Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein tidlegare leiar innan farmasøytisk industri, Sasha Latypova, har stått fram med fordømmande informasjon som knyter USA sitt forsvarsdepartement (DoD) og Pfizers Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksine»-plan til Det kinesiske kommunistpartiet (CCP).
Statlege dokument som Latypova har fått tak i, viser at DoD inngjekk partnerskap med eit CCP-tilknytt legemiddelselskap for å utvikle og distribuere «agentane for biologisk krigføring marknadsført som ‘Covid-19-vaksinar’» frå Pfizer og BioNTech.
«Det er merkverdig at det amerikanske DoD gav ti milliardar dollar… til eit føretak der den største andelshavaren er Det kinesiske kommunistpartiet,» skreiv Latypova i ein Substack-artikkel 28.desember [2022].
I løpet av det siste året har Latypova sleppt frå seg fleire sensasjonelle avsløringar som gjeld Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar», som alle er ein bløff [«vaksinane», ikkje avsløringane; oms.an.].
Statlege embetsmenn, påstår Latypova, har prøvd å skjule forholdet mellom Pfizer, den amerikanske djupstaten og kommunist-Kina, sidan det har med covid-injeksjonar å gjere – men katten er no ute av sekken.
«Eg veit kva som står i den svartsladda delen,» skreiv Latypova om bilete ho delte av tungt sensurert tekst som namngjev den tredje parten som var i partnerskap med Pfizer og BioNTech for «med-utviklinga og distribueringa» av ein «koronavirus-vaksine».
«Fosun Pharmaceuticals… det var ikkje vanskeleg å finne ut,» avslørte ho.
(Relatert: Tre månader før covid dukka opp, gav DoD ein «Covid-19-forskingskontrakt» til eit ukrainsk selskap.)
Den burde eigentleg ha blitt kalla Fosun-Pfizer-BioNTech covid-«vaksinen»
Eit anna dokument datert 16.mars 2020, gjev substans til Latypova sin påstand om at Fosun er den sensurerte tredjepartspartneren som arbeidde med Pfizer, BioNTech og CCP for å sleppe laus coviv-sprøyter under Operasjon Warp Speed.
Denne «strategiske alliansen», står det i det dokumentet, vart danna for å sikre rask utvikling og kommersialisering av dei eksperimentelle, genredigerande injeksjonane.
«Pfizer-BioNTech er eigentleg ein trepartsallianse: Fosun-Pfizer-BioNTech, og med ‘part’ meiner eg at ein av dei tre er Det kinesiske kommunistpartiet,» held Latypova fast på.
«Fosun er eit digert kinesisk konglomerat som eig eit stort tal globale selskap, og leiaren deira, Guo Guangchang, er ein svært høgtståande medlem av CCP.»
Ifølgje Forbes er Guangchang no verdt over fire milliardar dollar, og er medlem i minst tre ulike CCP-lojale organisasjonar, inkludert Den tolvte kinesiske folkets politiske konsultative konferanse (CPPCC).
Under oversynet og leiinga til CCP, tilbyr CPPCC konsultasjon og rådgjevande input til ymse CCP-lovgjevande organ.
Latypova, som har sitt opphav i Sovjetunionen, har eit unikt og innsynsrikt perspektiv på geopolitikken til kommunist-Kina, som er naboland med Russland.
«I Kina er kvar større arbeidsgjevar, spesielt i noko strategisk slik som biofarma-sektoren, kontrollert av CCP,» seier ho, og legg til at dette òg var tilfellet i heimlandet hennar.
«… i Sovjetunionen, der kvar arbeidsplass hadde ein ‘partorg’, ein oppsynsmanns-representant frå Kommunistpartiet, eller eit heilt departement av dei.»
Der er òg ein fjerdepart som er involvert i alt dette: Israel. Det israelske helseministeriet vart lagt til «pharmacoviligance»-avtalen for datadeling 6.januar 2021, dagen då det sokalla «opprøret» i den amerikanske hovudstaden fann stad. [Nonsensordet «pharmacovigilance» kan best omsetjast til «farmakologi-vake»; oms.komm.]
Latypova seier at denne kvartetten vart einige om å «telje kroppane og dele dataa med kvarandre».
Latypova står òg fast ved at DoD hadde direkte ansvar for produksjonen og distribueringa av alle covid-injeksjonar sleppte laus av Trump-administrasjonen og deira Operasjon Warp Speed-plan.
Desse sokalla «vaksinane» vart aldri kategorisert av DoD som legemiddel eller farmasøytiske preparat, men heller som «Covid-mottiltak» under autoriteten til militæret. Dette er grunnen til at Trump sleppte dei laus som ein militæroperasjon etter å ha erklært at covid er ei helsekrise av ein pandemisk natur.