Kjelde på innsida av WEF innrømmer at Silicon Valley Bank-krasjet er ein «Great Reset-bløff»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Ein på innsida av World Economic Forum har blitt teken på fersken i å skryte over at Silicon Valley Bank-krasjet var orkestrert, og at det gjekk perfekt etter planen – og krasjet vil ha ein domino-effekt på bankindustrien, som fører til globalt finansielt samanbrot.

Det har vore nokre ville dagar for bankindustrien. Spesielt for Silicon Valley Bank (SV Bank) og deira aksjeeigarar, sidan den gjekk frå å vere visstnok stabil og solvent, til å bli stengt ned av regulatorane – og det over eit tidsrom på berre 24 timar.

Og det ser ut til at domino-effekten allereie har byrja, i og med at Signature Bank i New York er stengt av regulatorar på grunn av det dei kallar «systemisk risiko».

Alle som trur at SV Bank-kollapsen var tilfeldig, har ikkje følgt med på detaljane. Dei skjulte hendene som no er i arbeid her har etterlate fingeravtrykka sine overalt på denne. Og når det gjeld slik ei enorm mengd med pengar, er der ingen tilfeldigheiter.

Møt Joseph Gentile, ein leiar [executive] i SV Bank.

Veit de kor Joseph Gentile jobba før han byrja i Silicon Valley Bank? Han var leiande finansiell offiser i Lehmann Brothers, som var den største banken nokosinne som krasja i amerikansk historie.

Det er eit helvetes samantreff… men det blir endå verre. Kor trur de han jobba før Lehmann Brothers?

Hugsar de eit selskap ved namn Enron? Enron var eit energiselskap basert i Houston, Texas, og ein Wall Street-yndling tilbake på 1990-talet. Hugsar de at Enron vart stengt ned seint i 2001? Enron var den største konkursen i amerikansk historie og det største revisjonsnederlaget. Grunnleggjaren og adm.dir. vart dømt til 24 års fengsel.

No har det seg slik at Joseph Gentile var ved roret i alle tre selskapa før dei gjekk ad undas. Og ulikt sine kollegaer har han aldri blitt dømt. Hovudstraumsmedia vil ha dykk til å tru at dette berre er ei tilfeldigheit. Men der finst ingen tilfeldigheiter.

Hovudstraumsbrukarar på Twitter spøkjer om at Joseph Gentile eigentleg berre er elendig i jobben sin. Men dei skjøner det ikkje. Der finst ingen tilfeldigheiter. Og Gentile er verkeleg god i jobben sin. Han og andre som han sjølv utfører ordrar frå den globale eliten. Og dei blir rikt lønt – gjentekne gonger – medan vanlege menneske blir loppa.

Det vi ser er eit dytt mot Globalregjering som blir kamuflert og sløra i humanitarisme, multikulturalisme, so vel som fabrikkerte trugslar slik som global oppvarming og pandemiar for å kondisjonere befolkninga til å akseptere globalisering og ei Eiverdsregjering.

For at dette skal skje, planlegg eliten å skape ei global finanskrise som verda aldri har sett maken til. Ut av oska til denne finanskrisa vil det reise seg ein Fugl Føniks som er ein Ny internasjonal økonomisk orden. Folket vil bli fortalt at den nye ordenen er den einaste måten å stabilisere verdsøkonomien og redde det vesle som er igjen av rikdommen deira. Og dersom vi lærte noko som helst frå den fabrikkerte krisa som var Covid-pandemien, so er det at hovudstraumsmassane mest sannsynleg kjem til å sluke bedraget med sluk, line og søkke.

Det vil vere jobben vår å utdanne massane og stoppe dette store bedraget frå å lykkast.

Folk spør ofte kvifor den globale eliten ville ønskje å kollapse verdsøkonomien. Ville ikkje det tyde at dei øydelegg sin eigen rikdom i prosessen? Svaret er nei. Eliten har konsolidert rikdommen for å beskytte den i fleire hundreår. Prosessen konsolidering har akselerert dramatisk i seinare år, der den globale finanskrisa i 2008 og Covid-pandemien har late eliten bli rikare medan resten av oss vart gjort fattigare.

