WHO håper å teste eksperimentelle Marburgvirus-vaksinar midt i eit dødeleg utbrot

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Verdas helseorganisasjon (WHO) samla seg i eit hastemøte tysdag [14.februar 2023] for å diskutere eit utbrot av det dødelege Marburgviruset i Afrika.

Ekvatorial-Guinea rapporterte sitt fyrste utbrot av viruset måndag [13.februar].

WHO samla «ekspertar» frå rundt om i verda for å diskutere korleis ein kan få fortgang i utviklinga av vaksinar for viruset som for tida ikkje har nokon kur.

Dei planlegg å evaluere fleire moglege vaksinekandidatar etter ni dødsfall og 16 mistenkte tilfelle vart rapporterte.

Ekspertar fryktar at verda kan bli teken på senga av det for tida ukurerbare viruset som drep opp til 88% av menneska som det infiserer.

MailOnline rapporterer: Viruset, som er sett på som eit farlegare syskenbarn av Ebola, har drepe ni menneske i Ekvatorial-Guinea i denne sentralafrikanske nasjonen sitt fyrste utbrot. Ein trur at meir enn eit dusin andre kan ha blitt smitta.

Det særs smittsame patogenet – som får nokre offer til å blø ut av auga – har blitt framstilt som den neste store pandemitrugselen, og der WHO skildrar det som «epidemi-tilbøyeleg».

Medlemmer av Marburgvirus-vaksine-konsortiet (MARVAC) sa at det kan ta fleire månader før effektive vaksinar og terapeutiske verkemiddel blir tilgjengelege, sidan produsentar vil måtte samle materiale og utføre forsøk.

Dei håper viruset – som spreier seg gjennom langvarig fysisk kontakt – vil kome under kontroll før det forårsakar eit større utbrot.

Men utbrotet i Ekvatorial-Guinea kjem berre nokre månader etter at Ghana rapporterte sitt fyrste utbrot, som markerte berre andre gong sjukdommen har blitt registrert i Vest-Afrika.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s