TikTok innfører skjermtidgrense

Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.

Brukarar under 18 vil vere avgrensa til ein time tilgang som grunninnstilling.

Sosialmediekjempa TikTok har sett ei dagleg skjermtidgrense på éin time som grunninnstillinga for brukarar under 18 år, forkynte selskapet på onsdag [1.mars 2023], og la til at innstillinga vil bli rulla ut i vekene som kjem.

Tenåringsbrukarar som bruker 60 minutt på plattforma vil bli bedne om eit passord for å halde fram med å bla. Dersom dei skrur av grunngrensa heilt og jamleg bruker meir enn 100 minutt på TikTok [per dag], vil ei anna melding be dei om å stille inn si eiga skjermtidgrense.

Den nye innstillinga «auka bruken av skjermtidsinnstillingsverktøya våre med 234%», skreiv TikTok sin leiar for tillit og tryggleik Cormac Keenan på onsdag.

«Medan det ikkje finst ein kollektivt tilrådd ståstad rundt kor mykje skjermtid ‘for mykje’ er, eller til og med effekten av skjermtid meir generelt, erkjenner vi at tenåringar typisk treng ekstra støtte i det dei byrjar å utforske nettverda uavhengig,» heldt Keenan fram.

Appen har òg utvida evna til sin Family Paring-funksjon, som lèt ein foreldrer knyte sin TikTok-konto saman med den til avkommet og påføre visse kontrollar. Foreldre kan no filtrere vekk videoar som inneheld visse nøkkelord eller emneknaggar frå nyheitsstraumen til barnet og slå på lydlaus meldingar etter eit sjølvvalt tidsskjema (etter sengetid, til dømes), so vel som å setje sine eigne skjermtidgrenser.

Medan den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump og Senat-republikanarar har prøvd å forby den kinesisk-eigde sosialmedieplattforma, har TikTok sin dominans over sosialmediemarkanden – den var den mest nedlasta appen i USA i 2022 og kunne skryte på seg 100 millionar brukarar i landet per 2020 – stilt spørsmål rundt om det i det heile teke er mogleg.

Ein studie publisert i desember hevda at tenåringsbrukarar vart vist potensielt skadeleg innhald relatert til sjølvmord og eteforstyrringar berre nokre minutt etter at dei registrerte seg i appen, medan psykologar har åtvara om at unge brukarar simulerer sjeldne psykologiske tilstandar som dei ser på plattforma. I fjor lanserte ein koalisjon av regjeringsadvokatar ei etterforsking rundt det om TikTok verkeleg var skadeleg for ungar.

Medan TikTok og den kinesiske regjeringa lenge har nekta for at dei bruker appen for å samle etterretning, avslørte ein tilsett visstnok under eit 2021-møte at «alt blir sett i Kina» ifølgje BuzzFeed News. Morselskapet ByteDance sa opp to leiarar etter at det vart oppdaga at dei hadde brukt TikTok for å spionere på amerikanske journalistar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s