Vernon Coleman: «Korleis eg håper å overleve NHS sitt nylegaste forsøk på å drepe meg»

Av dr. Vernon Coleman. Omsett av saksyndig.

NHS [det britiske, offentlege helsevesenet] – som har massivt auka risikoen for slag og hjarteinfarkt blant dei lettlurte millionane som stolte på Regjeringa, dronninga og ymse uvetande kjendisar, og late seg sjølv bli injisert med ein giftig pseudo-vaksine som gjorde langt meir vondt enn godt – kan ikkje lenger handtere talet pasientar som har hatt slag og hjarteinfarkt.

Jøye meg, eg er sjokkert. Sjokkert inn til beinet, seier eg dykk.

So, NHS har funne ein listig måte å vri seg unna dette problemet.

Dei har nedgradert slag og hjarteinfarkt, og i framtida vil dei bli behandla i same kategori som hovudverk.

Meir sjokk og skrekk.

Og NHS England ber no innringjarar og ambulansepersonell om å ignorere desse pasientane, og seie til dei at dei vil få ein telefonsamtale i staden for ein ambulanse. (Eg lurer på kor lang tid det vil ta før ventetida for telefonsamtalen kan målast i dagar i staden for timar.)

Mange vil hugse TV-reklamar frå nokre år tilbake der NHS fortalde pasientar og pårørande at det var viktig å få slagråka til sjukehuset so raskt som mogleg. Du kan gløyme det no.

Det nye rådet er at pasientar som trur dei har hatt hjarteinfarkt eller slag, vil bli bedne om å ta kontakt med fastlegen eller ein apotekar.

Les den linja om igjen. Og deretter, om du ikkje trur meg, sjekk det ut.

Dersom du får hjarteinfarkt eller slag, meiner dei at du skal ringje fastlegen og lage ein avtale tre veker fram i tid frå fyrstkomande fredag. Eller hale deg sjølv til apoteket og stille deg i kø før råd frå ei 16 år gammal jente med toppkarakterar i gymnastikk og altfor mykje sminke.

Fastlegen din vil naturlegvis ikkje besøke deg heime. Det offisielle rådet er at fastlegar (som no jobbar 26-timarsveker), er altfor viktige til å kome heim til folk. Dei har skjema å fylle ut og sjukemeldingar og pass-søknader å skrive under på. Dessutan har det medisinske etablissementet erklært at global oppvarming vil bli stoppa mykje lettare dersom pasientar køyrer til kirurgisk avdeling i staden for at legen køyrer heim til pasienten. (Dette er truleg fordi pasientens om har hatt hjarteinfarktet eller slaget kan måtte ta bussen, medan fastlegen må fare på besøk i den sjåførkøyrde, drivstoffslukande Mercedez Benz klasse S, som ho kjøpte med byttet som ho «tente» ved å instruere ein NHS-subsidiert sjukepleiar til å gje ein gasillion covid-19-sprøyter.)

Og so vidt eg veit gjer den 16-årige jenta på apoteket enno ikkje heimebesøk, med mindre ho jobbar på si som frisør eller steller negler, noko som er fullstendig mogleg, naturlegvis.

So, alle desse stakkars kreka som vart injiserte, og som eit resultat no har massiv risiko for slag eller hjarteinfarkt, er temmeleg super-duper-forbanna, om de orsakar litt god, gammaldags medisin-sjargong.

Då eg høyrde denne nyheita vart eg ein tanke uroa. Sidan eg no er over 18, og av somme ville bli rekna som å ha nådd inn i grenselandet for middelaldrande, har eg no, sjølv om eg heldigvis er uvaksinert, ein betydeleg risiko for å få slag eller hjarteinfarkt.

Eg kan naturlegvis ikkje seie til dykk kva de skal gjere. Det kjem til å kome lover mot det. Eg vil fråråde dykk på det sterkaste å prøve følgjande ting heime. Eg meiner alvor.

Men, i tilfelle du er interessert, so tek eg 75mg vassoppløyseleg aspirin kvar dag. Eg trur aspirin reduserer risikoen min for å få hjarteinfarkt eller slag. Eg har den oppløyselege aspirinen i eit stort glas vatn for å redusere risikoen for at aspirinen irriterer magen. Tablettane, som eg kjøper på apoteket, kostar meg mindre enn søtsaker.

Dei velinformerte vil vete at der naturlegvis finst to former for slag. Den eine er forårsaka av ein blodpropp. Den andre er forårsaka av blødning. Fyrstnemnde er langt vanlegare. Aspirin kan redusere risikoen for fyrstnemnde og auke risikoen for sistnemnde. Men oddsa er i min favør, og med mindre eg pingsar ut i garasjen, finn drill og sag og byrjar å lage hòl i min eigen hovudskalle, kan eg ikkje gjere mykje for å stoppe ei blødning, so eg gjer noko med problemet som eg vil kunne handtere. For å vere ærleg er eg ikkje sikker i det heile på om dette er sant for vaksinerte, som vi no må sjå på som medlemmer av ein annan art.

Og dersom eg får hjarteinfarkt eller slag, har eg bede Antoinette om å leggje 300mg aspirin under tunga mi med éin gong. Aspirinen blir absorbert raskare sublingualt. Og deretter skal ho gje meg fire oppløyselege 300mg-tablettar per dag i minst ei veke, helst lenger.

So det er planen min. Eg har ingen tvil om at heile det medisinske etablissementet vil hive sine kollektive armar i vêret i skrekk. Eg kunne ikkje ha brydd meg mindre. Dei har forlate meg, so kvifor skal eg bry meg om kva dei meiner?

Du må ikkje på nokon måte merkje deg kva eg gjer, fordi Mister Google seier at eg er ein diskreditert konspirasjonsteoretikar, og har ikkje lov til å gje råd om noko som helst slags tema. Dessutan kan du vere allergisk mot aspirin, eller bøtte i deg haugar av ordinert søppel som vil interagere med aspirin og produsere napalm eller hummarsuppe.

I staden må du ringje fastlegen og bestille ein hastetime om tre veker frå fyrstkomande fredag, eller på eit eller anna vis kome deg til det lokale apoteket der den 16-årige jenta med toppkarakterar i gymnastikk og for mykje sminke vil fortelje deg korleis du behandlar hjarteinfarktet eller slaget.

Eller kanskje du vil måtte gjere dine eigne undersøkingar, sjå på tidlegare sjukehistorie og bruk av reseptbelagte legemiddel og ta ei informert avgjerd om korleis du best kan behandle deg sjølv og dine familiemedlemmer.

Litt av eit dritland, eller kva? For ei kjip helseteneste.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s