Tidlegare lege i Det kvite hus kjem med skarp kritikk av Biden si legeerklæring – skuldar regimet for å dekkje over sanninga

Av Cristina Laila, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.

Legen til Joe Biden hevda på fredag [17.februar 2023] absurd nok at den 80-årige presidenten, som er ute av stand til å seie ei samanhengjande setning, er «frisk» og «i full vigør».

«President Biden er framleis ein frisk, 80 år gammal mann i full vigør, som er i stand til å vellykka utføre pliktene til presidentskapen, for å inkludere dei til øvste leiar, statsoverhovud og sjefskommandør,» skreiv dr. Kevin O’Connor etter Biden sin årlege helsesjekk.

Det vart ikkje nemnt kva slags legemiddel, om nokon, Biden tek for å halde seg vaken og lese opp talane sine.

Legen til Biden kom ikkje med nokon kognitiv test.

Tidlegare lege i Det kvite hus, dr. Ronny Jackson, sa at Biden si legeerklæring er «alarmerande», og skulda Kvite hus-legen for å dekkje over Biden sitt kognitive forfall.

«Fleirtalet av amerikanarane kan sjå at Biden si mentale helse er i totalt forfall, likevel er det inga openheit frå Det kvite hus rundt kva som skjer, framfor alt adresserer dei ikkje dette temaet og den manglande evna hans til å gjere jobben sin,» fortalde dr. Ronny Jackson til Fox News Digital. «Gårsdagens skriftlege helsesjekk-rapport offentleggjort av Bidens lege, Kevin O’Connor, bekreftar vidare at denne administrasjonen framleis er bestemte på å skjule sanninga.»

Fox News rapporterte:

«EKSKLUSIVT: Republikanar frå Texas, Ronny Jackson, ein tidlegare Kvite hus-lege, krev ein slutt på ‘overdekkinga’ av president Bidens helse, etter at presidentens lege tidlegare i veka påstod at han er frisk og i stand til å tene som øvstkommanderande.

Jackson beit seg òg merke i det faktum at rapporten frå Bidens helsesjekk, den andre han har teke sidan han inntok embetet, ikkje nemnde om presidenten har teke ein kognitiv test opp si ‘forfallande mentale helse’.»

«Ingen stader i rapporten vart Bidens forfallande mentale helse nemnt,» sa Jackson. «Dette er alarmerande, med tanke på at eg allereie har sendt tre brev til Det kvite hus der eg krev at Biden gjennomgår ein kognitiv test, og at resultata blir offentleggjort – alt dette har dei ignorert. Alle kan sjå at noko er gale – denne overdekkinga må ta slutt.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s