Tysdag kveld 14.februar 2022 vart eg oppringt av eit skjult nummer. Vanlegvis tek eg ikkje telefonen når slike nummer ringjer, men i dette tilfellet visste eg at eg kunne stole på vedkomande. Det viste seg å vere Josefine Bru, som ifølgje ho sjølv ringde frå ein satelittelefon. Etter at ho hjelpte meg med Saksyndig rundt årsskiftet 2022/2023, har ho vore i utlandet. Meir presist i Danmark og Polen. Eg vil her leggje til at påstandane ho kjem med verken kan bekreftast eller avkreftast. Fram til vi får definitive bevis vil dette difor vere som fiksjon å rekne.
«Eg har gjort mine eigne undersøkingar rundt to saker som er av vesentleg interesse for Noreg,» sa ho. «Eg sit på informasjon som gjer det livsfarleg for deg å møte meg igjen.»
«Hmm, er den eine tilfeldigvis Nord Stream-skandalen?» spurde eg.
«Nei. Den katten har for lengst sleppt ut av sekken. Nei, dette har å gjere med to norske menn, og ei drepen polsk kvinne.»
«Og kven er so dei?»
«Den eine nordmannen er Sigmund, den andre er ein du kjenner identiteten til. Han som er sikta for drapet på den polske kvinna som er kjent i norske og polske media som Pamela.»
«Ja, eg kjenner identiteten hans. Kvifor har du gjort dine eigne undersøkingar? Stoler du ikkje på politiet?»
Josefine lo høglytt i andre enden. Faktisk lo ho vel og lenge. Eg måtte trekkje på smilebandet sjølv. Til slutt sa ho:
«Eg stoler definitivt ikkje på verken det norske eller det danske politiet – som i praksis har same overordna. Det polske er hakket betre, og det veit eg, fordi eg har jobba for dei sjølv.»
«Kva har du funne ut om dei tre?» spurde eg.
«Vel, undersøkingane rundt Sigmund har bekrefta våre felles mistankar. Det at det norsk-danske politiet bestemte seg for å arrestere han, har med forsøka hans med fri energi å gjere. Du ser, politiet visste om at han hadde teke med seg eit apparat ned til Italia, der kjeldene mine har avslørt at han var i bryllaupet til sin gode venn Paul i Frihetsbevegelsen. Politiet hadde Sigmund under overvaking heile tida, men venta berre på ordre frå høgste hald til å rykkje ut. Då Sigmund kom til Danmark, dikta det danske politiet opp eit påskot til å arrestere han og, viktigast av alt: konfiskere innhaldet i Teslaen hans.»
«Hmm, so det er din teori om kvifor han eigentleg vart arrestert?»
«Ja, min personlege teori basert på indisium. Politiet var aldri ute etter Sigmund. Dei var ute etter apparatet han hadde i bilen.»
«Har det å gjere med kvifor Paul og kona plutseleg stakk til Mexico?»
«Kjeldene mine meiner det. Og du har sikkert lagt merke til at alle videoar om Sigmund plutseleg er blitt sletta. Nokon har rasla med sablane. Nokon tilknytt Sintef, NTNU og den norske djupstaten, trur eg.» Det vart stille ein augneblink. «So det handlar om at dei ønskjer å sabotere for fri energi-eksperimenta som Sigmund utførde. Enkelt forklart. Klart, dei sjølve vil nekte for dette, og kanskje til og med ta kontakt med deg og be deg slette denne artikkelen.»
«Hehe, so du går utifrå at eg vil skrive om dette på Saksyndig?» spurde eg.
«Naturlegvis. Om ingen trur deg, har dei i det minste underhaldning. Men aldri slett dette, same kven som ber deg. Og det kan godt hende at djupstatsaktørar tek kontakt òg.»
«Vel, då vil dei jo avsløre seg sjølv.»
«Kanskje.» Igjen vart det stille. «So… Korleis går det med beinet?»
«Framover. Eg kan gå igjen no.» Deretter fortalde eg ho noko av privat natur, som ikkje eignar seg for gjengjeving på bloggen (og som strengt teke ikkje er relevant). Etter kvart kom samtalen vår over på undersøkingane Josefine hadde gjort om Pamela og den drapsmistenkte nordmannen.
«Polske media har dekt mykje meir av den saka enn norske. Dei har til og med gjort det mogleg for folk å identifisere den mistenkte. Polske media kan umogleg ha ein Vær varsom-plakat. Resten av familien til Pamela, saman med venner og naboar, har slarva til media, og han er no framstilt som eit monster som med overlegg tok livet av ekskjærasten, før han kidnappa barnet deira og reiste gjennom Europa. Han vart tilfeldigvis stoppa i Danmark.»
«Hmm, eg trur ikkje det var so tilfeldig. Kvifor blir dei alltid stoppa i Danmark?»
