Den svenske konspirasjonsteoretikaren Greta Thunberg slettar Twitter-melding frå 2018 der ho erklærer at verda ville gå under i 2023

Av Margaret Flavin, The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.

I 2018 delte den svenske konspirasjonsteoretikaren og profesjonelle klimaraseri-skodespelarinna Greta Thunberg ei Twitter-melding der ho erklærte at verda kom til å gå under i 2023 på grunn av «vitskap».

Thunberg skreiv: «Ein topp-klimavitskapsmann åtvarar at klimaendring vil utslette heile menneskeheita med mindre vi sluttar å bruke fossilt drivstoff i løpet av dei neste fem åra.»

Og jammen er vi her enno.

Thunberg sletta i all stillheit Twitter-meldinga frå 2018, men ikkje før Twitter-brukarar hadde oppdaga det.

Thunberg har laga seg ein karriere ut av dramatisk klimateater-skodespel. Gateway Pundit rapporterte om hennar nylege «arrestasjon» for å protestere mot ei kolgruve i Lützerath, Tyskland, i det verdsmedia gjekk i detalj om hendinga på innpust og utpust. Videoane som dukka opp viste overdramatiserte stunt som var laga for TV.

Ho vart arrestert igjen av tyske styresmakter for å protestere mot nok ei ny kolgruve.

Thunberg er berykta for å vere hyklerisk når det gjeld å adressere energibruk innåt i klimaendringssamtalen. Sjølv om ho gav ut ei ny bok i november [2022] der ho erklærte sin intensjon om å «styrte» det visstnok «undertrykkjande» og «rasistiske» kapitalistiske systemet, elskar ho å mengast med elitane. Og ho elskar sine globale reiser.

Og likevel går Greta med menneskeskapte fiber, køyrer ein bil som vart frakta over Atlanteren med ein båt som ikkje er laga av tre, flyg rundt om i verda for å svindle til seg pengar, og belærer verdsleiarar som fremjar hennar klimaendringsagenda medan ho samstundes sleikjer rævene deira.

I januar [i år] vart Thunberg med Bloomberg på sidelinja til World Economic Forum og byrja å gå til åtak på dei som hjelpte ho i å promotere sin klimaendringsagenda.

«Grunnleggjande er dei menneska som mest bidreg til øydelegging av planeten, dei som sit i sjølve kjernen til klimakrisa, dei som har investert i fossilt drivstoff, etc. Og likevel, på ein eller annan måte, er desse dei folka som vi ser ut til å stole på at vil løyse problema våre når dei har bevist gong på gong at dei ikkje prioriterer dei,» sa Thunberg.

At det var?? Høyrde vi riktig?

Greta heldt fram med å seie at desse elitane som var til stade på WEF-toppmøtet i Davos prioriterer «sjølv-grådigheit, konsern-grådigheit og kortsiktig økonomisk profitt».

«Dei prioriterer sjølv-grådigheit, konsern-grådigheit og kortsiktig økonomisk profitt over menneske og over planeten. Akkurat no kjem endringane vi treng mest sannsynleg ikkje til å kome frå innsida. Heller trur eg dei vil kome frå botnen og gå oppover, so å seie,» sa ho.

«Fordi at utan offentleg press, utan massivt offentleg press frå utsida, kjem desse folka til, slik eg erfarer det, til å gå so langt som dei overhovudet kan, so lenge dei kan sleppe unna med det. Dei vil halde fram med å investere i fossilt drivstoff. Dei vil halde fram med å kaste folk til løvene for eiga vinnings skuld,» heldt ho fram.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s