Av Amber Crawford, 100percentfedup.com. Omsett av saksyndig.
Etter at den kinesiske spionballongen endeleg vart skoten ned av U.S. Air Force, har senior-tenestepersonar innan det amerikanske militæret og nasjonal tryggleik bekrefta at det som Kina hevda berre var ein «vêrballong», faktisk var tilknytt eit større, verdsomspennande overvakingsprogram styrt av det kinesiske militæret.
Onsdag [8.februar 2023] fortalde brigadegeneral Patrick Ryder, pressesekretær i Forsvarsdepartementet, til reportarar at USA hadde spora Kina sine overvakingsoperasjonar lenge før ballongen på avvege skapte avisoverskrifter førre veke.
«Vi lærer no stadig meir om omfanget av dette kinesiske ballong-overvakingsprogrammet, som amerikansk etterretning og Pentagon har observert i fleire år,» sa Ryder. «Vi har fått auka merksemd og forståing av denne evna.»
Ryder rapporterte at dette utførlege kinesiske spionasjeprogrammet har vore i operasjon iallfall sidan 2018, og avslørte at spionballongar har blitt observert over fem kontinent, ikkje berre Nord-Amerika.
«Når du ser på omfanget av dette programmet – operasjon over minst fem kontinent i regionar slik som Latin-Amerika, Sør-Amerika, Søraust-Asia, Aust-Asia og Europa – igjen, det demonstrerer for Forsvarsdepartementet grunnen til at Kina forblir ei stadig større utfordring, og noko som vi vil halde fram med å fokusere på,» sa Ryder.
Det har òg blitt avslørt at for berre fire månader sidan vart ein annan kinesisk spionballong oppdaga, etter at den krasja i Stillehavet nær Hawaii. Under Trump-administrasjonen vart òg tre andre kinesiske ballongar visstnok flogne over Texas, Florida og Guam.
Den pensjonerte Air Force-generalløytnanten Charlie «Tuna» Moore rapporterte at spionballongar har nøkkelfordelar samanlikna med meir sofistikert teknologi slik som satellittar.
«Dersom du har ein ballong som bevegar seg særs sakte, har du uthald som du ikkje kan få frå ein satellitt,» sa Moore, og la til at satellittar berre har nokre sekund på å ta bilete av måla sine.
Dette programmet blir styrt av Folkets frigjeringsarmé (PLA) frå Kina sin tungt militariserte Hainan-øy-provins utanfor kysten av fastlandet i Sør-Kina-havet. Overvakingsballongane blir sannsynlegvis brukt til å skaffe militær etterretning frå nasjonar som er av strategisk interesse for Beijing, slik som Japan, India og Filippinane.