Human Rights Service (HRS), der Rita Karlsen er ansvarleg redaktør, og der Hege Storhaug er ein viktig bidragsytar, har i lengre tid følgt ei sak der tre multifunksjonshemma er so økonomisk krevjande å ta seg av at ingen kommunar har råd til å ha dei buande i kommunen. Bakgrunnen er at ein familie med tre sterkt multihandikappa barn reiste frå Irak til Noreg via Russland tilbake i 2015. Familien fekk opphald, men ingen kommune ønskte å ta imot «barna» – som no alle tre er i 20-åra, og som i 2015 var i alderen 15 til 19 år. Grunnen skal ha vore at dei tre ville gjere eit so stort innhogg i kommuneøkonomien at ingen kommunar kunne ta på seg slik ei bør.
Det konkrete tilfellet gjaldt Senja kommune. I 2015 skjedde det som HRS kallar «folkevandringskrisa», der 5500 menneske frå heile verda kom syklande frå Russland for å søkje asyl i Noreg. Det gjaldt òg den irak-kurdiske familien, som då på mystisk vis greidde å få med seg tre multihandikappa tenåringar på sykkel. Som artikkelforfattar Rita Karlsen skriv i nemnde artikkel frå 2020:
«De var, og er, så syke at det er en umulighet at familien kunne ha tatt seg ut av Irak til Storskog-grensen uten betydelig assistanse. Sannsynligheten er også stor for at russiske myndigheter har ‘skyflet’ familien videre til Norge etter at familien har tatt seg til Russland via menneskesmuglere. At familien har brukt menneskesmuglere har faren, Majeed Hasan Abdullah, selv bekreftet overfor media, nærmere bestemt lokalavisen Folkebladet.»
Ifølgje faren skal familien ha selt huset sitt og alt dei eigde for å kunne reise til Europa. I heimlandet var det krig og difor mangel på medisinar og anna bistand til sjuke. Pengane gjekk til dei nemnde menneskesmuglarane, for alternativet var døden.
Karlsen stiller spørsmåla som få vågar å stille:
«Skal det være et selvstendig oppholdsgrunnlag i Norge at du har multifunksjonshemmede barn? Kan Norge redde alle verdens trengende barn?»
Noreg har heimla i lov rettar for menneske med bistandsbehov, og dersom alle bistandstrengjande hadde kome til Noreg, ville det truleg ha rasert norsk økonomi. Velferdssystemet hadde truleg kollapsa. Og mykje tydar på at Noreg A/S slit nok med å ta seg av sine eigne trengjande. Familien fekk avslag på opphald av UDI, men advokaten til familien anka til Utlendingsnemnda, som òg avslo søknaden. Mellom anna meinte UDI og UNE at barna ville få dei helsetenestene dei hadde behov for heime i Irak. Dette førde til oppstyr i media, der blant anna ein konstituert overlege fann det «svært utfordrende» at familien skulle sendast tilbake til heimlandet. Ho braut deretter teieplikta som lege ved å fortelje til media at dei tre syskena hadde ein sjeldan, medfødd, genetisk tilstand – sannsynlegvis arveleg spastisk paraplegi. Ein person med denne lidinga er rullestolbunden og krev bistand og pleie til alle ting, døgnet rundt. Dei to eldste søskena hadde fått innlagt PEG-magesonde fordi dei var so sjuke at dei ikkje kunne innta næring gjennom munnen.
Kort fortalt var «barna» so sjuke at dei ville døy om dei vart sendt tilbake til Irak – der dei jo hadde budd i alle år før familien reiste frå landet. Foreldra fortalte til media at «barna deres ikke kan svelge verken mat og vann, at de ikke kan gå, reise seg eller sette seg, at de sliter med store tannplager og en rekke andre problemer.» I tillegg mangla dei tre verbalt språk. Foreldra var utslitne.
