Big Tech-selskap kryr av tidlegare FBI- og CIA-agentar; sosiale media blir del av «nasjonaltryggleiksstaten»

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ifølgje ein journalist som har gjort omfattande studiar av Big Tech-kjemper slik som Twitter, Facebook og Google, er desse selskapa ikkje berre private einingar, men essensielt «agentar for den nasjonale tryggleigsstaten», og argumenterer for at desse selskapa har blitt altfor kraftige og driv aktiv utnytting av folket.

Journalisten, Alan MacLeod, sa på ein podcast der medjournalisten og undersøkjaren Whitney Webb var vert, at Big Tech-selskap bruker sine enorme ressursar til å påverke folkeopinionen og forme det politiske landskapet. Dei har blitt ein integrert del av det nasjonaltryggleiks-apparatet, heldt MacLeod fram, og blandar seg no inn i politisk diskurs, sensurerer innhald og manipulerer data for å fremje sine eigne interesser, ifølgje LifeSite News.

MacLeod trur òg at situasjonen er farleg og burde bli regulert av staten/regjeringa for å beskytte folket frå å bli utnytta. Vidare ber han folket om å halde desse selskapa meir ansvarlege og å krevje meir transparens og ansvarleggjering når det gjeld korleis dei bruker makta si.

LifeSite News skreiv vidare:

«Påstanden hans blir støtta av forsking av ein open source-etterforskar med Twitter-namnet @NameRedacted247 [redacted tydar sensurert eller sladda, og viser til frigjorte dokument der visse ord er dekte med svart for å skjule noko; oms.an.], som har funne ut at Google, til dømes, for tida har tilsett «minst 165 menneske i høgtståande stillingar frå etterretningssamfunnet», inkludert 52 menneske frå FBI, 30 frå NSA [National Security Agency] og 27 frå CIA, som The Trumpet delte i januar.

MacLeod sjølv har dokumentert overføringar av tilsette frå CIA til Google, og vist ved hjelp av skjermbilete frå LinkedIn-kontoar korleis den eine CIA-tilsette etter den andre har gått over til å jobbe for verdas mest populære søkjemotor, der ofte i ‘tillit og tryggleik’-roller, som er særs påverknadskraftige i handteringa si av sokalla ‘feilinformasjon’ og ‘hattale’.»

Til dømes er Jacqueline Lopour, som jobba meir enn ti år i CIA som ekspert på «tryggleiksutfordringar i Sør-Asia og Midtausten» og som «føretrekt forfattar av hastepapir for den amerikanske presidenten», for tida ein «tillit og tryggleik» seniorleiar i Google.

Ryan Fugit og Nick Rossman dreiv begge og jobba for CIA før dei vart med i Google som seniorleiarar innan tillit og tryggleik. Michelle Toborowski, som hadde jobba for CIA i 12 år før ho byrja i YouTube – ein større avleggjar av Google – jobba som leiande etterretningsanalytikar innan tillit og tryggleik. I denne rolla hadde ho som oppgåve å proaktivt vurdere plattformrisikoar, spesielt innan områda valdeleg ekstremisme og hat.

LinkedIn-profilar indikerer at tidlegare amerikanske etterretningstilsette ofte blir «delte» blant Big Tech-kjempene. Bryan Weisbard, ein tidlegare etterretningsoffiser i CIA, er eit prima døme. Rollene hans har inkludert direktør for nettryggleiksoperasjonar for Twitter, direktør for tillit og tryggleik for YouTube, og no direktør for privatlivsplanlegging og operasjonar for Meta (Facebook).

MacLeod har òg oppdaga at Facebook «har rekruttert dusinvis av personar frå CIA, so vel som mange fleire frå andre byrå slik som FBI og Forsvarsdepartementet (DoD», som, som i dei andre Big Tech-plattformene, er konsentrert i «høgt politisk sensitive sektorar slik som tillit, tryggleik og innhaldsmoderering».

Han la til at ein no har kome «til det punktet der somme kan føle at det blir vanskeleg å sjå kor den amerikanske nasjonaltryggleiksstaten sluttar og Facebook byrjar». Han hevda deretter at anten Big Tech «aktivt rekrutterer frå etterretningstenestene eller at der finst ei form for bakromsavtale mellom Silicon Valley og nasjonaltryggleiksstaten».

Same kva, er konklusjonen der: Big Tech-selskap blir brukt som plattformer til å omgå Grunnlova og forby eller sensurere ytringar som tryggleiksstaten ikkje godkjenner eller er einige med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s