Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.
Tilsette i EU-organet har visstnok frist til midten av mars for å slette appen frå apparata sine.
Europakommisjonen (EC) har gjeve sine tilsette ordre om å avinstallere den populære, kinesiskeigde sosialmedieappen TikTok frå arbeidsapparat, og forklarer trekket som naudsynt for å styrke cybertryggleiken.
For å beskytte EC sine data og auke cybertryggleiken, har leiarstyret «valt å avslutte TikTok-applikasjonen på arbeids- og private apparat som er del av kommisjonen sine mobilapparat-tenester,» ifølgje ei melding publisert av organet torsdag [23.februar 2023].
Staben har fram til midten av mars å lyde, eller misse tilgang til EC-e-posten sin og Skype for Business-appar, rapporterte EURACTIV, og siterte ein IT-e-post sendt til staben.
Ein TikTok-talsperson sa til EUROACTIV at forbodet er «dårleg planlagt og basert på fundamentale misforståingar» om sosialmedieplattforma. Talsmannen sa at selskapet har «kontakta Kommisjonen for å skvære opp i ting og forklare korleis vi beskyttar dataa til dei 125 millionar menneska i EU som kjem til TikTok kvar månad.»
I USA sist månad introduserte ei gruppe republikanske lovgjevarar «No TikTok of United States Devices Act», som har som mål å forby plattforma på alle apparat i landet. Ein av forfattarane av lovforslaget, senator Josh Hawley (republikanar, delstaten Missouri), argumenterte på den tida at appen «opnar døra for at Det kinesiske kommunistpartiet kan få tilgang til amerikanarars personlege informasjon, kva dei skriv og kor dei bur gjennom aggressiv datainnhausting».
I desember 2022 gav Texas-guvernør Greg Abbott ordre til dei delstatlege byråa om å «eliminere alle cybertryggleiksrisikoar som TikTok utgjer» og forbaud bruken av appen på apparat som kom frå staten. Rapportar på den tida antyda at lovgjevarar og staben ved US House of Representatives òg hadde fått instruks om å avinstallere appen frå alle arbeidsapparat.
FBI-direktør Christopher Wray sa under ei høyring i House Homeland Security Committee i fjor at byrået hadde «bekymringar relatert til nasjonal tryggleik» om TikTok, inkludert «moglegheita for at den kinesiske regjeringa kan bruke den til å kontrollere datainnsamling frå millionar av brukarar, eller kontrollere anbefalingsalgoritmen».
I ein kommentar til påstandane på den tida, skulda talskvinne i det kinesiske utanriksministeriet, Mao Ning, amerikanske embetsmenn for å «spreie desinformasjon» i eit forsøk på å diskreditere eit stort kinesisk selskap som konkurrerer med vestlege sosialmediekjemper.
ByteDance, morselskapet til TikTok, avviste òg påstandar om at dei nokosinne har hatt planar om å spore amerikanarar.