Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Hordar av menneske har flytta frå California og andre kystdelstatar til ein region av landet kjent som «Den indre vesten». Delstatane Montana, Idaho, Wyoming, Nevada, Utah, Colorado og Arizona har alle opplevd ei sterk tilstrøyming av nye innbyggjarar i seinare år, og dette har vore spesielt markant sidan byrjinga på pandemien. So kva forårsakar denne masseutvandringa? Utan tvil speler fleire faktorar inn, men ein av dei viktigaste er veksande konsensus om at samfunnet vårt er på veg mot alvorlege vanskar. Millionar av amerikanarar kan sjå at hendingar er i ferd med å kome ut av kontroll rundt seg, og dei ønskjer ikkje å sitje fast i eit tett befolka område når det store samanbrotet uunngåeleg skjer.
I løpet av det siste tiåret har eg [Michael Snyder] skrive mange artiklar om kvifor folk vel å forlate California, men aldri har vi sett folk forlate delstaten i slik ein fart som vi har sett dei siste to åra:
«California har opplevd ein skarp nedgang i befolkninga dei seinare år, der 500 000 innbyggjarar har forlate delstaten i løpet av dei siste to åra.
Covid-19-pandemien bidrog til befolkningstapet, men er ikkje den einaste årsaka. Høge bustad- og levekostnadsprisar, høge kriminalitetsratar i urbane strok, og lang pendleveg har alle òg bidrege til utvandringa, sidan innbyggjarar flyttar til mindre folkerike delstatar, ifølgje Los Angeles Times.»
Store tal av desse eks-kaliforniarane bestemmer seg for å flytte til Den indre vesten. I Utah har dette utvikla seg til slikt eit problem at delstatsguvernøren faktisk seier til dei at dei ikkje er velkomne:
«Guvernøren i Utah sa til reporterar utanfor Det kvite hus fredag at kaliforniarar burde halde seg vekke frå delstaten hans.
Guvernør Spencer Cox svarte på spørsmål då han og andre guvernørar var på veg vekk frå eit møte med president Biden. Medan han la vekt på nokre få hovudproblem i delstaten, sa han at befolkningsforflyttinga frå California til Utah er eit reelt problem, og at det må ta slutt.
Utah var den raskast veksande staten i nasjonen dei siste ti åra, sa han, og mykje av veksten kjem frå kaliforniarar som flyktar frå The Golden State [kallenamnet til California; oms.an.].»
Naturlegvis kan han ikkje lovleg hindre eks-kaliforniarar i å flytte dit, so dette kjem berre til å halde fram med å skje.
Mange av dei som kjøper bustader i Den indre vesten ville ha blitt sett på som «prepperar», og ein reporter i Vanity Fair ved namn James Pogue intervjua nokre av dei for sin nylege artikkel med tittelen «Inside the Dissident Fringe, Where The New Right Meets The Far Left, And Everyone’s Bracing For Apocalypse» [fritt omsett «inne i dissident-utkanten, der det nye høgre møter det venstreekstreme, og alle førebur seg på apokalypsen»]:
«Rike og veltilknytte prepperar og ‘back-to-the-landers’ [«tilbake til landet-gjengen»] har flytta vestover, og mange av dei er i det minste delvis involvert i det nettbaserte utkantfenomenet kjent som Dissident-høgre. Tech-leiarar og kryptoinvestorar skaper hemmelege grupper for å hjelpe folk med å «stikke av» [exit i originalartikkelen] – ein terminologi som har teke på seg nesten mystisk tyding i somme krinsar nyleg – frå vårt liberale samfunn, teknologidominerte liv, og kaotiske system. Og der finst meir storslegne planar, for heile utbrytarrørsler som bruker krypto og desentraliserte autonome organisasjonar [DAO] for å byggje heile mini-samfunn, mange etter modellen av det som Balaji Srinivasan, tidlegare partner i Andreessen Horowitz, kallar ein «nettverksstat». (Wyoming vart nyleg den fyrste delstaten i landet som tillèt DAO-ar å bli inkorporerte som private selskap.)»
Eg vil oppmuntre dykk til å lese heile artikkelen.
Eg synest den var temmeleg avslørande.
Amerikanarar frå alle samfunnslag hatar kva som blir gjort mot landet, og dei ønskjer å kome seg so langt vekk frå den kulturelle ròten som dei overhovudet kan.
Lat meg dele eit døme som demonstrerer kor avskyeleg kulturen vår har blitt. Ei ung jente ved namn Yana vart plassert på ein offentleg skule i California etter å ha kome frå Ukraina, og opplevinga hennar har vore so frykteleg at ho «lengtar etter å vende tilbake til sitt krigsherja land»:
«Ei ukrainsk flyktningjente som busette seg i San Francisco med mora si, opplever offentleg skule i byen som so valdeleg at ho lengtar etter sitt krigsherja heimland, der ho føler at barn er mindre vondskapsfulle mot kvarandre.»
Berre tenk på det.
Skular i California er so fryktelege at ho heller vil stå overfor risikoen for å bli sprengt i fillebitar av russiske missil.
Ifølgje Yana er elevar fullstendig ute av kontroll på den skulen ho har blitt tvinga til å gå på:
«Elevar avbraut undervisninga, hoppa på pultar, banna til lærarar. Fyrst lurte Yana på kva som skjedde, men deretter ‘skjedde det ingenting’. Elevar vart ikkje disiplinerte eller hindra i å gjenta åtferda.»
So no vil ho berre reise heim igjen, men det kjem ikkje til å skje.
Når ein snakkar om krigen, stansa den russiske presidenten Vladimir Putin den siste atomvåpenavtalen med USA som framleis var i kraft:
«Russlands leiar Vladimir Putin erklærte i ein nesten to timar lang tale tysdag [21.februar 2023] den einsidige avsluttinga av den mangeårige New START-avtalen som set avgrensingar på amerikansk og russisk atomutvikling, og skildrar vestleg støtte for Ukraina midt i ein pågåande russisk invasjon som ein eksistensiell trugsel overfor Russland.
Putin tok seg òg tid til å gjenta påstanden sin om at administrasjonen til den noverande ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky var ‘nynazistisk’ i sin ideologi, og til å fordømme ‘perversjon’ og ‘åndeleg katastrofe’ i Vesten, og brukte spesielt tid på å fordømme den anglikanske kyrkja for å visstnok vurdere ‘ideen om ein kjønnsnøytral Gud’.»
Dersom du vurderer å flytte til Den indre vesten, har eg nokre råd til deg.
Med mindre du ønskjer ein særs rask død, ikkje flytt nær ein militærbase eller nokon av våre missil-siloar.
Når atomkrigen bryt ut, vil desse vere høgprioriterte mål.
I tillegg har mykje av Den indre vesten strevd med tørke.
So dersom du bestemmer deg for å flytte til Den indre vesten, vel ein stad med tilstrekkjelege vassressursar.
I den nye boka mi End Times har eg mykje meir råd til dei som ønskjer å førebu seg på dei turbulente tidene som raskt nærmar seg.
Dersom du trur at ting er kaotiske no, berre vent til vi kjem eit par år til ned vegen.
Samfunnet vårt er i ein samanbrotsprosess rundt oss, og det vil ikkje ta lange tida før masseutvandringa frå tett befolka område blir reine flukta.