Avslaget på opphald førde til at stortingspolitikaren Torgeir Knag Fylkesnes (SV) engasjerte seg i saka. Noreg var folkerettsleg forplikta til å ta imot dei tre «barna», og denne inhumane utsendinga var feil signal å sende ut i verda sidan Noreg liksom skal vere i verdsklassen når det gjeld å ivareta menneskerettar.
Etter betydeleg press gjorde UNE vedtak om at familien skulle få bli i Noreg. Etter dette byrja dei eigentlege problema. Nemnde artikkel har ei detaljert skildring, men alt starta då foreldra ikkje fekk bu saman med ungane. Dei klaga over lang, dyr pendleveg, og kravde å få dekt utgifter til mat, reise og overnatting når dei var på besøk på institusjonen barna på den tida budde på. Dette gjeld riktignok bebuarar under 18 år, og berre éin av tre ungar var under 18 på den tida.
Lokalavisa Folkebladet starta rundt juni 2018 det HRS kallar ein «kampanje» for at familien skulle få busette seg i dåverande Lenvik kommune (frå 2020 Senja): «I artikkel etter artikkel får ulike stemmer uttale seg om hvor grusomt det er ikke å ta imot denne familien.» Kommunalsjef Rune Holm sa at det var IMDi som anmoda om busetjing, og deretter tok kommunen stilling til anmodninga. Dette hadde ikkje skjedd i dette tilfellet, men IMDI var kjent med at Lenvik hadde teke imot mange personar «som har hjelpebehov ut over normalt nivå». Lokalpolitikar Jasmin Agovic-Nordaas meinte det ikkje var grunn til å vente på anmodning frå IMDi, «det var bare å fatte et administrativt vedtak».
Kommunen hadde ikkje økonomi til å ta imot dei tre multihandikappa personane. Dei stod på den eine sida i denne «krigen» – godheitsposørane stod på den andre sida. Det vart slengt ut påstandar om brot på menneskerettane og «korrupsjonslignende tilstander» i den vesle kommunen der alle kjenner alle. Kommuneadministrasjonen heldt på sitt og stod i stormen: Dersom dei tok imot dei tre, ville det gå utover andre svakarestilte i kommunen, som ville få reduserte tenester og tilbod – i fyrste omgang tenester som ikkje var lovpålagde. Kommunekassen kan ikkje på mystisk vis lage meir pengar utifrå humanitære omsyn, som var noko godheitsposørane såg ut til å tru.
I august 2019 hadde saka i Folkebladet blitt om til at ingen kommunar i Nord-Noreg ville ta dei imot, når faktum var at dei av økonomiske omsyn ikkje kunne. IMDi hadde anmoda fleire kommunar om å ta imot dei tre, men alle hadde takka nei. Bortsett frå det økonomiske aspektet, skal det ha blitt lista opp mangel på kapasitet i tenestetilbodet, manglande tilgang på riktig helsekompetanse og mangel på eigna plassar i bu- og omsorgssituasjonar. Til og med relativt store Tromsø kommune, som har sjukehuset UNN, sa nei.
Meir styr og rabalder følgde frå godheitsposørane, retta mot det dei oppfatta som ein vrang og hjartelaus kommuneadministrasjon. No gjaldt det kor stor del av rekninga Staten skulle hjelpe kommunen med. Om Staten skulle gjere unntak for dei tre, ville den måtte gjere unntak for alle med særskilde behov – for elles ville ein jo i praksis ha fått eit «etnisk lovverk» i Noreg som gjorde skilnad på folk utifrå kva land dei kom frå. Det var ifølgje stortingspolitikar Karin Andersen (SV) hjarteskjerande at foreldra og barna måtte bu vekke frå kvarandre. Ho meinte at dette då måtte vere småtteri for regjeringa å løyse.
Det handla derimot ikkje berre om at foreldra hadde blitt skilt frå barna. Barna hadde òg fått oppnemnt verje. Med andre ord vart foreldra vurdert som uskikka til å ta seg av barna sine personlege og økonomiske interesser. Ingen, sjølv ikkje foreldra, fekk innsyn i kvifor verjemålet hadde blitt oppretta. På generelt grunnlag utnemner ein ikkje eksterne partar som verjer utan vektige grunnar.
