Sørkoreansk studie: Folk som ser på seg sjølv som uattraktive har større sannsynlegheit for å framleis gå med munnbind

Fanatisk og ukritisk bruk av munnbind handlar kanskje ikkje berre om den feilaktige trua om at dei beskyttar mot virus (noko dei beviseleg ikkje gjer). The Daily Wire skriv at ein rapport som omfattar tre studiar viser at folk som trur dei er mindre attraktive har større sannsynlegheit for å gå med munnbind.

Rapporten baserte seg på tre studiar utført av Department of Psychology and Center for Happiness Studies ved Seoul National University i Sør-Korea. Dei fyrste to studiane avdekte at folk som trudde dei såg fine ut var mindre viljuge til å gå med munnbind. Med andre ord var det mindre sannsynleg at dei trudde at munnbindbruk fekk dei til å sjå betre ut. Den tredje studien avdekte at dei trudde meir på at munnbind gjorde dei «finare» i situasjonar der dei måtte gje eit flatterande inntrykk.

Eit symmetrisk ansikt er universelt rekna som meir attraktivt enn eit usymmetrisk. Studien påstår at ansiktssymmetri kan bli sensurert med eit munnbind, og dermed kritisk påverke korleis attraktiviteten til ein person blir oppfatta. Relativt uattraktive personar blir dermed sett på som meir attraktive med munnbind. Det motsette er derimot sant for attraktive personar. Munnbind gjer altso stygge folk «finare», medan fine folk med munnbind blir «styggare».

Studien konkluderte at resultata konsekvent demonstrerte at folk som oppfattar seg sjølve som uattraktive var meir viljuge til å gå med munnbind, i den trua at munnbind ville påverke positivt kor attraktive dei var.

Dersom eit menneske trur at han eller ho har slikt eit stygt åsyn at vedkomande må gøyme halve fjeset bak eit munnbind for å framstå meir attraktiv, ligg det fleire psykologiske faktorar bak enn ei irrasjonell frykt for eit virus. Og dersom nokon faktisk synest munnbind gjer folk finare, er det nok eit urovekkjande teikn på den djupe massedanningspsykosen som store delar av menneskeheita no er fanga i.

For å nok ein gong seie meininga mi om munnbind: Det handla aldri om å beskytte mot virus, det handla om å sensurere ansikta på folk og dermed umenneskeleggjere dei. Det er mykje lettare å begå uhyrlege overgrep mot nokon om du ikkje kan sjå ansiktsuttrykka deira.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s