Legar forsvinn frå akuttmottak fordi sjukehus kuttar i kostnader

Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.

For tida forsvinn legar frå akuttmottak fordi sjukehus kuttar i kostnader, takka vere private firma som stikk fingrane sine inn i helseomsorgsindustrien.

Kaiser Health News (KHN) zooma inn på eit tilfelle i eit Tennova Healthcare-føretak i Clarksville i delstaten Tennessee. Sjukehuset hadde outsourca akuttmottaka sine til American Physician Partners (APP), eit helsepersonell-bemanningsselskap støtta av private investorar. Eit konfidensielt selskapsdokument som KHN og National Public Radio fekk tak i, avslørte at APP tilset færre legar på akuttmottaka som eit kostnadssparande tiltak for å auke profitten.

«APP har talrike kostnadssparande tiltak undervegs som del av selskapet sin stadige fokus på kostnadsoptimalisering,» stod det i dokumentet. Blant desse tiltaka var ei «forskyving av bemanning» mellom legar og mellomnivå-praktikantar, slik som sjukepleiarar og legeassistentar. Mellomnivå-praktikantar kan utføre mykje av dei same oppgåvene som legar og generere mykje av den same inntekta, men for mindre enn halvparten av lønna.

APP forsvarte bemanningsforskyvinga i ei melding, der dei sa at dei jobbar for å sikre at alle akuttmottak forblir fullbemanna. Dei skrytte opp denne «blandingsmodellen» som lèt legar, sjukepleiarar og legeassistentar «tilby omsorg etter sitt fullaste potensiale».

Dr. Robert McNamara, øvste medisinske leiar i American Academy of Emergency Medicine, skjelte ut APP og andre helsepersonell-bemanningsfirma som dei mest aggressive einingane når det gjeld å erstatte legar for å kutte i kostnader.

«Det er eit relativt enkelt reknestykke,» sa han. «Deira største utgift er dei autoriserte akuttlegane, so dei kjem til å vilje halde den utgifta so låg som mogleg.»

KHN utbroderte at private selskap «samlar opp pengar frå velhaldne investorar for å kjøpe seg inn i ymse industriar, der dei ofte kuttar i utgifter og er ute etter å snu bedrifter på hovudet på tre til sju år. Medan denne forretningsmodellen er bevist å tene pengar på Wall Street, reiser det bekymringar innan helseomsorga, der kritikarar er urolege for om presset om å tene store pengar vil påverke avgjerder knytt til liv og død, som tidlegare vart fullstendig overlatne til medisinske profesjonelle.»

Kostnadskuttande tiltak gjer ting verre for pasientar

Kritikarar seier derimot at dei kostnadskuttande tiltaka set pasientar i fare for feildiagnostisering, høgare medisinske rekningar og utilstrekkjeleg omsorg – der ymse artiklar stadfestar dette.

Ein slik artikkel av National Bureau of Economic Research, som vart publisert i oktober 2022, såg på rundt 1,1 millionar besøk til 44 akuttmottak gjennom Veterans Health Administration (VHA). Sjukepleiarar ved VHA kan behandle pasientar utan oversyn frå lege.

Forfattarane av studien fann ut av behandling av ein sjukepleiar resulterte i sju prosent auke i omsorgskostnader i snitt, og 11% auke i lengda på opphaldet. Dessutan fann dei ut av akuttmottakspasientar som vart behandla av ein sjukepleiar hadde 20% større risiko for å bli gjeninnlagt på sjukehuset av unngåelege grunnar innan 30 dagar.

KHN siterte òg den mest openberre påminnaren om farane ved å outsource omsorg til mindre formelt opptrena praktikantar i artikkelen sin. Dei delte prøvelsane til Natasha Valle, som besøkte det same Tennova Healthcare-sjukehuset på grunn av ein spontanabort.

Ho besøkte fyrst sjukehuset i januar 2021 på grunn av blødning, men vart sendt heim etter ei undersøking. Valle kom tilbake då ho fekk særs smertefulle krampar, berre for å bli sendt heim igjen nok ein gong. Det viste seg å ta tre turar til akuttmottaket, med tre separate rekningar, før ein lege endeleg kunne sjå på blodprøveresultata hennar og bekrefte at ho jo hadde spontanabortert.

«På den tida tenkte eg ikkje ‘åh, eg må til lege’,» hugsa Valle. «Men når du tenkjer på det, er det som om, ‘Vel, kvifor gjekk eg ikkje til lege?’.»

Det er framleis uklart om dei gjentekne besøka var på grunn av forseinkingar relatert til legetilsyn, men erfaringa uroa ho. KHN rapporterte at Valle framleis betaler på rekningane frå akuttmottaksbesøka i skrivande stund. I mellomtida avslo Tennova Healthcare å diskutere saka hennar på grunn av teieplikta.

I denne videoen avslører varslaren AJ DePriest korleis sjukehusa i Tennessee blir betalt kvar gong ein pasient blir innlagt på grunn av Wuhan koronavirus (Covid-19)-infeksjon på «The HighWire».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s