Når verdas finanssystem omsider krasjar, vil eliten vere i posisjon til å kjøpe det som ligg igjen for småpengar. Kor etterlèt dette resten av verda finansmessig? Svaret er slavebinding til eit teknokommunistisk verdsregjeringssystem leia av World Economic Forum i Davos og dei skjulte hendene som kontrollerer det offentlege ansiktet til den kabalen.

Dersom de følgjer med no, kan de sjå at alt rundt dykk blir styrt mot dette eine målet.

I løpet av det siste hundreåret har nasjonalstatar blitt tvinga inn i massiv gjeld av sentralbankar for å sikre at so fort denne kollapsen byrjar, vil den skape ein domino-effekt rundt om i verda.

Vi ser for tida ei forskyving mot eit kontantlaust samfunn ved hjelp av blockchain-teknologi som vil gjere det enklare å innføre ein ny reservevaluta under IMF [Det internasjonale pengefondet] og Verdsbanken, kjent som Special Drawing Right [ein reservevaluta som IMF har skapt som supplement til eksisterande pengereservar til sine medlemsland; «redningspengar» i mangel av betre definisjon; oms.komm.]

Globalisteliten driv og og tvingar sine vasallstatar til å byrje å sentralisere valutaen i form av sokalla Central Bank Digital Currency [digital sentralbankvaluta], eller CBDC, som forresten ikkje er valuta i det heile – det er programvare designa som eit verktøy for total sosial kontroll.

Det er enkelt å sjå kvifor CBDC appellerer til venstreekstreme autoritære i Davos. Dersom dei kan utslette beløpet på kontoen din med eit enkelt tastetrykk, har du ingen fridom, ingen autonomi. Du er ein slave av systemet og fullstendig prisgjeven eliten.

Og eliten er i ferd med å bli so arrogante at dei til og med innrømmer planane sine – og det faktum at det handlar om total sosial kontroll.

Og i tilfelle de trur at dette er ein vill konspirasjonsteori og at det aldri kunne skje her, burde de vere merksame på at eliten i all stillheit svikefullt gjer trekk for å sentralisere valutaen akkurat no, i USA, utan nokon som helst offentleg debatt.

Guvernør Kirsti Noem i delstaten Sør-Carolina tok dei på fersken i å prøve å endre definisjonen på valuta ved å grave den ned i den vesle teksten i eit 100-siders lovforslag. Ho slutta seg til Tucker Carlson sist veke i å sende ei åtvaring til alle av oss om at vi må vakne opp til agendaen – og det brennkvikt.

I det verdsøkonomien byrjar å kollapse og nasjonalstatar byrjar å trykkje opp billionar for å prøve å halde økonomien flytande, vil hyperinflasjon ta over. Dette vil i sin tur tvinge nasjonar til å vende seg til Verdsbanken for hjelp, som vil tilby sin reservevaluta i byte mot kontroll over desse feilande økonomiane.

På same måte som Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken] kontrollerer inflasjon og deflasjon gjennom rentesatsar og dermed òg den amerikanske økonomien, vil òg IMF og Verdsbanken få kontroll over verdsøkonomien, éi krise av gongen. Forverra av handelskrigar og valutakrigar, vil den eksploderande gjeldskrisa føre til at oppsparte, personlege midlar vil forsvinne over natta.

Dersom globalisteliten får lov til å utføre planen sin, vil folk flest i løpet av dei neste åra misse alle sine oppsparte midlar. Dei vil eige ingenting og dei vil bli tvinga til å late som dei er lykkelege – fordi eliten vil ha total kontroll over kva enn slags tarvelege almissar som folket blir tildelt av den teknokommunistiske eliten.

Mesteparten av verdas større institusjonar vart skapt med dette målet i sinne. Frå USA, til Det internasjonale pengefondet, Verdsbanken, til institutt slik som Cato, Balfour og Brookings Institute.

Dette er ikkje ei framtid vi kan late få utspele seg på vår vakt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s