Av Emily Mangiaracina, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Ein dokumentarfilm vart publisert måndag [30.januar 2023] som trekkjer urovekkjande parallellar mellom nazistane sitt propagandapress i forkant av Holocaust, og dagens psykologiske manipulering av massane under påskotet covid-19.
«Det vi tydeleg ser her er ei gjentaking av dei same varselsteikna som utløyste Holocaust på 1930-talet,» sa den ortodokse rabbien Michoel Green i den fyrste av fem delar av dokumentarserien Never Again av Holocaust-overlevande Vera Sharav.
Green, som resolutt heldt synagogen sin open under massenedstengingane i covid-«pandemien», peikte utan å blinke på det han ser på som ein slåande likskap mellom nazistane sin modus operandi, som var å demonisere jødane, og dagens utstøyting av uvaksinerte.
Green peikte på at i Nazi-Tyskland, sovel som under covid-«pandemien», tok styresmaktene del i «marginaliseringa av den minoriteten, identifiserte minoriteten som ein trugsel mot folkehelsa, eller [som] ein folkehelserisiko.»
«Det er nøyaktig det Goebbels gjorde,» sa Green, der han refererte til Nazi-Tyskland sin propagandaminister Joseph Goebbels. «Det var henta rett ut av nazi-speleboka.»
«Det er ingenting som er meir moralsk forkasteleg enn når ei regjering eller autoritet i ei kvar form erklærer at andre uskuldige menneske er ein folkehelserisiko. Og det speler inga rolle om desse menneska hevdar å gjere slik på ein uskuldig måte, for alles beste, fordi det er det nazistane gjorde òg,» heldt Green fram.
«Men det rettferdiggjer ikkje marginalisering, forfølging og apartheid… Det vi ser i dag er nøyaktig det,» la han til, og alluderte til at dei som ikkje var vaksinerte mot covid-19 hadde forbod mot tilgang til offentlege område mange stader under toppen av covid-utbrotet.
For å setje fokus på den historiske parallellen, fortalde han historia om korleis ein jødisk Holocaust-overlevande vart invitert til å tale i eit ortodoks jødisk college, og til slutt vart avlyst «fordi ho ikkje kunne vise vaksinepapira sine».
«Og dei har blitt dagens formidlarar av tyranni. Av forfølging og marginalisering av mindretalet,» sa Green.
Han tok òg til kraftig motmæle mot «folkemordet» i tryggleikens namn som har blitt utført på stader som Shanghai, og påpeikte: «Menneske blir bokstavleg tala etterlatne for å døy. Og dei blir sperra inne i heimane sine, dei blir nekta næring, vatn, tilgang til medisinsk omsorg, berre for å bekjempe ein usynleg, uformeleg sjukdom. Og det var nøyaktig det nazistane gjorde.»
Visseleg fortel historiske kjelder frå nazi-regimet om korleis «medisinske profesjonelle gjentekne gonger pusha den falske påstanden om at jødar var ansvarlege for tyfus-utbrot – ein dødeleg sjukdom spreidd av lus.»
Green antyda at slike overgrep berre kan finne stad når tryggleik blir opphøga til dei høgste verdiane i eit samfunn. Han argumenterte at den må underordnast fridom, som «er ein verdi som er verdt å døy for».
Rabbien set handling bak ord i dette tilfellet. Green sa at når hans delstatsguvernør bestemte at offentleg gudedyrking var «ikkje-essensielt», «bestemte eg rett der og då, [og] fortalde kona mi ‘vi stengjer ikkje dørene til synagogen vår ein einaste dag’.»
«Kona mi sa, vel, ‘kva om nokon blir sjuke? Kva om vi blir sjuke og døyr?’.»
Green svarte: «Vi må vere klare til å døy. Vi må vere klare til å døy før vi lèt regjeringa stengje ned vår religionspraksis, vår rett til å leve og vår rett til å leve fritt…»
Høyr fleire augeopnande, forbløffande historier og refleksjonar rundt parallellane mellom Nazi-Tyskland og covid-æra-verda, so vel som lite diskutert informasjon rundt dei fem større selskapa som gjorde Holocaust sitt omfang mogleg, ved å sjå del ein av Sharav sin dokuserie her.