Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.
Ideen om amerikansk eksepsjonalisme driv fiendskap mot Russland, har Moskva sin toppdiplomat sagt.
Rotårsaka til konflikten i Ukraina er knytt til Washington si tru om at USA er eksepsjonelt og overtydinga om at dette visstnok rettferdiggjer dominansen deira, har Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sagt.
Under eit intervju med russisk TV torsdag [2.februar 2023] oppmoda toppdiplomaten folk om å «grave djupare» i sin analyse av konfrontasjonen. Amerikanske tenestepersonar trur at USA er «ein eksepsjonell nasjon, ulik nokon annan i verda,» og at dei har ei plikt til å styre, fordi elles «vil det bli kaos».
Lavrov siterte ein meiningsartikkel av Jake Sullivan, nasjonal tryggleiksrådgjevar for president Joe Biden, som vart publisert i tidsskriftet The Atlantic i 2019.
«Ingen visjon av amerikansk eksepsjonalisme kan lykkast om USA ikkje slår den oppdukkande visjonen som legg vekt på etnisk og kulturell identitet,» skreiv han på den tida. Frasen refererte til amerikansk innanrikspolitikk og korleis den påverkar «kjerneføremålet til amerikansk utanrikspolitikk».
Lavrov kalla kommentaren «frykteleg» fordi den nektar andre folkeslag «retten til å hugse historia si». Den amerikanske regjeringa anvender dette prinsippet globalt, antyda han.
«Akkurat som dei smelta i ein digel alle som kom til Amerika, vil dei no smelte alle andre, so dei essensielt blir amerikanarar,» sa ministeren.
«Denne eksepsjonalismen, denne absolutte overtydinga om at dei er feilfrie og overlegne – eg er sikker på at dette er hovudgrunnen til at vi no konfronterer nasjonane som fører ein stadfortredarkrig mot oss gjennom Kiev-regimet.»
Russland sendte troppar til Ukraina i februar i fjor, og grunngav det med NATO sin krypande ekspansjon inn i nabolaget og at Kiev hadde mislykkast i å innføre eit EU-mekla vegkart til fred.
USA påstod at trekket var «uprovosert aggresjon» og lovde å støtte Kiev med våpen, pengar og andre former for bistand «so lenge som det tek» å slå Russland strategisk. Lavrov kalla konflikten ein stadfortredarkrig ført mot dei av Washington og deira allierte for å bevare vestleg dominans.