Om du nokosinne har lurt på kvifor so mange unge menn er so frustrerte av dating, her er sanninga

Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.

Har du lagt merke til at mange unge menn ser ut til å vere sinte, bitre og frustrerte heile tida? Det er ikkje berre noko du innbiller deg. Der er verkeleg millionarvis av unge menn som er i ein tilstand av djup misnøye fordi dei ikkje kan finne kjærleik. Takka vere visse samfunnstrendar som eg vil diskutere nedanfor, er talet tilgjengelege single unge menn langt høgare enn talet av tilgjengelege single unge kvinner i USA i dag. Faktisk blir det rapportert at single unge menn går utan partner «nesten dobbelt so mykje» som single unge kvinner i USA:

«Meir enn 60% av unge menn er single, nesten den dobbelte raten av unge kvinner utan partner, noko som signaliserer eit større samanbrot av det sosiale, romantiske og seksuelle livet til den amerikanske mannen.

Menn i 20-åra har større sjanse enn kvinner i 20-åra til å vere romantisk uinvolvert, seksuelt inaktive, vennelause og einsame. Dei står i framtroppen av ein epidemi av nedgang i ekteskap, seksualitet og forhold som påverkar heile det unge USA.»

Lat meg vere meir spesifikk.

Ifølgje Pew Research Center, er 34% av unge kvinner i USA for tida ikkje i eit forhold, men for unge menn er det talet 63%:

«Per 2022, har Pew Research Center funne ut, er 30% av amerikanske vaksne ikkje ugifte, har ikkje sambuar eller er i eit forpliktande forhold. Nesten halvparten av alle unge vaksne er single: 34% av kvinner, og heile 63% av menn.»

Ved fyrste augnekast ser ikkje desse tala ut til å gje noka meining.

Rundt 50% av alle unge vaksne er menn, og rundt 50% av alle unge vaksne er kvinner.

So korleis kan der vere slikt eit gap?

Uheldigvis har spelereglane endra seg dramatisk.

I gamle dagar var målet å finne kjærleiken i relativt ung alder, gifte seg og stifte familie saman.

Men no er det å få barn ikkje ein høg prioritet for mange kvinner. Faktisk er der mange kvinner som ikkje ønskjer å få barn i det heile.

I staden har finansielle vurderingar blitt mykje viktigare no for tida. Uheldigvis for unge menn, har eldre menn ein tendens til å ha meir finansielle ressursar enn dei sjølve har.

Og dette gjenspeglar seg i spørjeundersøkingar. Til dømes fann ein studie ut at «tilsetjing» var ein av dei viktigaste faktorane for kvinner når dei evaluerte ein potensiell partner:

«Tilsetjing speler ei rolle for både college-utdanna kvinner og kvinner utan ei grad. 89% av college-utdanna og nesten tre fjerdedelar (74%) av kvinner utan ei grad. Utdanningsskiljet er blant dei minste rundt dette temaet om tilsetjing, noko som antydar at alle kvinner meiner det er viktig å ha ein partner som kan bidra finansielt. Likevel har college-utdanna kvinner større sjanse for å seie at det å vere arbeidslaus er ein risiko hjå ein mogleg partner.»

Mange kvinner er ekstremt reserverte mot å involvere seg med nokon som tener mindre enn dei sjølve gjer, eller har mindre utdanning enn dei sjølve har.

Men no når kvinner tek nesten 60% av alle bachelor-grader, har dette blitt eit stort problem.

Fordi no er talet college-utdanna unge kvinner vesentleg større enn talet college-utdanna menn.

So mange unge kvinner som leitar etter nokon «på sitt nivå» vender seg mot eldre menn.

Politiske synspunkt har òg blitt ein ekstremt viktig faktor i moderne dating:

«Dei største utdanningsgapa i datingpreferansar blant kvinner er utdanningsbakgrunnen til ein potensiell partner, syn på vaksinar, og syn på Donald Trump. Meir enn sju av ti college-utdanna kvinner seier dei mindre sannsynleg ville ha data nokon som støttar Trump (74%), eller er mistenksam overfor vaksinar (72%). Eit fleirtal (54%) av kvinner med ei grad seier dei mindre sannsynleg ville date nokon utan college-utdanning. Langt færre kvinner utan ei grad seier at dei mindre sannsynleg ville ha data nokon som støttar Trump (42%), ikkje stoler på vaksinar (34%) eller ikkje gjekk på college (12%).»

Spørjeundersøking etter spørjeundersøking har funne ut at unge kvinner generelt er langt meir liberale enn unge menn er.

So det gjer det særs vanskeleg for konservative unge menn å finne ønskjelege partnerar.

I mellomtida er mange single unge kvinner ikkje interesserte i menn i det heile.

Og det er fordi dei datar kvarandre.

Gallup har spora den seksuelle legninga til amerikanarar i meir enn eit tiår, og i løpet av den tida har LGBT-identifisering blant dei fleste generasjonar vore relativt stabil:

«Sidan Gallup byrja å måle LGBT-identifisering i 2012, har prosentdelen tradisjonalistar, baby boomerar og Generasjon X-vaksne som identifiserer seg som LGBT vore relativt stabilt. På same tid har der vore ein beskjeden auke blant millennials, frå 5,8% i 2012 (då somme medlemmer av generasjonen enno ikkje hadde fylt 18), til 7,8% i 2017 og 10,5% på noverande tidspunkt.»

Men for Generasjon X har der vore ein enorm eksplosjon.

I 2017 identifiserte 10,5% av amerikanarar i Generasjon X seg som LGBT.

Men innan vi kom til 2021, hadde det talet skote i vêret til 20,8%.

Av dei som identifiserer seg som LGBT, er nesten tre fjerdedelar bifile.

Og rundt rekna tre fjerdedelar av dei som identifiserer seg som bifile, er kvinner.

Dette hjelper på lang veg til å forklare kvifor der er store tal unge menn som ikkje greier å finne forhold.

Tragisk nok har mange single menn på dette tidspunktet rett og slett gjeve opp å finne kjærleiken fullstendig:

«Berre halvparten av single menn søker aktivt forhold eller til og med tilfeldige treff, ifølgje Pew. Det talet er minkande.»

Eg ville verkeleg ha hata å vere singel i dagens verd, fordi det er verkeleg tøft der ute.

So mange menn er djupt frustrerte, og stundom kan all den frustrasjonen føre til tragedie:

«I det verst tenkjelege scenarioet kan den unge amerikanske mannen si fråkopling få tragiske konsekvensar. Unge menn utfører sjølvmord fire gonger so ofte som unge kvinner. Unge menn er i stor grad ansvarlege for aukande førekomstar av masseskytingar, ein trend somme forskarar knyter til deira aukande sosiale isolasjon.»

Eg ønskjer at eg kunne tilby ei enkel løysing på denne krisa.

Men det kan eg ikkje.

Samfunnstrendande som har forårsaka denne krisa kjem sannsynlegvis til å intensivere i åra framfor oss, og det er ikkje gode nyheiter i det heile.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s