Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Anthony Fauci har kome med skarp kritikk av dei som ønskjer han straffeforfølgt for si handtering av covid-pandemien.
Under eit intervju på CNN-programmet Jim Acosta Saturday, kalla Bidens tidlegare medisinske hovudrådgjevar dei som anklagar han for «galne».
Fauci påstår at han og familien framleis får dødstrugslar på grunn av responsen hans på 2020-pandemien, sjølv om han trekte seg frå rolla si som direktør for National Institute of Allergy and Infectious Diseases for fleire månader sidan.
Mail Online rapporterer: Acosta spurde òg Fauci om Twitter-meldinga til Elon Musk frå desember som gjorde narr av transkjønnspronomen medan den bad om kriminelle siktingar. Bodskapen var: «Pronomena mine er Straffeforfølg/Fauci».
«Kva er din respons på det?» spurde programverten.
«Der finst ingen respons på den galskapen, Jim. Straffeforfølg meg for kva? Kva snakkar dei om? Eg ønskjer eg kunne finne ut kva søren dei driv og pratar om. Eg trur dei er ute og køyrer,» sa nasjonens toppekspert på smittsame sjukdommar bastant.
«Det gjev rett og slett inga meining å seie noko slikt som dette, og faktisk er det uansvarleg,» tora han.
Då han snakka om korleis familien hans handterte den negative merksemda rundt styringa hans av pandemien, sa Fauci at det var «vanskeleg».
«Eg meiner, dei likar ikkje at eg får dødstrugslar støtt og stadig. Kvar gong nokon kjem og spyr ut eit eller anna nonsens som er feilinformasjon, desinformasjon og regelrette løgner, bestemmer nokon ein eller annan stad seg for at dei vil gjere skade på meg og familien min,» sa han.
«Det er den delen av det som er verkeleg uheldig… Resten av det er berre galskap, alt dei står og seier. Men det har ein negativ effekt når folk tek det alvorleg og lèt det gå utover deg og familien din.»
Legen skildra synet om at det var «uakseptabelt» å ha eit «politisk syn på eit folkehelseproblem», sidan desse problema skapte ein «felles fiende».
Under tida si i embetet mellom 1984 og 2022, handterte Fauci dei vanskelege spørsmåla rundt helsekriser frå HIV/AIDS til fugleinfluensa og Ebola.
Veteran-immunologen har tent som rådgjevar for sju amerikanske presidentar frå og med republikanaren Ronald Reagan, og har vore i offentleg teneste i meir enn 50 år.
På tida rundt Musk-meldinga på Twitter støtta Det kvite Hus fullt og heilt Fauci.
«Dei er motbydelege og fråskilde røyndommen, og vi vil halde fram med å påpeike det og vere svært tydelege på det,» sa pressesekretær Karine Jean-Pierre til reporterar etterpå.
På fredag [10.mars 2023] tok Huset ei einstemmig avgjerd om å få avklassifisert amerikansk etterretningsinformasjon om opphavet til Covid-19, eit slåande døme på toparti-støtte nær treårsdagen for byrjinga på den dødelege pandemien.
419 mot 0-stemma var den endelege kongress-godkjenninga av lovforslaget, som sendte det til president Joe Bidens skrivebord. Det er uklart om presidenten vil skrive under og gjere tiltaket til lov, og Det kvite hus sa at temaet er under gjennomgang.
«Eg har ikkje teke den avgjerda enno,» sa Biden seint på fredag då han vart spurt om han kom til å skrive under på lovforslaget.
Debatten i Huset var kort og kom til poenget: Amerikanarar har spørsmål om korleis det dødelege viruset byrja og kva som kan gjerast for å hindre framtidige utbrot.
«Det amerikanske folket fortener svar rundt kvart eit aspekt av Covid-19-pandemien,» sa republikanar Michael Turner frå delstaten Ohio, leiar i House Intelligence Committee.
Han sa at det inkluderer «korleis dette viruset vart skapt og, spesifikt, om det oppstod naturleg eller var resultat av ei lab-relatert hending».
Fokuset på opphavet til viruset kjem etter initiativ frå republikanarane. Tidlegare den veka lanserte Huset ein komité av utvalde som hadde ei høyring rundt teoriane om korleis pandemien starta.
Dette er ein sjeldan augneblink av toparti-støtte som kjem trass den ofte oppheta retorikken rundt opphavet til koronaviruset og spørsmåla rundt responsen på sjølve viruset av amerikanske helseembetsfolk inkludert Fauci.
Hus-republikanarar har brukt si nye majoritetsmakt til å etterforske alle aspekt av pandemien, inkludert opphavet, so vel som det dei held fast på var innsats frå embetsfolk i å skjule det faktum at det lak frå eit laboratorium i Wuhan.
Nokre dagar tidlegare offentleggjorde Det republikanske partiet e-postar som viste at Fauci bestilte ein artikkel i februar 2020 for å motbevise moglegheita for at Covid hadde opphav i eit laboratorium – før han publiserte studien på ein nyheitskonferanse i Det kvite hus nokre veker seinare.
I februar sendte republikanarar brev til Fauci, National Intelligence-direktør Avril Haines, helsesekretær Xavier Beccera og andre som del av sitt forsøk på etterforsking.
Breva krev ikkje samarbeidet til mottakarane. Men under annonseringa av den republikanske stab-rapporten i desember sa leiar i virus-underkomiteen, Brad Wenstrup (republikanar frå Ohio) at lovgjevarar ville kome med stemningar dersom potensielle vitne ikkje samarbeidde.
Republikanarar har skulda Fauci for å lyge til Kongressen då han i mai nekta for at National Institutes of Health finansierte «gain-of-function»-forsking – det å forsterke eit virus i eit laboratorium for å studere den potensielle påverknadskrafta til det i den verkelege verda – på ein virus-lab i Wuhan.