WHO påstår at vaksinar er blant dei «mest vellykka og kostnadseffektive folkehelseinngrepa», trass høge vaksinedødelegheitsratar

Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.

Verdas helseorganisasjon (WHO) påstår at vaksinasjonar er blant dei «mest vellykka og kostnadseffektive folkehelseinngrepa» – ei meining som ikkje fell i god jord hjå mange.

På si offisielle nettside hylla det globale helseorganet vaksinasjonar – forkledd under det mindre trugande «immunisering» – som «ei av moderne medisins største suksesshistorier».

Det at WHO går god for vaksinasjonar omfamnar òg injeksjonar for Wuhan koronavirus (Covid-19). Men Patrick Tims, stabsskribent for NaturalHealth365, hadde ei anna meining.

«Den breitt aksepterte forteljinga er at folkehelseinngrep er økonomisk effektive og netto-positivt for menneske. Likevel veit vi at denne forteljinga er ei blank løgn, med tanke på det faktum at den [Covid-19-vaksinen] har forårsaka fleire hundre tusen dødsfall,» skreiv han.

Tims siterte deretter informasjon frå WHO si nettside om Covid-19, som påstod at å bli injisert med propp-sprøytene «gjev sterk beskyttelse mot alvorleg sjukdom, sjukehusinnlegging og død.» I tillegg kom det globale helseorganet med «noko bevis» på at å ta vaksinen vil gjere det mindre sannsynleg for at folk overfører viruset til andre.

«WHO vil at de skal blindt akseptere at avgjerda om å bli injisert er ein offentleg teneste som til slutt vil stoppe spreiinga av dette dødelege viruset,» påpeikte han, og minte folk på at Covid-19-vaksinane til sjuande og sist «ikkje beskyttar mot infeksjon eller hindrar overføring».

Faktisk gjer Covid-19-sprøytene meir vondt enn godt – som bevist av rapportane om alvorlege biverknader og reaksjonar etter injeksjon. Mest framtredande blant dei er blodproppane og hjartebetennelsen som ofte blir knytt til mRNA-vaksinane.

Covid-sprøyter er faktisk det «mest vellykka og kostnadseffektive» avfolkingstiltaket

Som belegg for poenget sitt siterte Tims ein reportasje frå 28.desember 2022 av Daily Exposé om dødsfall i England forårsaka av Covid-19-vaksinen. Reportasjen zooma inn på ein rapport frå 6.juli 2022 av det britiske Office for National Statistics (ONS) som delte opp dødsfall basert på alder og Covid-19-vaksinasjonsstatus frå januar til mai det året.

Rapporten fann ut at britar frå 18 til 16 år som vart injisert med minst éin dose av Covid-19-vaksinen rapporterte dei høgste dødelegheitsratane frå januar til mai. Blant 70-79-årskohorten rapporterte dei med to dosar eller fleire den høgste dødelegheita. For dei over 80 rapporterte dei som var injisert med minst éin dose av Covid-19-vaksinen høgare dødelegheitsratar enn uvaksinerte personar i kohorten. (Relatert: Den britiske regjeringa seier at vaksinerte døyr i ein rate som er 286% høgare enn uvaksinerte.)

I tillegg gjekk dødelegheitsraten blant uvaksinerte i alle kohortar aldri over 50%-merket i den rapporterte femmånadersperioden.

Exposé nemnde at basert på ONS-rapporten «har Covid-19-vaksinane vist seg å vere dødelege, der vaksinerte opplever betydeleg høgare dødelegheitsratar enn uvaksinerte i kvar aldersgruppe.»

«Desse alarmerande tala som i all stillheit vart offentleggjort av [den britiske] regjeringa, kan ikkje bli ignorert. Det er livsviktig at vi set lys på farane knytt til desse vaksinane, og iverkset handling for å beskytte oss sjølve og våre kjære,» skreiv formidlaren.

Tims kom òg med sine råd rundt rapporten, og skreiv at Downing Streets «sjokkerande innrømming» om dødsfalla forårsaka av Covid-19-vaksinen ville vere i strid med WHO sine ytringar.

«Dersom ein tvinga tenestepersonar frå Storbritannia til å sitje i eit rom med representantar frå WHO for å diskutere tryggleiken og effektiviteten til Covid-sprøytene, ville ein bli vitne til litt av ei utspeling av kognitiv dissonans,» skreiv han.

«So snart som du omfamnar ideen at du har blitt logen til, vil du byrje å stille spørsmål med kva som er WHO sitt sluttmål. Korleis kan ein visstnok veldedig organisasjon snu ryggen til dei negative helsekonsekvensane til Covid-sprøytene? Kritiske tenkjarar spør seg med rette om Covid-sprøytene er eit middel for å nå eit vondsinna mål som aldri vil bli fullstendig avslørt for massane.»

I denne videoen snakkar Martin Brodel om den britiske regjeringa si avsløring om at Covid-19-vaksinane er knytt til «fleire hundre tusen dødsfall».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s