Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Medan det prostituerte propagandamedia absurd nok påstår at Russland trekkjer seg tilbake og NATO-styrkar vinn krigen i Ukraina, er sanninga langt meir edrueleg: NATO har allereie tapt krigen mot Russland. Slik veit vi det:
Ein landkrig med ei større militærmakt er ein langdryg snigelfest som krev vedvarande forbruk av enorme mengder materiell: Artillerigranatar, rakettar, missil, småvåpenkuler og so vidare.
For å forsyne med dette materiellet må ein kjempande styrke bli støtta av ein sterk materiellproduksjonsinfrastruktur eller ha digre lager som kan halde krigen gåande medan forsyningar går tomme. USA har ingen av delane. Ingen tilstrekkjeleg store lager og ingen eksisterande infrastruktur for produksjon av materiell som kan halde tritt med Russland, som til tider har brukt opp til 20 000 artillerimagasin per dag. (Obs: Den eksisterande materiellinfrastrukturen i USA kan ikkje ein gong kverne ut so mange magasin i løpet av ein heil månads produksjon…)
Ta denne nylege artikkelen frå Breitbart.com: Endless Arms Flow to Ukraine Raises Worry over U.S. Military Readiness Against China [«endelaus våpenflyt til Ukraina skaper bekymring rundt amerikansk beredskap mot Kina»], som åtvarar at amerikanske presisjonsstyrte våpen og ammunisjon vil gå tomme på berre ei veke:
«Ein nyleg publisert tenkjetank-analyse åtvara at slik stoda er no, vil USA gå tom for langtrekkjande, presisjonsstyrt materiell i ein krig mot Kina om Taiwan på mindre enn ei veke – eit problem som forfattar Seth Jones kalla ‘tomme bingar’.
‘USA har vore seine med å gjenoppfylle arsenalet sitt, og Forsvarsdepartementet har verre kontraktert ein brøkdel av våpena dei har sendt til Ukraina,’ skreiv Jones, som er senior-visepresident i Center for Strategic and International Studies (CSIS).»
USA manglar råmateriale og arbeidspool for å operere materiellfabrikkar i stor nok skala
Desto viktigare, for å produsere slikt materiell – sjølv om du har infrastruktur-fabrikkane som kan spy dei ut – må du ha: 1) råmateriale (metall, kretsar, cotton linters, osb.) og 2) ein arbeidspool som er tilstrekkjeleg utdanna og motiverte til å arbeide på fabrikkar.
Dersom du aldri har høyrt om cotton linters, er dei ein kritisk komponent som ein treng for å lage artillerimagasin. Primærkjelda er Kina, og Kina sin eksport av cotton linters ligg for tida ni månader etter skjema, noko som skaper styr i Tyskland sin materiellproduksjon. Som Nikkei Asia rapporterer:
«Tyske materiellprodusentar alarmerte på eit nyleg forsvarssymposium i nærleiken av München at leietida for bestillingar av cotton linters frå Kina – ein nøkkelkomponent for å skyte ut ladningar i både småvåpen og artilleri – har tredobla seg opp til ni månader, rapporterte tyskspråklege Die Welt.
Medan cotton linters er eit varemateriale produsert og handla med i heile verda, siterte rapporten namnlause industrikjelder som seier at alle europeiske produsentar av våpen og ammunisjon stoler på Kina for å få dei.
Dei massive flaskehalsane i råmaterialeforsyninga ‘gjeld spesielt ammunisjon og spesialstål,’ fortalde Wolfgang Hellmich, talsmann for forsvarsaffærar for det styrande Sosialdemokratiske partiet (SPD) til Nikkei Asia.»
USA manglar innanlands råmateriale-produksjon so vel som eit påliteleg, utdanna, innanlands arbeidspool. Unge amerikanske menn og kvinner som tradisjonelt kan ha arbeidd i våpenfabrikkar er ikkje lenger interesserte i å arbeide i det heile. Arbeidsetikken i USA har blitt fullstendig øydelagt, og mesteparten av amerikansk ungdom forventar å motta borgarlønn / stimulus-pengar og fungerer berre som forbrukarar i samfunnet, ikkje produsentar.
