UFO-sjefen i Pentagon antydar at utanomjordisk morskip kan sende «sondar» for å spionere på Jorda

Av Stephen Kokx, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Spekulasjonar om ein statsstøtta «psy-op» som blir utført mot det amerikanske folket har intensivert dei siste månadene i kjølvatnet av Biden-administrasjonen si avgjerd om å skyte ned ein kinesisk spionballong.

Eit rapportutkast skrive av ein høgtståande tenestemann i Pentagon kjem med den ganske so bisarre påstanden om at det ikkje berre er eit utanomjordisk morskip som flyg rundt i Solsystemet, men at dei kan sende sondar til planeten vår for å spionere på menneskeheita.

«Eit kunstig interstellart objekt kan potensielt vere eit hovud-romfartøy som slepper ut mange små sondar når dei passerer nær Jorda, eit operasjonelt opplegg ikkje so altfor ulikt NASA sine oppdrag,» står det å lese i dokumentet, som vart publisert 7.mai [2022].

«Desse ‘løvetannfrøa’ kan bli skilde frå morfartøyet av gravitasjonskreftene til Sola eller ved hjelp av ein manøver.»

Sean Kirkpatrick var medforfattar av studien med Abraham Loeb, ein israelsk-fødd teoretikar som sit som leiar ved Harvard universitet si astronomiavdeling. Kirkpatrick er direktør for Pentagon sitt All-domain Anomaly Resolution Office (AARO), som vart grunnlagt i juli 2022 for å «oppdage, identifisere og namngje objekt av interesse i, på eller nær militære installasjonar, operasjonsområde, treningsområde, luftrom for spesielle formål og andre interesseområde.»

Duoen sin påstand som er av ei anna verd, kjem frå oppdaginga av eit uvanleg romobjekt med ei lengd på omtrent ei fotballbane, som vart oppdaga då det gjekk i bane rundt Sola for seks år sidan. Astrologi-samfunnet kalla det «Oumuamua», som tydar «bodbringar frå det fjerne» på hawaiisk. Den sigarforma biten av stein vart oppdaga av eit NASA Pan-STARRS-teleskop i 2017. slike teleskop vart skapt i åra som følgde etter Kongressen sitt krav i 2005 om at byrået skulle byrje å spore 90% av alle nærjordsobjekt større enn 140 meter, eller 459 fot.

Medan dei fleste fysikarar trur at objektet si bane ikkje var uvanleg, trudde Loeb, som har undervist ved Harvard sidan 1993, at «komethalen» til objektet var ekstremt atypisk. Han konkluderte at det mest sannsynleg var kunstig, og at ei eller anna kraft kunne kontrollere det. Boka hans Extraterrestrial: The First Sign of Intelligent Life Beyond Earth, utforskar hans eksentriske synspunkt. Ifølgje The Times of Israel, har hans frittalande åtferd, kombinert med hans unike teoriar, «framandgjort han… frå store delar av det vitskaplege samfunnet.»

I sin sekssiders-rapport, som ser meir ut som ein science fiction-roman, argumenterer Loeb og Kirkpatrick at «utanomjordiske teknologiske sondar kan bruke stjernelys til å lade batteria, og flytande vatn som drivstoff». Dette, konkluderer dei, «vil forklare kvifor dei har som mål dei bebuelege regionane rundt stjerner, der flytande vatn kan eksistere på overflata av steinplanetar med ein atmosfære, slik som Jorda.»

Paret spør deretter: «Finst er fungerande utanomjordiske sondar nær Jorda? Vi veit ikkje. Men Galileo-prosjektet har som intensjon å bruke den vitskaplege metoden til å utforske denne moglegheita.» Loeb grunnla Galileo-prosjektet i 2021 for å spore UFO-ar og andre påståtte utanomjordiske objekt.

Spekulasjonar om ein statsstøtta «psy-op» [psykologisk operasjon; oms.an.] som blir utført på det amerikanske folket, har intensivert dei siste månadene i kjølvatnet av Biden-administrasjonen si avgjerd om å skyte ned ein kinesisk spionballong. Eit tal tradisjonelle katolikkar, so vel som anti-woke-kommentatorar som Mark Dice, har kome med den dårlege nyheita om at Djupstaten kan vere i ferd med å iscenesetje ein falsk romveseninvasjon for å frårøve borgarar sine grunnlovsfesta rettar. Andre har argumentert at utanomjordiske vesen er demonar eller falne englar.

«Dersom du ser på frosken i vatnet-dømet der du må koke frosken gradvis for at han ikkje skal sprette ut av kjelen, er det det som har skjedd med desse UFO-bedraga, desse romvesen-bedraga, den siste store rettssaka til Kyrkja,» sa den katolske filosofen Daniel O’Connor til LifeSiteNews-medgrunnleggjar John-Henry Westen nyleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s