Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.
Under dei forhasta kliniske forsøka for Pfizers covid-19-vaksine vart studiedeltakarar skadde og drepne. I staden for å straks avslutte eksperimentet, prøvde Pfizer å dekkje over biverknadene ved å avblinde studien og fjerne pasientane som vart skadde og drepne. [Ein blinda studie er når deltakarane ikkje veit om dei får placebo eller sjølve legemiddelet som skal testast; oms.komm.]. Ein tysk publikasjon, Die Welt, har gått ut med historiene til pasientane som vart alvorleg skadde og drepne av Pfizers bedragerske kliniske forsøk. Hugs at Pfizer og FDA ønskte å hemmeleghalde desse historiene i 75 år, men vart tvinga til å offentleggjere kliniske forsøksdata via ein rettsordre.
Pfizer tvinga studiedeltakarar til å skrive under på ansvarsfråskriving, som frikjende Pfizer for bedrageri
Då deltakarane vart med i dei kliniske forsøka, vart dei tvinga til å skrive under på ei ansvarsfråskriving som gjorde Pfizer skuldlause for forsømmelse og for «bedrageri eller vond tru på vegner av Pfizer sjølve». Desse sadistiske Pfizer-kontraktane kan vere ugyldige fordi beviseleg bedrageri ugyldiggjer alle kontraktar og bryt offentleg politikk ved å oppmuntre til bedrageri. Derimot vart personar som vart skadde under dei kliniske forsøka, fjerna frå den vitskaplege litteraturen og skremde til å teie. Skadane deira vart vurdert som å «ikkje kome frå vaksinen».
31.august 2020 avblinda teststyre-selskapet for Pfizer 53 forsøkspersonar frå det kliniske forsøket ved testsenteret deira i Buenos Aires. Desse testpersonane vart informert om sin vaksinasjonsstatus og fekk lov til å ta sprøyta, noko som øydela kontrollgruppa og dekte over dei ulike symptoma ein observerte hjå dei vaksinerte testpersonane. Desse handlingane av vondsinna bedrageri bana veg for Pfizer til å frekt dekkje over dødsfalla til studiedeltakarar.
Seriedrap kan ikkje bli feia under teppet for alltid
Pfizer testperson C4591001 1162 11621327 var ein 60 år gammal mann som døydde av arteriosklerose tre dagar etter at han fekk sin fyrste dose av Pfizer covid-vaksinen. Sjølv om obduksjonsresultat ikkje var tilgjengelege og relevante testar var ukjende, påstod den medisinske undersøkjaren at dødsfallet skjedde på grunn av «progredierande aterosklerotisk sjukdom». Pfizer sa seg einige med den medisinske undersøkjaren, og inga etterforsking vart sett i gang for å finne ut kvifor den nyleg vaksinerte mannen døydde, og døydde so plutseleg i tillegg.
Pfizer testperson 11621327 vart råka av eit slag berre tre dagar etter å ha fått ein andre dose av Pfizer covid-vaksinen. Han vart funnen død i leilegheita si.
Pfizer testperson 11521497 vart råka av hjartestans berre tjue dagar etter vaksinasjon. Pfizer utførde ei intern etterforsking og fastslo at dødsfalla hadde ingenting å gjere med vaksinen deira.
Ikkje alle var einige med Pfizer i desse tilfella. «Ifølgje den noverande statusen til vitskap, ville desse to tilfella ha blitt tilskrive vaksinasjonen,» sa den farmasøytiske spesialisten Susanne Wagner i Berlin, «spesielt sidan den amerikanske helsestyresmakta CDC for tida etterforskar slag hjå vaksinerte menneske og det er kjent.»
Ein 36 år gammal jurist frå Argentina, Augusto Roux, vart med i dei kliniske forsøka. Han vart råka av brennande brystsmerte, pustevanskar, kvalme og feber straks etter å ha kome heim etter å ha fått sin andre dose av Pfizers covid-sprøyte. Under den fyrste 40-minutts observasjonsperioden var Roux i fin form, men på veg heim råka symptoma han plutseleg. På sjukehuset måtte legar fjerne væske som hadde danna seg rundt hjartet. Han leid av væskeutsiving i hjarteposen [perikardial effusjon], og urinen hans vart svart. I utskrivingsrapporten skildra legar situasjonen som å høgst sannsynleg vere ein «uventa biverknad frå koronavirus-vaksinen». Roux strevde dei neste månadene med ujamn hjarterytme, leverproblem og plutseleg vekttap.
Pfizer laug til slutt om Roux sin livstrugande vaksineskade, og inkluderte ikkje ein ærleg rapport om skaden hans i rapportane frå dei kliniske forsøka. Pfizer skildra situasjonen som ein «uventa giftigheitsbiverknad, nivå 1» som hadde ingenting med vaksinen å gjere, fordi ein covid-infeksjon ikkje kunne utelukkast. Roux testa negativt fleire gonger for covid medan han leid seg gjennom vaksineskadane.
På grunn av Pfizers frekke bedragerihandlingar, villeiing og deira gjentekne forsøk på å avblinde forsøka og skjule dataa, kan det farmasøytiske selskapet i praksis få alle sine kontraktar annulerte – og deira sjølvpåførde ansvarleggjeringsvern rive i stykke. Alle som er involvert i denne medisinske tenesteforsømmelsen må bli haldne ansvarlege.