Enderesultatet til bankkrisa er hyperinflasjon og valutakollaps: Andy Schectman forklarer i intervju med Mike Adams

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein etter ein kollapsar dei finansielle institusjonane som milliardar av menneske lit på for å utføre forretningar og leve liva sine. Og Miles Franklin-sjef Andy Schectman åtvarar at enderesultatet til all denne finansielle mørja vil vere hyperinflasjon.

Schectman var med Mike Adams, the Health Ranger, på hans Situation Update-program denne veka for å diskutere den nylege kollapsen av Silicon Valley Bank (SVB), Signature Bank og andre bankar (slik som Credit Suisse), som anten allereie har implodert eller er på grensa til å gjere det. Det Schectman delte er ikkje for dei med dårleg hjarte, men det er heller ikkje noko du bør vere uvetande om no når korthuset fell saman.

Mykje likt det som skjedde i fortida under Den store depresjonen og i Weimar-Tyskland, er det finansielle pyramidespelet kjent som fractional reserve banking no nær enden på nok ein av sine dødsspiralsyklusar – men denne gongen kan det derimot vere sjølve syklusen som gjer slutt på alle syklusar, som resulterer i utsleppet av ein digital, sentralbankkontrollert kryptovaluta slik som CBDC som vi stadig høyrer om.

Basert på det som har skjedd berre i løpet av den siste veka i finanssektoren, er Schectman og Adams – og denne skribenten [Ethan Huff] – einige i at det amerikanske banksystemet, so vel som dei i Europa som er styrt av sentralbank-globalistar, er på veg til å rase saman. Og for gjennomsnittspersonen er livet, vel, i ferd med å endre seg dramatisk.

«Ingen som styrer har noka som helst peiling på korleis ein skal handtere finans, risiko, økonomi eller banking-policy,» kommenterte òg Adams. «Frå banksjefane i Silicon Valley til dei føderalstatlege regulatorane og sjefar i Finansdepartementet, er alle saman 100% woke-klovnar som er besette av si eiga sekt av wokeisme, men har null interesse i risikovurdering eller finansiell mangfaldiggjering.»

Sjå den fulle episoden for å høyre Schectman sine tankar om temaet her.

Total kollaps er måten dette sluttar på

Moderne finans er eit komplisert tema, gjort med intensjon, og Schectman bryt det heile ned til terminologi som folk flest kan fordøye. Han avslører kor mykje pengar som faktisk er gjeld i forkledning. Han pakkar òg ut opp-og-ned-syklusane som har plaga det økonomiske systemet vårt heilt sidan sentralbankierar tok over det i 1913 med skapinga av det private Federal Reserve-systemet.

Før det var pengar faktisk pengar. Og fram til 1970-talet var sjølv Federal Reserve-setlar støtta av gull – men ikkje no lenger. Dagens dollar er støtta av absolutt ingenting, og dette er korleis Fed slepp unna med å trykkje endelause mengder av dei.

Når pengar berre er papir frå trykkjepressa, er dei ikkje meir verdt enn leikepengane som vi spelte med i Monopol då vi var barn. Og no når stadig fleire vaknar opp til denne sanninga, vil mistillit til systemet vekse, fleire vil starte å forvandle pengane sine til ting som faktisk har verdi, og resten vil vere historie.

Tenk på den nemnde Situation Update-episoden som ein peikepinne på korleis dette kollapsande systemet fungerer. Du vil få ei større forståing for syklusen til marknadene, årsaka til inflasjon, kvifor Fed lågnar renta berre for å høgne den seinare, og korleis alt dette sluttar.

«Austerrikarane veit at inflasjon er vekst av den ekte pengekjelda,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om skilnaden mellom austerriksk økonomi og keynesiansk økonomi, der sistnemnde er det som ligg i botnen av det amerikanske finanssystemet.

«Prisinflasjon er annleis – kor mange dollar jagar etter kor mange varer? Når Fed-kabalen akkurat erklærte at dei ville ‘sikre’ kvart eit innskot i banken, lovde dei akkurat å doble pengeforsyninga (rundt 20 billionar akkurat no)!»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s