Mike Adams og Alex Jones hadde rett: Ein diger amerikansk energileverandør spår straumbrot i 13 delstatar takka vere Biden-regimet sitt press for «fornybar energi»

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein diger energiprodusent spår rullerande straumutkoplingar og langvarige straumbrot dei neste åra fordi Biden-regimet tvingar landet til å stole meir på fornybar energi og mindre på fossilt drivstoff, akkurat som Natural News-grunnleggjar og redaktør Mike Adams, saman med den populære radioverten og kringkastaren Alex Jones, har spådd.

«Åtvaringane dukkar stadig opp om at den påtvinga energiovergangen til fornybart drivstoff destabiliserer det amerikanske straumnettet, men følgjer nokon i regjeringa med? Nok eit SOS kom fredag [24.februar 2023] i ein illevarslande rapport frå PJM Interconnection, ein av dei største nettoperatørane i nasjonen,» skreiv redaksjonsstyret i The Wall Street Journal i slutten av førre veke.

PJM-rapporten kjem med ein spådom om kraftforsyning og -behov i dei 13 delstatane som ligg i territoriet deira, som dekkjer ei befolkning på 65 millionar, fram til 2030. Deira primære funn antydar at fornybare kjelder blir utvikla i eit langsamare tempo enn dei fossildrivne kraftverka blir utfasa, som kan resultere i energi-«ubalanse». Dette er ein taktfull måte å indokere at straummangel og straumbrot kjem til å finne stad, skreiv redaksjonen.

Typisk genererer PJM eit overskot av kraft på grunn av sin omfattande fossildrivstoff-flåte, som dei eksporterer til nærliggjande kraftnett i Midvesten og Nordausten. Når vindkrafta gjekk ned i Midtvesten og sentrale delstatar sist veke, hjelpte PJM med å fylle gapet mellom forsyning og behov, og sikra dermed at lyset framleis var på, heldt WSJ-redaksjonsstyret fram.

Dette er grunnen til at PJM sine siste spådommar er alarmerande, sidan organisasjonen forventa rein betydeleg nedgang i sine kraftreservar ettersom kol- og naturgass-kraftverk held fram med å bli utfasa, sa redaksjonsstyret. Rapporten indikerer at om lag 40 000 megawatt (mW) med kraftgenerering, tilsvarande straumforsyninga til 30 millionar heimar, kan bli utfasa innan 2030. Dette representerer om lag 21% av PJM sin eksisterande genereringskapasitet.

Ifølgje rapporten er fleirtalet av forventa kraftverk-utfasingar eit resultat av politisk drivne faktorar. Til dømes er rundt 10 500 mW av fossildrivstoff-generering forventa å stengje ned på grunn av høge kostnader tilknytt det å lyde retningslinjer frå Environmental Protection Agency [«byrå for miljøbeskyttelse»], som inkluderer ein føreslegen «god nabo-regel» som er forventa å bli innført neste månad.

Rapporten set fokus på det at kraftselskap sine forpliktingar til ESG (environmental, sosial and governance [«miljø, sosialt og styre»]) òg er ein pådrivar for nedstenging av kolkraftverk. Klimapolitikk i Illinois og New Jersy er forventa å minke kraftgenerering med 8900 mW. Eitt spørsmål som oppstår fråd esse utviklingane er om desse delstatane har tenkt å lite på naboregionar for kraftforsyning.

Redaksjonsstyret sin meiningsartikkel heldt fram:

«Mange delstatar har etablert ambisiøse fornybare mål, og Inflation Reduction Act stør rundt seg med enorme subsidiar til vind-, sol- og batteri[kraft]. Men rapporten seier at den ‘historiske fullføringsraten for fornybare prosjekt har vore omtrent 5%’, delvis på grunn av løyveutfordringar. I eit optimistisk tilfelle estimerer rapporten 21 000 mW av vind-, sol- og batterilagringskapasitet vil bli lagt til nettet innan 2030 – rundt halvparten so mykje som dei forventa utfasingane av fossildrivstoff.»

I tillegg er det ei anna bekymring for at behovet for elektrisk kraft vil eskalere sidan datasenter blomstrar, og regjeringa pressar på for elektrifisering av køyretøy, oppvarming og andre område. Rapporten set fokus på at Loudoun fylke, delstaten Virginia, har den «største konsentrasjonen av datasenter i verda», som vil bidra til auken i kraftbehov, skriv styret.

«Rapporten seier ikkje dette, ingen tvil på grunn av det å ville halde tunga beint i munnen politisk, men konklusjonen er klar. Venstresida sin overgang til grøn energi er ikkje kompatibel med ein veksande økonomi og forbetrande levestandard,» seier styret. «Fornybare [energikjelder] gjev ikkje påliteleg kraft 24 timar i døgnet, 365 dagar i året, og den progressive kampanjen for å stengje ned kol- og gasskraftverk vil uunngåeleg føre til straummangel.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s