Pentagon erklærte nyleg at dei kjem til å auke artilleriproduksjonen med 500%, med håp om å kunne produsere 90 000 artillerieiningar i månaden. Dette vart rapportert vidt og breitt i media, men det som ikkje skapte overskrifter er det faktum at fabrikkane som skal produsere desse einingane ikkje eksisterer og må byggjast frå grunnen av. Konstruksjonsprosessen av fabrikkane vil visstnok ta to år, og då reknar ein med at alt vil gå etter planen (noko det aldri gjer). Ei tid etter at desse fabrikkane er bygt og testa, kan ekstra einingar bli produserte. Mest sannsynleg vil desse byrje å dukke opp seint i 2025 eller 2026. Problemet med denne planen er naturlegvis at Russland sannsynlegvis vil slå Ukraina i år (i 2023), fordi Russland har kapasitet til å kverne ut desse høge nivåa av materiell akkurat no.
USA og NATO kan med andre ord i teorien skyve materiellproduksjonen i taket for å kjempe ein krig i 2025 og 2026, men ikkje i 2023 og ikkje eingong i 2024. Dette tydar at Russland har eit digert høve til å slå Ukraina og sende NATO grinande heim, lenge før NATO kan skrape saman våpen og ammunisjon til å utgjere ein reell trugsel mot Russlands militære styrkar.
Javelin-missil vil ta fleire år å auke produksjonen… og dei er fleire tiår gamle designmessig
Javelin anti-stridsvognmissil, som det er manko på i amerikanske lager fordi at mesteparten av dei har blitt sendt til Ukraina, skal ein òg etter planen auke produksjonen av; det er Lockheed Martin som her er produsenten. Men toppsjefen i Lockheed Martin ser ikkje ut til å ha ein konkret idé om kor lenge det vil ta å produsere berre 4000 av dei i året – ein liten brøkdel av kva ein vil trenge for å kjempe ein landkrig med ei større militærmakt som Russland. Som DefenseNews.com rapporterer:
«Lockheed Martin har som mål å nesten doble produksjonen av Javelin anti-stridsvognsmissil frå 2100 til 4000 per år, men dei treng forsyningskjeden for å ‘skru opp [produksjonen]’, ifølgje toppsjefen deira.
Medan USA sender Javelin-ar frå sine eigne militærlager til Ukraina sin kamp mot Russland, aukar Lockheed Javelin-produksjonen – men å nå målet kan ta so lenge som eit par år, sa Jim Taiclet sundag på CBS-programmet Face the Nation.
‘Vi har ambisjonar om å ta den [produksjonen] opp til 4000 i året, og det vil ta nokre månader, kanskje til og med eit par år å nå, fordi vi òg må få forsyningskjeden vår til å auke tilsvarande,’ sa Taiclet. ‘Vi trur vi kan nesten doble kapasiteten innan rimeleg tid.’»
So er det månader, eller er det eit år? Og til og med når dette målet om 4000 i året er nådd, løyser det ikkje problemet at Javelin anti-stridsvognssystem er basert på eit fleire tiår gammalt design som ikkje akkurat gjer dei imponerande mot moderne russiske stridsvogner.
Eit anna problem er at det noverande inventaret av Javelin-missil i stor grad har gått ut på dato, noko som gjer dei til blindgjengarar. Ofte avfyrer dei ikkje hovudrakettane og berre ramlar på bakken. Det er fordi dei inneheld interne batteri, og batteria har mist væska.
Kvar Javelin-ammunisjonseining består av 250 mikroprosessorar, seier Defense News. Mange av desse kjem utanfrå USA, noko som tydar at dei truleg kjem frå Taiwan eller andre asiatiske nasjonar. Taiwan står overfor eit komande åtak frå Kina, som nesten heilt sikkert vil inkludere ein marineembargo mot øynasjonen, som blokkerer eksport av mikrochips. Dette tydar at den amerikanske Javelin-produksjonen vil stoppe opp.