Til slutt, mellom anna etter at Folkebladet gjekk so langt som å skulde kommunen for «saksbehandlingsfeil», kom IMDi med anmodning om at dei tre multifunksjonshemma ekskludert foreldra skulle busetjast i Senja kommune (dette var i 2020, etter kommunesamanslåinga). Senja kommune takka nei. Seks år etter at familien fekk opphaldsløyve har ingen andre kommunar takka ja til å ta dei imot heller.
NRK har diverre vinkla det slik at ingen kommunar vil ta imot familien. I artikkelen frå 16.februar 2023 kjem det fram at foreldra har busett seg i ei lita bygd i Senja kommune, nokre minutt unna barna. Barna har ikkje bustadskommune, men bur likevel i Senja. Det kjem ikkje fram i artikkelen kva slags buordning dei har. Eg spør her korleis det er mogleg for nokon å ikkje bu i nokon kommune. (Og eg lurer framleis på korleis gjengen kom seg over den russiske grensa på sykkel med tre rullestolbrukarar på slep…)
Multihandikappa er den mest økonomisk krevjande gruppa i Noreg, og i motsetnad til eldre pleietrengjande, krev multihandikappa livslang, omfattande bistand frå vogge til grav. Om dei har diagnosen psykisk utviklingshemming, er det eit eige lovverk som gjeld for dei. Som HRS skriv i si oppdatering av Senja-saka, har multihandikappa, som går under kategorien funksjonshemma, krav på eigna behandling av lege og anna helsepersonell, medisinar, eigna og tilpassa utstyr, fysioterapi, (gratis) tannlege, bustad, utdanning, jobb, mat, brukarstyrt assistent, ferie, tilpassa aktivitetar med meir. Dei krev ei heildøgnsordning med personale, gjerne i tre skift (dag, kveld, natt). Dei ser ut til å ha rett til å reise på ferie. Noko slikt krev minimum tre temmeleg unge og spreke assistentar. Rullestolbrukarar må ha spesialtilpassa bilar med påkøyringsrampe og fastmonterte setebelte tilpassa rullestolen. Dei har rett til spesialtilpassa opplæring. Som ein av dei HRS snakka med påpeikte:
«Ingen grupper i Norge har bedre, og lovhjemlet, rettigheter enn funksjonshemmede». Vedkomande meinte at dei tre multifunksjonshemma ville koste mellom 6 til 10 millionar per person i året for bustadskommunen. 18 til 30 millionar for alle tre, sannsynlegvis meir. Kostnadene er langt større enn det som Staten dekkjer.
Godheitsposørane ser ut til å meine at kommunane kan trylle fram pengar frå lause lufta. I Senja kommune sitt tilfelle ville det ha kosta minst 5 millionar i året (per person) etter at tilskota frå Staten var trekte frå, dette ifølgje ordførar Tom Rune Eliseussen (Sp). Etter ti år forsvinn ekstratilskotet, slik at kostnadene då vil doble seg. God vilje hjelper lite når kommunekassen er tom. Kanskje alle dei som aggressivt forlanga at Senja kommune skulle blakke seg ut på å ta imot tre pleietrengjande, hadde funne seg i at kommunen då måtte kutte utgifter andre stader, til dømes ved å leggje ned biblioteket, symjebassenget, ungdomsklubben, nedbemanne sjukeheimen og kanskje òg slutte å brøyte og salte vegane om vinteren.
Om ein lèt kjensler dominere i slike komplekse saker, blir resultatet som regel noko heilt anna enn ein hadde rekna med i starten. Kommunar rundt om i landet gjer mykje rart, men i dette tilfellet gjorde dei for éin gongs skuld det riktige. Og det finst jo vitterleg andre land med velutvikla velferdssystem enn Noreg.