til å overføre den til meg,» svarte Aniston.

«Eg kan bli lite grann sjuk, men eg vil ikkje bli sjukehusinnlagt eller døy,» utbroderte ho. «Men eg kan gje den til nokon som ikkje har vaksinen, og som har svekt helse (eller har ein tidlegare eksisterande tilstand) – og difor vil eg setje liva deira i fare.»

Ho la til: «Dét er grunnen til at eg uroar meg. Vi må bry oss om fleire enn berre oss sjølve,» før ho la ut eit bilete av eit broderi der det står: «Det som ikkje drep deg, muterer deg og prøver igjen.»

Ifølgje KISS-frontfigur Gene Simmons [eigentleg bassist, andrevokalist og medgrunnleggjar; oms.komm.], må uvaksinerte bli identifiserte og tvinga til å late seg vaksinere, fordi desse menneska er hans «fiendar».

Ifølgje Gene Simmons får du ikkje lov til å vere i nærleiken av han med mindre du er vaksinert «fordi du får ikkje lov å smitte nokon ‘berre fordi du trur du har rettar som er vrangførestillingar’.»

Mariah Carey har òg slutta seg til følgjet, og erklært at «vi står i dette alle saman», medan ho krev at uvaksinerte skal misse retten til å ta sine eigne medisinske avgjerder.

Men det er ingenting samanlikna med Gwyneth Paltrow, som har nytta høvet til å profittere på pandemien. Ifølgje Paltrow må du, dersom du har long covid, bruke 8600 dollar [86 000 kroner] på ei rekkje spesialprodukt frå Goop, og deretter vil du bli heilt fin.

Vel, det er ikkje meir skamlaust enn påstandane som kjem frå Pfizer, Moderna, Tony Fauci og Bill Gates…

Derimot er det ikkje berre galskap og vrangførestillingar i kjendisverda. Matthew McConaughey kom nyleg med tankane sine om covid-vaksinen, og medan han innrømte at han og kona har blitt vaksinerte, avslørte han at han ikkje vurderte vaksinen som trygg nok for barn enno. Og han trur iallfall ikkje at vi burde ta vekk folk sin rett til å velje.

Jessica Biel skil seg òg ut frå Hollywood-gjengen. I juni 2019 dreiv skodespelarinna lobbyverksemd mot California Senate Bill 276, som gav delstaten sitt folkehelsedepartement siste ordet når det gjeld om barn kan få medisinsk unntak frå påkravde vaksinar for å kunne gå på skulen.

Rapparen M.I.A. har nyleg funne Jesus og teke til fornuft. Og Twitter-meldingane hennar er verdt å følgje.

Ifølgje M.I.A., som har hits som inkluderer «Paper Planes» og eit tal Billboard Hot 100 nummer éin-hit i fjor med Travis Scott, burde kvar einaste kjendis som driv og pushar vaksinar, bli halt for retten og bøtelagt for løgn.

Dei sette ein presedens ved å bøteleggje Alex Jones milliardar av dollar. No når ny evidens dukkar opp kvar dag om kor farlege vaksinane er, er det eitt spørsmål vi må stille.

Kor mykje burde kjendisar med reell påverknadskraft over lettimponerte menneske bli tvinga til å betale i erstatning for å pushe sprøyta og øydeleggje liv?

Sjå Newspunch sin video om artikkelen her.

One comment

  1. Kan ikke Mariah Carey ta et par tre doser til, oppå det ho forhåpentligvis har fra før, så er vi kvitt ho. «Musikken» hennes var en grusom lidelse gjennom hele 1990-tallet. Hyling og piping hele veien.
    Også kan gjerne Jennifer Aniston følge på…..😉

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s