Edward Snowden: UFO-hysteri er konstruert for å distrahere oss frå Nord Stream-skandalen

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

NSA-varslar Edward Snowden seier at hysteriet over at UFO-ar vart skotne ned over Nord-Amerika er konstruert for å vere ein distraksjon frå Seymour Hersh sin artikkel om at Biden-administrasjonen er ansvarlege for å sprengje i lufta Nord Stream-røyrleidningane.

I løpet av den siste veka har der vore fleire tilfelle der amerikanske jagarfly har øydelagt UFO-ar; i eitt tilfelle over Alaska, der eit objekt som ikkje hadde noka framdrift, men som vart observert fly i 40 000 fots høgde [12 192 meter], og som resulterte i at pilotar sa at det forstyrra sensorane i flya deira.

Summit.news rapporterer: I går [13.februar 2023] nekta Det kvite hus for at objekta var utanomjordiske i natur, sjølv om den raske avvisinga i beste fall får spekulasjonar om romvesen til å halde fram på nettet.

I røynda, som folk flest har påpeikt, er nedskytingane sannsynlegvis ein måte å vise musklar på, for å redde Biden-administrasjonen sine blemmer, til dømes spørsmål om kvifor den kinesiske spionballongen fekk lov til å overvake Nord-Amerika i fyrste omgang.

Ifølgje Edward Snowden er UFO-historia òg ei villeiing for å feie den uendeleg kleinare Seumour Harsh-historia vekk frå overskriftene.

Snowden skreiv på Twitter at hysteriet var eit «konstruert» agn for å hindre media i å dekkje avsløringane rundt røyrleidningseksplosjonane.

Nyleg publiserte den Pulitzerpris-vinnande gravejournalisten Seymour Hersh ein artikkel der han slo fast at røyrleidningane vart øydelagt av USA som del av ein hemmeleg operasjon.

Ifølgje kjeldene til Hersh vart eksplosiva planta i juni 2022 av amerikanske marinedykkarar under dekke av NATO si BALTOPS 22-øving, og vart detonert tre månader seinare med eit fjernsignal sendt frå ei sonarbøye.

Ei kjelde fortalde til Hersh at dei som planla den hemmelege operasjonen visste at den var ei «krigshandling», der enkelte i CIA og Utanriksdepartementet åtvara: «Ikkje gjer dette. Det er dumt og kjem til å bli eit politisk mareritt om det kjem ut.»

I ei oppdatering av artikkelen vart Hersh intervjua av Radio War Nerd, der han kritiserte hovudstraumsmedia for å kritisere han personleg, heller enn å etterforske historia.

«Det er forbløffande for meg korleis dei, kollegaene mine, opererer i flokk,» sa Hersh, og refererte til New York Times og Washington Post.

Som vi tidlegare sette fokus på, kom Snowden med skarp kritikk av Det kvite hus fordi dei nekta at dei var involverte i røyrleidningsåtaket, ved å påpeike at dei òg nekta for tidlegare falske flagg.

«Kan de kome på nokon døme frå historia til hemmelege operasjonar som Det kvite hus var ansvarlege for, men nekta for på det sterkaste?» skreiv Snowden på Twitter.

«Bortsett frå, de veit, dei vesle «masseovervakings»-tumultane,» la han til.

Snowden la ved ein reportasje frå UPI News frå april 1961, der den amerikanske utanriksministeren Dean Rusk nekta for at Grisebukt-invasjonen hadde blitt «iscenesett frå amerikansk jord», der Rusk seier til media «den kubanske affæren var noko kubanarane sjølve måtte ordne opp i.»

2 comments

Kommenter innlegget