Forbløffande nok tok ingen i Pentagon seg bryet med å sikre innanlands kjelder for kritiske materielldelar.
Og det er for seint å skape ein heilt ny forsyningskjede i overskodeleg framtid, sidan slike endringar krev mange år å oppnå.
Russland, på den andre sida, har blitt tvinga til å byggje ut sin innanlands forsyningskjede iallfall sidan 2014, då alvorlege økonomiske sanksjonar vart sette i verk mot nasjonen. 2022-sanksjonane som stengde Russland ute frå SWIFT-finanstransaksjonssystemet tvinga Russland i endå større grad til å lite nesten berre på innanlands forsyningar for jarnmalm, stål, aluminium, kopar, mikrochips, krut og meir. Som eit resultat ligg Russland minst eit tiår framfor USA når det gjeld innanlandskjelder for våpen- og ammunisjonskomponentar.
Det vil med andre ord ta USA eit tiår berre å rekonfigurere sine militære forsyningskjedar til det punkt der dei kan byrje å påliteleg produsere store mengder våpen og ammunisjon innanlands. Men før det i det heile blir ein realitet, vil grøne demonstrantar prøve å stengje ned minene som er naudsynte for å få tak i råmateriale innanlands: kobolt, kopar, aluminium, nikkel, magnesium og so bortetter.
I praksis er ikkje Amerikas foreinte statar lenger i stand til innanlands våpen- og ammunisjonsproduksjon i skalaen som er naudsynt for å føre vedvarande krig med noka seriøs militærmakt: Kina, Russland eller andre. USA og NATO har allereie tapt krigen mot Russland til og med før ei full-eskalering. Der finst rett og slett ikkje den forsyningskjeden og produksjonsinfrastrukturen som krevst for å føre slik ein krig i den verkelege verda, som er grunnen til at det amerikanske utanriksdepartementet set sin lit til falske nyheiter, propaganda og mediekampanjar for å prøve å overbevise det amerikanske folket om at dei vinn ein krig dei eigentleg taper so det ljomar.
Og vi såg tidleg i Biden-regimet sin okkupasjon av Det kvite hus at det amerikanske militæret ikkje eingong kan kjempe mot Taliban utan å stikke sin veg med halen mellom beina, og forlate milliardar av dollar i utstyr som straks fall i hendene på statssponsa terroristgrupper.
Dersom USA ikkje kan kjempe mot Taliban, nøyaktig korleis forventar vi å kjempe mot Russland?
Ingenting av det eg har skrive her so mykje som nærmar seg detaljane av Russlands teknisk overlegne hypersoniske missil, ICBM-ar, anti-luftforsvarssystem i verdsklasse, overlegent artilleri, dronar, elektronisk krigføring og meir. Sjølv om USA og NATO matcha Russland stridsvogn mot stridsvogn, artilleri mot artilleri, ville Russland framleis vinne fordi materiellet deira rett og slett er meir effektivt og påliteleg.
Slik er resultatet av at Pentagon går «woke» og fokuserer på trans-soldatar, oppblåsbare BH-ar for menn og høghæla transvestitt-festar, i staden for å fokusere på å byggje opp eit militære som kan projisere makt og slå geopolitiske fiendar. Under woke-idiot-leiarskapen til Pentagon-leiarane, er dagens amerikanske militære ein skugge av kva det var til og med under Desert Storm. Og på den tida hadde ikkje irakarane atomvåpen, hypersoniske missil, kamikaze-dronar og høgkvalitets anti-luftforsvarssystem.
Eg gjentek: USA og NATO har allereie tapt denne krigen mot Russland. Det ligg allereie i korta. No gjenstår berre at Russland utfører det harde arbeidet som er krigføring for å oppnå sine militære mål. Den einaste måten Russland taper denne konflikten på, er om Russland vel å trekkje seg tilbake.
Det utfallet verkar ufatteleg usannsynleg.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 1.februar 2023.