Den hjarteforma issletta

Av anonym. Redigert av Josefine Bru for Saksyndig. Biletet er henta frå Wikipedia.

Før var eg elendig på sosiale relasjonar. Fanst det eit menneske som var mindre sosialt intelligent enn eg? Eg fekk døra i trynet gong på gong. Dreit meg ut igjen og igjen. Det var som å spele verdas vanskelegaste instrument. Kvar gong eg spelte feil, gjekk instrumentet til åtak på meg, og eg måtte kjøpe eit nytt eit når eg hadde spart opp nok pengar. Tida gjekk, og eg prøvde igjen og igjen. Herregud, kor hardt eg prøvde! Enkelte ville seie at eg prøvde for hardt, at det var der feilen låg. Skulle eg då aldri prøve, var det dét dei meinte? Den som gjer ingen feil, kan umogleg gjere noko. Alle tabbar seg ut, men det verka som om det berre var eg som fekk svi når eg gjorde det. Framleis har eg uendeleg mykje å lære, og mengda verkar uoverkomeleg. Som eit digert fjell. Eit svært digert fjell.

Sakte lærte eg av feila mine. Eg var heldig og fekk meg ein jobb der eg måtte sosialisere, der alt var avhengig av om eg hadde gode nok sosiale eigenskapar til å utføre oppdraga eg fekk. Etter å ha søkt på to hundre jobbar og ikkje fått svar på nokon av dei, fekk eg ved eit svimlande samantreff jobb i eit bufellesskap med autistar. Valdelege, ubereknelege autistar. Dei fleste med ei rad tilleggsdiagnosar. Folk flest ville kalle dei monster. Dei hadde endå dårlegare sosiale antenner enn eg, og fram til då trudde eg ikkje det var fysisk mogleg. Då gjorde det ingenting om eg dreit meg ut sosialt, for dei brydde seg ikkje nemneverdig. Det var som om nokon utan bein skulle gjere narr av ein som halta. Det var det eg tenkte når eg byrja på mi fyrste vakt der. Det var ikkje det eg tenkte då vakta omsider var over.

Eg fekk utruleg mykje juling det fyrste året eg jobba der. Skademeldingane mine fylde ei heil hylle på kontoret. Sakte, men sikkert, lærte eg av feila mine. Som fuglen i brørne Grimms eventyr om kor mange sekund det er i æva, byrja eg å sakte slipe ned det enorme fjellet under meg. Medan fuglen kvart hundreår strauk vengja varsamt over berget, klorte eg til eg ikkje hadde negler på fingrane. Kvar einaste dag. Kvar einaste vakne time. Eg var den desperate fangen som ville ut, og fjellet var det som heldt meg innesperra.

Slik, når heile fjellet var slite ned på den måten, hadde eg lært korleis ein skulle oppføre seg blant folk på ein slik måte at dei ikkje trudde eg var dum, full eller galen. Det tok meg svært mange år. Faktisk ti år. Ti års uopphøyrleg blodslit. Det som for alle andre var barnelærdom, var noko som eg måtte lære heilt frå botn av. Læremeistrane var dei eg skulle passe på. Motivasjonen var å halde maska føre sjefen kvar gong eg møtte ho, slik at namnet mitt ikkje vart fjerna frå vikarlista. Etter kvart gjekk alt på autopilot. Det byrja å kome far etter neglene mine på toppen av det høge fjellet. Eg byrja å merke noko som kunne passere for framgang. Blod rann nedover fjellsida. Etter kvart vart det ein sjø rundt fjellet. Etter kvart vart sjøen om til eit hav. Mitt eige blod. Eg døydde av utmatting igjen og igjen. Kvar gong kom eg tilbake og heldt fram der eg slutta. Eg gav meg aldri.

Det var mykje som var gale i livet mitt. Mykje ufyseleg. Mykje som ikkje tolte dagslys. Eg måtte kvitte meg med dei fæle uvanane, dei som gjorde meg endå rarare enn eg allereie var, og som berre gjorde alt vanskelegare. Når eg fekk biologien på mi side, byrja ting å gå lettare. Det vart mi viktigaste drivkraft. Eg var den utrøyttelege fuglen og det fjellet skulle vekk!

