Velhalden fondsforvaltar meiner nordmenn hadde hatt godt av å ha det meir utfordrande

Jan Petter Sissener, med den elitedunstande tittelen «porteføljeforvaltar», sa nyleg til Dagens nærlingsliv at han trur nordmenn hadde hatt godt av å ha det meir utfordrande. Sjølve intervjuet ligg bak betalingsmur, men Document har gjengjeve delar av det. Sissener meiner vidare at det er ein grunn til at Noreg er eit av landa i verda som har høgst andel uføretrygda. Han utdjupar denne påstanden følgjande:

«Nordmenn er som lottomillionærer flest. […] Og stort sett for alle nordmenn, løser problemene seg. Man kan alltid snu seg til staten, og vi har et nettverk som fanger opp dem som er uheldige. Jeg synes de kunne vært fanget opp på en annen måte, men nå skal jeg ikke gå inn i politikk her.»

Ifølgje Sissener har nordmenn generelt gløymt kva som er viktig. Han refererer til dei to statsministrane Trygve Bratteli (1910-1984) og Einar Gerhardsen (1897-1987), begge Ap, der Bratteli var statsminister i to periodar (1971-72 og 1973-76), medan Gerhardsen var det i tre (1945-51, 1955-63 og 1963-65). Dei hadde slagordet «gjør din plikt – krev din rett». Sissener meiner dagens nordmenn har gløymt den delen der ein gjer si plikt. Med hans eigne ord:

«I dag har det å gjøre sin plikt forsvunnet ut av ordforrådet til de fleste […]. Vi blir late. Det er ikke uten grunn at vi har verdens høyeste andel uføretrygdede, et av verdens høyeste sykefravær. Vi har det veldig godt i dette landet, og jeg tror vi hadde hatt godt av å ha det meir utfordrende.»

I ei tid der NAV sender klientar til Frelsesarmeen for å få mat, og folk misser hus og heim fordi dei ikkje klarer å betale rekningar, og dei som framleis har husa sine sit og frys fordi dei ikkje klarer å betale ei straumrekning som er mangedobla – korleis meiner Sissener at vi kan få det meir utfordrande?

Naturlegvis framstiller 67 år gamle Sissener seg sjølv som skuleeksempelet på ein arbeidskar. Document gjengjev ikkje kva Sissener faktisk bruker arbeidsdagane sine på, og ein kan gjerne diskutere kor stor nytte ein porteføljeforvaltar har for samfunnet. Det er ein pratejobb. Sit ein på ræva og skravlar heile dagen medan ein gaflar i seg gourmetmat og heller nedpå med eksklusiv kaffi og dyre vinar, er det nok enkelt å jobbe som ein «sirkushest» i 40 år, og ha ingen planar om å trappe ned ved fylte 67, då folk med ekte jobbar er utslitne etter eit langt liv med ærleg, samfunnsnyttig arbeid. Til og med bloggen min er til større nytte for samfunnet enn det «arbeidet» Sissener driv med.

Misforstå meg rett, Sissener kan ein gong i ei fjern fortid ha gjort anstendig arbeid. Men det gjenspeglar seg i sofall ikkje i hans noverande haldningar. Han ser ut til å sjå ned på nordmenn flest, som har langt meir fysisk krevjande jobbar enn han sjølv har. Han har derimot rett i at Noreg har særs mange uføretrygda og truleg det største sjukefråværet i verda. Skuldast dette «arbeidets art» eller uheldige haldningar hjå arbeidstakarar? Og skuldast det store talet uføretrygda at det er til Noreg «lykkejegerar» frå heile verda kjem, fordi jungeltelegrafen har sagt til dei at her er det gratis pengar å hente?

