Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Den russiske presidenten Vladimir Putin tek fleire steg som gjer atomkrig med USA langt meir sannsynleg no enn nokon gong sidan den kubanske missilkrisa i 1962.
Under ein tale til det russiske folket denne veka, og som respons på dei aukande diplomatiske spenningane mellom Moskva og Vesten, erklærte Putin at Moskva kom til å stanse si deltaking i den siste gjenverande atomvåpenkontroll-avtalen mellom USA og Russland. I tillegg har Putin sagt at Russland vil halde fram sin militærkampanje i Ukraina, noko som vidare forverrar gapet mellom Russland og vestlege nasjonar, rapporterte The Wall Street Journal.
Putins nylege kommentarar knutt til New Start våpenkontroll-avtalen kom som del av ein omfattande tale til Russlands føderale lovgjevande makt i Moskva. Under talen gjentok han trua si på at Vesten har vore ansvarleg for å provosere fram det han har kalla ein «spesialmilitær-operasjon» i Ukraina. I mellomtida heldt president Joe Biden ein tale i Polen denne veka òg, etter eit nyleg besøk i Kyiv [Kiev], der han gjenbekrefta USA si forplikting til å støtte Ukraina, rapporterte Wall Street Journal.
«Dei ønskjer å dele ut til oss eit strategisk nederlag og blandar seg inn i våre atomfasilitetar. I denne konteksten må eg erklære i dag at Russland stansar si deltaking i Traktaten om strategisk-offensive våpen,» sa den russiske leiaren til den føderale forsamlinga.
Wall Street Journal skreiv vidare:
«Det amerikanske utanriksdepartementet i en rapport sendt til Kongressen sist månad, konkluderte at Russland allereie hadde brote New Start-avtalen om å kutte langtrekkjande atomvåpen ved å nekte å tillate stadlege inspeksjonar og ignorere Washington sine førespurnader om å diskutere bekymringar knytt til lydigheit. Det var fyrste gong USA hadde skulda Russland for å bryte avtalen, som tredde i kraft i 2011, og kom blant forverrande spenningar mellom Washington og Moskva på grunn av krigen i Ukraina.
Biden-administrasjonen hadde vore ivrige etter å ivareta New Start-avtalen, og hadde pressa Russland til å korrigere brota.»
I mellomtida ber Den russiske føderasjonen om ei internasjonal etterforsking rundt sabotasjen av landet sine Nord Stream naturgass-røyrleidningar etter ein lengre rapport frå ein amerikansk journalist [Seymour Hersh; oms.an.] som påstod at Biden-regimet var ansvarleg.
USA har avfeia Russland si skulding av dei for å provosere fram ein militærkonflikt i Ukraina som «fullstendig falske». USA har skulda Russland for å prøve å avleie merksemd frå kritikk for deira uprovoserte invasjon av Ukraina 24.februar 2022, og deira pågåande åtak på ukrainsk sivil infrastruktur, rapporterte Washington Post denne veka.
Desse utvekslingane fann stad i FNs tryggleiksråd, som har blitt det einaste offentlege forumet for direkte, og ofte fiendtleg, kommunikasjon mellom USA og Russland. Blant 15-medlemsrådet har berre Kina uttrykt fullstendig støtte for Russlands forslag om ei spesialundersøking frå FN, la Washington Post til.
«Ei enkel melding som består av vitterleg falsk og komplett fiksjon er tydelegvis ikkje nok til å svare på dei mange spørsmåla og bekymringane som er reist rundt om i verda,» sa Kinas FN-ambassadør Zhang Jun, og refererte til den amerikanske avvisinga av skuldingane for Nord Stream-sabotasje. Kravet om ei uavhengig etterforsking «er fullstendig legitimt og rimeleg,» la han til, ifølgje avisa.
Sverige, Danmark og Tyskland utførde etterforskingar på skaden gjort på Nord Stream rundt fem månader seinare, skreiv avisa. Ifølgje eit brev frå desse regjeringane til Tryggleiksrådet tysdag [21.februar 2023], har etterforskingane avslørt av røyrleidningane leid omfattande skade på grunn av kraftige eksplosjonar forårsaka av sabotasje.
«Desse etterforskingane har enno ikkje blitt avslutta,» stod det i brevet, ifølgje Washington Post, og «på dette punktet er det ikkje mogleg å seie når dei vil bli avslutta.» Russiske styresmakter «har blitt informert når det gjeld dei pågåande etterforskingane,» la brevet til.
Kvifor vår demokratiske president ønskjer atomkrig mot Russland er opptil kvar og enkel å gjette.