Av Jim Hoft, grunnleggjar og redaktør av The Gateway Pundit. Omsett av saksyndig.
Journalisten dr. Simon Goddek grov i bakgrunnen til Greta Thunberg og oppdaga at det ikkje var tilfeldig at Greta vart oppdaga under ein demonstrasjon 20.august 2018, og at det var Ingmar Rentzhog som oppdaga vesle Greta der ho protesterte mot global oppvarming.
20.august 2018 skulka Thunberg, som då var 15, skulen for å protestere utanfor det svenske parlamentet for meir handling mot klimaeendring.
Ingmar Rentzhog styrer selskapet WeDontHaveTime og er leiar i den venstreekstreme tenkjetanken Global Challenge.
Greta og mora hennar gav ut ei bok fire dagar etter at ho vart fotografert under parlamentdemonstrasjonen. Og resten er historie. No blir vi belært av ein ung, hjernevaska kommunist som fullstendig manglar grep på røyndommen.
«Dess meir eg grev i @GretaThunberg si historie, dess meir innser eg at noko stinkar her. Det er inga tilfeldigheit at hennar fyrste opptreden var 20.august 2018, med ein sitjande protest framfor det svenske parlamentet, følgt tilfeldigvis fire dagar seinare av publiseringa av ei bok ho skreiv saman med mora si.
Men det er ikkje alt – PR-maskina for ho var allereie i full sving 20.august takka vere ein mann ved namn Ingmar Rentzhog, som finansierte og dreiv kampanjen gjennom sitt selskap @WeDontHaveTim[e]. Og gjett kva? Rentzhog er òg tilfeldigvis leiaren i tenkjetanken «Global Challenge» (@ChallengesFnd), som no tilfeldigvis er fullfinansiert av ein milliardær ved namn Kristine Person, ein medlem av Det svenske sosialdemokratiske arbeidarpartiet og tidlegare minister i regjeringa under Stefan Löfven.
Og om det ikkje er nok, spaserte Rentzhog reint tilfeldig forbi det svenske parlamentet 20.august og møtte på Greta under hennar sitjeprotest, og tok eit bilete av ho. Men vent, der er meir – Rentzhog og Greta si mor hadde allereie møttest før på ein klimakonferanse 4.mai 2018, som tilfeldigvis er den sjølvsame datoen der Rentzhog vart leiar i den tidlegare nemnde tenkjetanken.
Og her er noko interessant – både Kristine Person og Stefan Löfven er tilfeldigvis medlemmer av Klaus Schwab sitt @WEF. Det er forbløffande korleis alle desse sambanda ser ut til å danne ein sirkel, er det ikkje? Det er tydeleg for meg at noko muffens går føre seg bak scena her. Desse menneska manipulerer folket og misbruker makta si for eiga politisk vinning. Vi må bli merksame på taktikkane deira og åtvare alle vi kjenner om Great Reset og Den fjerde industrielle revolusjon.»