Eg var låtteleg umoden, og måtte modnast låtteleg fort. Gong på gong kasta eg meg ut i vatnet og prøvde å symje. Gong på gong drukna eg so alle lo av meg. Eg fall av hesten so mange gonger at det låg avtrykk av meg over heile den endelause sletta. Fuglen strauk sakte berget ned under seg. Millimeter for millimeter. Det harde, endelause arbeidet smuldra vekk det store fjellet som bar namnet «manglande sosiale antenner». Neglene mine brakk igjen og igjen. Blodet draup i lag med tårene mine.

Det eg gjekk gjennom for å bli verdig nok til kjærleiken, kan ikkje berre samanliknast med kor lang tid fuglen brukte på å erodere vekk det digre fjellet, men med kor mykje tid og krefter det tok å sende ein romsonde til dvergplaneten Pluto. Kor mykje kosta det i pengar, mannetimar, arbeid, neglebitande nervøsitet? Universet er gigantisk, for å seie det mildt. Sonden brukte fleire år til planeten, og NASA kunne aldri vere sikre på om sonden ville fungere når han omsider kom fram. Ville det kome bilete, eller ville sonden berre styrte ned på overflata eller halde fram i all æve i det endelause kosmos? Der var nok mange søvnlause netter. Dag ut og dag inn sat dei og rekna. Tenkte so det knakte. Beit negler. Brakk seg. Pissa. Drakk absurde mengder kaffi. Vrei på kroppane sine. Stønna og jamra seg av angst. Kaldsveitta. Dei leid nok sin del. I likskap med meg, strauk dei ikkje vengja varsamt over berget. Dei klorte til neglene brakk og blodet rann. Igjen og igjen.

Omsider kom dagen dei hadde venta på i so mange år. No skulle dei sjå kva dei hadde ofra so mange år av livet sitt på. Kva som var fruktene av det dei hadde forsaka. Av venner. Familie. Romantiske relasjonar. Det tok ti år å sende ein romsonde til Pluto og ta bilete av overflata. Det var same tida det tok for meg å bli eit godt nok menneske til å elske nokon og bli elska av nokon – og, viktigast av alt, bli god nok til å elske meg sjølv. Æva kan drive ein mann til vanvit. Framleis ser det ut som det er jævla mykje berg igjen. Fjellet verkar mindre, men det kan vere fordi blodhavet har stige etter kvart som tida har gått. Berget er framleis like hardt og nådelaust. Det blir ikkje mjukare. Det blir ikkje lettare. Eg har alltid lyst til å gje opp, for det enklaste er alltid å gje opp. Det er difor eg aldri må gjere det.

Dei fyrste bileta som kom viste ei stor, hjarteforma isslette på den sørlege halvkula. Biletet var vakkert. Ubeskriveleg vakkert. Fleire av dei tilsette på NASA fekk tårer i auga. Dei klemde kvarandre. Dei gret. Dei lo. Smila gjekk i sirkel. Alt strevet. Alle den søvnlause nettene. All den sanselause lidinga. All den endelause ventinga. Biletet av den hjarteforma issletta fylde dei alle med age, ikkje minst for seg sjølv. Det var slutten på alle åra med vanskar og konstant uvisse. Dette var løna deira. Dette var det dei hadde jobba for. Eit bilete av ei slette som verka so heimleg, endå det var teke lenger unna Jorda enn noko menneske nokosinne ville fare. Absurd vakkert. Absurd heimleg. Fuglen stod og såg på haugen med sand som ein gong hadde vore eit fjell. Lett vantru skein over det uendeleg gamle andletet. Var det verkeleg over?

Eit innramma bilete av den hjarteforma issletta heng over senga mi. Eg står og stirer på det kvar einaste kveld, utmatta etter ein lang dag. Eg har mitt fjell å jobbe på. Dei hadde sitt. Alle har sine fjell å jobbe på, men nokre fjell er mykje større enn andre. Mitt fjell er truleg det største av dei alle. Når vil mitt fjell vere vekke?

Kor mange sekund av æva må eg bruke?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s