Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
I 2019 bad leiaren av ein av dei topp-farmasøytiske konserna som deltok i Operasjon Warp Speed sine tilsette om å byrje å produsere milliardar av dosar av ein ny vaksine som skulle takast i bruk «neste år» som respons på ein planlagt «plandemi».
Moderna-leiar Stéphane Bancel hadde ikkje berre denne urovekkjande pre-pandemiske samtalen med staben sin, men han bekrefta òg at Seth Berkley, adm.dir. i GAVI, visste alt om det på førehand.
Hugs at på den tida Bancel sa alt dette, var det ikkje eingong noko som heitte Wuhan koronavirus (Covid-19). På ein eller annan måte visste han likevel godt på førehand at ei planlagt hending ville finne stad, og at selskapet hans måtte vere førebudde på å profittere på so fort regjeringar byrja å erklære denne «trugselen» offentleg.
Bancel innrømte alt dette under ein nyleg paneldiskusjon på World Economic Forum (WEF) sitt Davos-møte i Sveits i 2023. Då han vart spurt om utviklinga, tilpassinga av oppskaleringa av covid-sprøyta for ymse variantar og undervariantar, svarte Bancel følgjande:
«Som Seth veit, då pandemien skjedde, laga Moderna 100 000 dosar i 2019 for heile året. Og eg hugsar at eg etterpå gjekk inn på kontoret til Moderna si marknadsføring og sa: ‘Kva med om vi lagar ein milliard dosar neste år?’ Og [de/dei] såg litt rart på meg og sa ‘Hæ?’. Eg sa: ‘Jepp, vi må lage ein milliard dosar neste år; der kjem til å kome ein pandemi’.»
(Relatert: Bancel er sagt å ha direkte band til laboratoriet i Wuhan i kommunist-Kina der somme trur at covid «slapp ut frå».)
Visste Moderna om Operasjon Warp Speed lenge før den vart lansert?
Medan det er uklart om Bancels pre-pandemiske samtale med staben fann stad seint i 2019 eller tidleg i 2020, veit vi at den fann stad før 11.mars då dåverande president Donald Trump erklærte nasjonal unntakstilstand, og opna opp demninga for Operasjon Warp Speed.
Moderna var ein topp-mottakar av Operasjon Warp Speed-midlar, og det ser ut som om Bancel allereie hadde på plass ein avtale før den offisielle lanseringa,, som han visste ville late selskapet ta del ved å produsere milliardar av messenger RNA (mRNA)-injeksjonar for den globale marknaden.
Moderna visste med andre ord at dei ville få spesialkontraktar for å forsyne minst ein milliard dosar av sin sokalla «vaksine». Og på ein eller annan måte visste selskapet korleis dei skulle produsere desse injeksjonane for ein «sjukdom» som enno ikkje hadde dukka opp fullt på den globale scena.
«Og desse ‘vaksinane’ var visstnok mot eit ukjent virus der dødelegheita, talet tilfelle og infeksjonsraten umogleg kunne ha vore kjent,» la The Exposé til om temaet.
Den konsernkontrollerte media har jobba overtid for å prøve å orsake vekk Bancel sine innrømmingar, der han eigentleg innrømmer bedrageri og konspirasjon. Ein formidlar av falske nyheiter prøvde å påstå at Bancel sine ytringar var «feilrepresenterte», og at han på ein eller annan måte ikkje sa det han faktisk sa.
Sokalla «faktasjekkarar» publiserte artikkel etter artikkel der dei hevda at det Bancel sa var teke ut av kontekst av «ekstremistar» som pusha ei konspirasjonsforteljing. Realiteten er derimot at Bencel sa det han meinte og meinte det han sa – utan skam, bør det presiserast.
«Er det på tide å finne tauet?» spurde ein lesar i kommentarfeltet som respons på nyheita.
«Naturlegvis var hendinga planlagt på førehand,» kommenterte ein annan.
«Tilbake i 2014-15 då Moderna i grunnen var ingenting, hadde Rishi Sunak gjennom sitt selskap Theleme framsynet til å kjøpe 6,5 millionar andelar i Moderna,» avslørte ein annan.
«Med auken i aksjeverdi og fortenesta frå Moderna-sprøyta har den kriminelle Sunak utan tvil fått ei tilfredsstillande avkasting på investeringa.»