Russland skal flytte 75-80% av oljeeksporten over til «vennlege» nasjonar

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Russland kjem til å radikalt forflytte eksporten sin av olje, og selje mellom 75 og 85% til «vennlege» nasjonar dette året, ifølgje visestatsminister Aleksandr Novak.

Tenestemannen sa at desse landa òg kjem til å få rundt 75% av Russland sine produkt av raffinert olje, og at Moskva kjem til å halde fram å sjå etter nye marknader i meir aksepterande nasjonar. (Relatert: Russland skal kutte oljeproduksjon med 500 000 fat per dag som respons på det vestlege pristaket.)

«Når det gjeld forsyningar til statar som held på illegitime prisrestriksjonar, er posisjonen vår her vidt kjent og forblir uendra – slike land vil ikkje få russisk olje,» sa han.

Dei «vennlege» nasjonane som etter planen skal få meir eksport av russisk olje og petroleumsprodukt inkluderer Kina, India, Tyrkia og Sri Lanka, der alle av dei har nekta å ta del i nokon som helst sanksjonar, produktforbod eller pristak mot Russland.

India spesielt har ved gjentekne høve blitt kritiserte for sine stadige kjøp av russisk råolje, men har halde fast ved at dei må ta den rasjonelle økonomiske avgjerda om å kjøpe den billegast moglege råoljen. Ein betydeleg del av dei indiske kjøpa av råolje blir raffinert til drivstoff, som deretter blir eksportert til USA og Europa.

Som respons på Kina og India si stadige støtte, har Russland trappa opp rabattsala til dei to nasjonane.

Novak la til at oljeproduksjonen i Russland i 2022 utgjorde 532,2 millionar tonn, ein auke på to prosent frå året før, og tilsvarande rundt 10,75 millionar fat olje produsert per dag. Og trass myriaden av produktforbod og sanksjonar, auka faktisk eksporten av russisk ilje med 7,6% til 242 millionar tonn, eller rundt 4,9 millionar fat olje per dag.

Oljeleveransar til Asia gjekk oppover i år, takka vere den auka transporten som hamna i Kozmino i Vladivostok tilbyr. Oljeleveransar til land i den asiatiske stillehavsregionen steig til 42 millionar tonn som eit resultat.

Forsyningar til dei russiske innanlandsmarknadene vart òg utført på ein påliteleg måte, og til prisar under inflasjon, sa Novak.

«Slik eit resultat, med tanke på dei raske endringane i verdas oljeprisar, vart primært oppnådd på grunn av dempemekanismen som hjelper til å sikre tilstrekkjeleg forretningsprofitabilitet medan ein held drivstoffprisen på fyllestasjonar låg,» sa Novak.

Russland annonserer siste trekk i energikrigen mot Vesten

Den siste annonseringa er berre det nylegaste trekket i ein langvarig energikrig mellom Russland og Vesten, som sistnemnde føler er rettferdiggjort på grunn av fyrstnemnde sin spesialmilitæroperasjon i Ukraina.

Per dags dato har vestlege restriksjonar hatt særs liten effekt på volumet av russisk råoljeproduksjon. Den russiske produksjonen har berre falle med 10 000 fat per dag i månaden til 9,85 millionar fat per dag. Dette er berre rundt 260 000 fat lågare enn dei 10,11 millionar fata per dag produsert i februar 2022, rett før byrjinga på spesialmilitæroperasjonen i Ukraina.

Men russisk gjengjelding er venta å auke angsten på vestlege marknader. 10.februar sa Novak at Russland vil kutte ned produksjonen av råolje med 500 000 fat per dag i mars. Analytikarar bygde raskt dette forventa kuttet inn i spådommane sine, og S&P Global åtvara om at annonseringa «kan auke angst over kortsiktig tilgjenge på forsyning».

Vidare ser mange analytikarar fleire kutt som moglege dersom Vesten held fram sin økonomiske krig mot Russland.

Sjå denne episoden av «Health Ranger Report» der Mike Adams, The Health Ranger, diskuterer korleis USA gjennom ei terrorhandling prøvde å sabotere Russland sin energieksport ved å øydeleggje Nord Stream-røyrleidningane. [Mike Adams er eigar og grunnleggjar av Natural News; oms.an.]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s