Noreg har ein enorm offentleg sektor som ikkje på nokon måte står til folketalet. NAV skal seiast å ha eit større budsjett enn nasjonen Finland. Ifølgje Øystein Steiro Sr. i kommentarfeltet til Sissener-artikkelen, jobbar 32% av den norske arbeidsstyrken i offentleg sektor, og den offentlege sektoren i Noreg er nesten dobbelt so stor som snittet i OECD. Tydar dette at vi har dobbelt so gode offentlege tenester? På ingen måte. Med Steiro sine eigne ord: «Offentlig sektor skjuler en latskap og et forfall som oljepengene betaler for og som Høyre og Arbeiderpartiet ikke tør ta tak i». Store delar av offentleg sektor kan difor i verste fall vere skjult arbeidsløyse, ein haug udugelege fjols får betalt for oppmøte og tilbringer dagane med ordonani, hersketeknikkar og narsissistisk sjølvdyrking.

Og so har vi dei stakkars nordmennene som er reelt sjuke, men som må kjempe mot NAV-byråkratiet i årevis før dei får utbetalt so mykje som eit raudt øre i trygd. Dette står i skarp kontrast til ikkje-vestlege innvandrarar, som nærast får innvilga trygd før dei har kome seg ut av flyplassen. Det seier seg sjølv at alle desse hordane med «flyktningar» vil overvelde eit system der saksbehandlarane ikkje er vande med å jobbe, slik at søknader frå etniske nordmenn hamnar bakst i køa. 20 års kamp for ein nordmann med broten rygg for å få uføretrygd, versus 20 minutts passiar mellom ein hjernedaud NAV-saksbehandlar og ein MENA-innvandrar med blanke auge? Saksbehandlaren har ingenting å frykte av represaliar frå den uføre nordmannen, for å seie det slik.

Det er ikkje klimaet som gjer at alle «flyktningar» kjem til Noreg, etter å ha kryssa åtte-ni landegrenser. Å leggje all skulda på innvandrarar som bløffar seg til trygd, er derimot ikkje føremålstenleg. Årsakene til det høge talet uføretrygda og det høge sjukefråværet er langt meir samansette. Både personlege haldningar og sjølve arbeidslivsstrukturen. Det er store skilnader mellom Noreg under Bratteli og Gerhardsen, og Noreg under den gjengen som påstår at dei tener folket. Arbeidslivet har blitt meir brutalisert, og dei som har ekte jobbar (og ikkje pratejobbar, tullejobbar eller andre oppdikta stillingar for å kamuflere skjult arbeidsløyse og manglande arbeidsevne), har større risiko for å falle utanfor i dag enn på 1980-talet. For etnisk norske nordmenn har det alltid vore ei æressak å unngå å hamne på trygd. Til og med i dag er det særs få som har som mål i livet å bli uføretrygda. Då blir ein jo 100% avhengig av ein stat som tydelegvis har vondsinna føremål – iallfall mot kvite.

Kor lett er det å få trygd i Noreg? Temmeleg lett om du kjem frå «rett» land. Dersom du er ein kvit nordmann, ein lovlydig borgar som har gjort di plikt, øydelagt helsa og som no krev din rett, i tråd med visjonen til Bratteli og Gerhardsen? For å avrunde denne meiningsartikkelen, serverer eg her Svein Pedersen sine ord i kommentarfeltet:

«Det kjipe, når det gjelder uføretrygd… De som egentlig ikke skulle hatt [det], får det kastet etter seg. De som virkelig trenger uføretrygd, må slite mot det menneskerettighets[-]brytende Nav, i opptil 23 år. […] Alle dere som mener det er for lett. Dere har ikke peiling.»

Sissener har iallfall ikkje peiling. Han burde halde seg til det han kan – kva no enn det er.

One comment

  1. Ja, nettopp! Ærlig og samfunnsnyttig arbeid. Det er det det dreier seg om.

    Sissener burde prøvd seg på eksempelvis noen år i bygge-bransjen, helse og omsorg eller på E6 i et vogntog. Alt i et rasende hamsterhjul-tempo, som vi andre kjenner på hver dag. Fått kjørt ræva si og kontorfingrene sine skikkelig, så kunne vi tatt en prat etterpå.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s