Fauci innrømte nettopp at heile «vitskapen» bak forsøket på å stoppe covid med vaksinar ikkje fungerer

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

I ein kommentar til Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksine»-eksperimentet denne veka, innrømte tidlegare leiar i National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID) Tony Fauci at sprøytene ikkje fungerer slik det vart påstått.

«Å prøve å kontrollere slimhinnelokaliserte luftvegsvirus med systematisk administrerte, ikkje-replikerande vaksinar har so langt i stor grad vore mislykka,» skreiv Fauci i ein ny artikkel publisert i tidsskriftet Cell Host & Microbe, med tittelen «Rethinking next-generation vaccines for coronaviruses, influenza viruses, and other respiratory viruses» [«Om å tenkje på nytt angåande neste-generasjonsvaksinar for koronavirus, influensavirus og andre luftvegsvirus»].

Til og med etter å personleg ha pusha sprøytene, innrømmer Fauci, og erkjenner med det at landet i utbreidd grad ikkje godkjenner Operasjon Warp Speed, at alt USA og verda vart fortalt om Fauci-influensasprøytene [Covid-19-«vaksinane»] var ei løgn – oisann!

No er Fauci plutseleg overbevist om – sjølv om han hevda det motsette tidlegare – at kinavirus-sprøyter [Covid-19-«vaksinar»] ikkje er effektive, noko som tydar at dei ikkje fungerer. Det er heller best, innrømmer Fauci sin nye studie, å stole på naturleg immunitet.

«Gjennomgangen gjer det tydeleg at vaksinar mot luftvegsvirus slik som influensa eller koronavirus (altso SARS-CoV-2 ansvarleg for COVID) er særs lite sannsynleg å oppnå nivåa av effektivitet som vi forventar av andre vaksinar,» skriv David Bell for The Epoch Times.

«Forfattarane skriv at CDC-data som viser influensavaksinar, som no blir pressa på alle frå seks månaders alder og oppover, har ein effektivitet som går frå berre 14% til maksimalt 60% sidan 2005 (om ein hadde gått tilbake 17 år [til 2006], hadde dette blitt lågna til 10%, der gjennomsnitts-effektiviteten på vaksine (VE) hadde lege under 40%).»

(Relatert: Sommaren 2021 innrømte Fauci i full offentlegheit at covid-«vaksinar» er ansvarlege for å spreie meir sjukdom – men Biden heldt fram med å tvinge dei gjennom.)

Vaksinar fungerer ikkje mot luftvegsvirus, punktum finale

Fordi virus konstant muterer om til nye «variantar» og «undervariantar», er det å prøve å kontrollere dei med vaksinar fånyttes. Sjølv om ei sprøyte fungerer, eller ser ut til å fungere, mot det opphavlege viruset, vil det originale viruset raskt vinne over vaksinen og gjere den ubrukeleg.

«… våre beste godkjende influensavaksinar vil vere utilstrekkjelege for å bli autoriserte for dei fleste andre sjukdommar som kan unngåast med vaksinar,» står det i artikkelen til Fauci. «… det er ikkje overraskande at ingen av dei i hovudsak slimhinnelokaliserte luftvegsvirusa nokosinne har blitt effektivt kontrollert av vaksinar.»

«Vaksinane for desse to svært ulike virusa har felles karakteristikkar: dei maner fram ufullstendig og kortvarig beskyttelse mot utviklande virusvariantar som slepp unna befolkningsimmunitet.»

Artikkelen forklarer deretter at virus formeirar seg hovudsakleg i lokalt slimhinnevev utan å forårsake viremi [stadiet der symptom oppstår; oms.an.]. Dette tydar at virus aldri skikkeleg møter immunforsvaret eller den fulle krafta av den tilpassingsdyktige immunresponsen, som tek opp til ei veke å mogne skikkeleg.

Dette er langt forbi punktet viral formeiring og på veg mot overføring til andre, og er altso grunnen til at til og med den rådande makta innrømte at covid-sprøyter ikkje kunne stoppe infeksjon eller overføring, noko som gjerd ei ubrukelege.

Det var òg ei feilnemning, seier Fauci no, for styresmaktene å fokusere på sirkulerande antistoff slik som IgG og IgM i å kontrollere covid-infeksjon. Det viser seg at slimhinne-antistoff slik som IgA, lokalisert i det øvre luftvegsrøyret, speler ei mykje større rolle for immunitet – og desse slimhinne-antistoffa blir ikkje stimulert av injiserte vaksinar i det heile.

«Viktigheita av slimhinne-sekret-IgA (sIgA) i patogen-spesifikke responsar mot virale luftvegsinfeksjonar har lenge blitt verdsett for influensavirus, RS-virus og meir nyleg SARS-CoV-2,» forklarer artikkelen vidare.

Når til og med Fauci er tvinga til å tilstå at sprøytene som han tidlegare fremja er ein absolutt farse og at naturleg immunitet er eit mykje betre val, veit du at spelet er over.

«Fauci læst som at ‘vaksinen’ var mislykka når den er, og alltid var meint å vere, eit biovåpen – og Fauci har alltid visst dette,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet. «Eg lèt meg ikkje lure av han, og det burde heller ikkje de. Han prøver å redde sitt eige skinn.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s