«Nordsjøen. Danmark er ei halvøy, og einaste fastlandssamband vidare er lange bruer over øyane Fyn og Sjælland. Logistisk sett er det enklast å stoppe kriminelle på rømmen der. Men, over til denne nordmannen. Alle som kjende paret i Auschwitz, iallfall dei som media valde å intervjue, har demonisert mannen. Men dei eg har snakka med, fortel ei anna historie.»
«Kva fortalde dei?»
«Pamela er ikkje den engelen media framstiller ho som. Ho påstod at ekskjærasten mishandla ho, og at han ikkje tok seg av barnet deira. Framstillingane ho har vove saman samsvarer ikkje med det biletet nordmannen si slekt og venner har av han. Du skjøner… Når nokon plutseleg – tilsynelatande – planlegg og gjennomfører eit mord, vil det alltid framstå som ubegripeleg for slekt og venner. Iallfall dei undersøkingane eg sjølv har gjort. Eg avdekte visse aspekt som kan ha rettferdiggjort drapet. Framprovosering. Sjølvforsvar. Etter mi vurdering er drapet ikkje overlagt, sjølv om det er det media har fått instruksar om å framstille det som.»
«Greitt, so vi har ein nordmann som i verste fall kan bli dømt for overlagt drap – av ein polsk domstol. Då vil han få minst 25 års fengsel.»
«Minst 25 år. Dei kjem til å halde han innesperra til han døyr av alderdom.»
«Kva vil dei oppnå med dette?»
Det vart stille i telefonen. Til slutt sa Josefine:
«Du kjenner ikkje etternamnet hennar, reknar eg med?»
«Ja. Det er eit ganske vanleg etternamn.»
«Ganske vanleg, ja. Men eg har gjort litt fleire undersøkingar. Leita rundt i gamle, hemmelegstempla arkiv.»
«Er ikkje det ulovleg? Har du klarering til det?»
«Ikkje på nokon måte.» Ho flirte. «Det var ei venneteneste frå ein kollega innan polsk etterretning. Han meinte i likskap med meg at noko skurra i Pamela-saka. So vi leita litt rundt. Det vi fann er det rett og slett farleg for meg å fortelje deg. Det er topphemmeleg informasjon som daterer seg tilbake til kommunisttida, Den kalde krigen og eit godt stykke inn på 2000-talet.»
«Hmm, meiner du at familien hennar har jobba innan etterretning?»
«Det er… relatert til det, ja. Vi sat og las litt i dokument relatert til den familien. Topphemmelege dokument som ingen eigentleg får lese før om 70-80-90 år. Og den informasjonen visste Pamela sannsynlegvis om allereie frå ho var lita jente. Og dei visste at ho visste det. Ho kan ha sagt noko til nordmannen òg. Ho valde jo å få barn med han, då røpte ho nok ein del familiehemmelegheiter òg. Det er det eg trur sjølv, iallfall.»
«Dæven, var dei med i mafiaen eller noko sånt?»
«Ikkje mafiaen. Som sagt, denne informasjonen er livsfarleg. Folk vil kome og drepe deg om du offentleggjer den. Dessutan er desse brotsverka å rekne som forelda, og dei ville under alle omstende ha blitt benåda i dag, sidan det var heilt andre politiske omstende den gongen.»
«Dersom dei ikkje lenger kan bli straffa for det, kvifor ønskjer dei å uskadeleggjere folk som veit om det?»
«Sjølve handlingane er ikkje lenger straffbare. Men informasjonen… Oi oi oi. Det er reine James Bond-filmen.» Ho vart stille ein augneblink. «Vel, eg har spora deg i riktig retning, men eg vil åtvare deg på det sterkaste å dykke djupare ned i det kaninhòlet.»
Historia høyrdest nesten for utruleg ut til å vere sann. Eg kunne ikkje på nokon måte verifisere det Josefine sa. Kanskje ho berre kødda med meg. Eg greidde til slutt ikkje å dy meg, og sa:
«Berre heilt til slutt… Er Pamela-saka og Sigmund-saka på nokon måte relatert til kvarandre?»
«Tenk om dei var det. Det hadde vore litt av ein film!» Ho flirte. «Nei. Det einaste dei to sakene har til felles, er at begge mennene av logistiske omsyn vart stoppa i Danmark. Vi gjer slutt på alle spekulasjonar her og no. Sakene er ikkje tilknytte kvarandre på nokon måte.»
Og med dette enda samtalen min med Josefine.
Som sagt er det ingen måte for meg å verifisere om dei ville påstandane hennar stemmer. Eg trur ikkje heilt på dei sjølv. Koplinga mellom fri energi, mogleg spionasje under Den kalde krigen, vilkårleg arrestasjon av ein lovlydig borgar og eit plutseleg drap i Polen ville derimot ha vore ein knallgod kriminalroman. Fram til vi får definitive bevis er dette difor å rekne som fiksjon, underhaldning og distraksjon i ei mørk tid for menneskeheita. Akkurat som Nyhetsspeilet sine anonyme artiklar der Gro Harlem Brundtland blir skulda for å stå i ledtog med sjødemonar.