Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.
Den berømte amerikanske journalisten Seymour Hersh siterte kjelder nær den skjulte operasjonen der USA og NATO konspirerte for å sprengje ein russisk gassrøyrleidnoing. Faktisk hadde USA planlagt bombinga av Nord Stream-røyrleidningane lenge før Russland gjekk inn i Ukraina.
Washington: For å unngå å bli eksponert for å utføre «ei krigshandling», vart operasjonen halden hemmeleg, ifølgje Hersh. Han publiserte den eksplosive artikkelen ved namn «How America Took Out The Nord Stream Pipeline» på Substack onsdag [8.februar 2023], og siterte kjelder «nær operasjonen».
I juni 2022 planta dykkarar frå den amerikanske marinen, som opererte under dekket av ei høgpublisert midtsommars NATO-øving kjent som BALTOPS 22, dei fjernutløyste eksplosiva som, tre månader seinare, øydela tre av dei fire Nord Stream-røyrleidningane.
Nord Stream I hadde forsynt Tyskland og EU med russisk gass i meir enn ti år. Eit andre par røyrleidningar, kalla Nord Stream 2, hadde blitt bygt, men var enno ikkje operasjonelle.
Adrienne Watson, ei talskvinne i Det kvite hus, nekta for at USA var involvert. «Dette er falsk og komplett fiksjon.» Tammy Thorp, ei talskvinne for Central Intelligence Agency [CIA], nekta òg for påstandane: «Desse påstandane er komplett og visseleg falske.»
President Biden hadde åtvara om at Nord Stream-røyrleidningane ville bli øydelagde før operasjonen i Ukraina i det heile teke byrja.
Kjelder med direkte kunnskap om operasjonsplanlegginga, heldt òg fast ved at Noreg var djupt implisert i sabotasjen av røyrleidningen. Bombene som vart planta under BALTOPS 22 vart detonerte av eit fjernsignal sendt frå ei sonarbøye. Bøya vart sleppt ut nær Nord Stream-røyrleidningane av eit norsk Navy P8 overvakingsfly, ifølgje rapporten.
«Nokre fyrar i CIA og Utanriksdepartementet sa ‘Ikkje gjer det. Det er dumt og vil bli eit politisk mareritt om det kjem ut,’ ifølgje kjelda.
Kommentar frå saksyndig: Ei norsk omsetjing av Seymour Hersh sin artikkel kan lesast på Steigan. Ikkje overraskande er saka per 9.februar fullstendig fråverande frå avisoverskriftene i hovudstraumsmedia.