Finansiell dødsspiral følgjer når SVB, First Republic, Pac West, Signature Bank alle KOLLAPSAR… smitteeffekten held fram
Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Dersom du trur bankkollapsen vil slutte med Silicon Valley Bank (SVB), tru om igjen.
Smitteeffekten spreier seg allereie i det amerikanarar vaknar opp til det faktum at det amerikanske finanssystemet er eit bedragersk pyramidespel som vil resultere i finansiell ruin for mange – spesielt dei med liv og levebrød som er mest avhengige av det.
«Eg trur ikkje vi er på veg tilbake til der vi var i 2008, men desse tinga er ikkje eingongstilfelle,» sa Dan Roccato, professor i finans ved Universitetet i San Diego, om situasjonen.
«Mistanken min er at vi kjem til å sjå litt meir av at desse tinga listar seg innpå oss.»
Roccato har teknisk sett riktig om at ting ikkje går tilbake til det dei var i 2008. Om noko, vil dei bli mykje verre når alt er sagt og gjort med den noverande bankkrisa, som berre sovidt har byrja.
Talrike andre bankar sit allereie og ser på at aksjeverdien deira fell saman når kontoeigarar tek ut pengane sine og investorar sel aksjepostane sine i påvente av meir blod i vatnet.
Signature Bank i New York, som kollapsa ikkje lenge etter SVB, såg aksjeprisen falle med 23% før handelen vart stoppa i kjølvatnet av nyheita om SVB sin undergang. Aksjeprisen til First Republic, den 16. største banken i USA, krasja òg med 14,8%, følgt av eit fall på 37,9% for konkurrenten Pac West.
(Relatert: Er vi vitne til den «kontrollerte øydelegginga» av heile bank- og finanssektoren på direkten?)
Æraen med billege pengar har kome til slutten – no byrjar smerta
Når det gjeld SVB, som no har blitt Federal Deposit Insurance Corporation (FDIC) sin Deposit Insurance National Bank of Santa Clara, fall aksjeverdien deira med 44% i premarket trading [handel før aksjemarknaden opna for dagen? Oms.komm.]; dagen etter hadde 60% av aksjepostverdien allereie fordufta.
«Silicon Valley Bank sitt monumentale fall er den nest-største bankkollapsen i amerikansk historie,» forklarte ein reportasje.
«Deira undergang fredag [10.mars 2023] har etterlate kundar som er redde for å misse sparepengane sine, som til saman utgjer fleire titals milliardar dollar, blir berre overgått av nederlaget til Washington Mutual i 2008, som hadde aktiva til ein verdi av 307 milliardar dollar då dei vart erklært insolvente.»
Medan det er sant at SBV er meir ein nisjebank enn Washington Mutual nokosinne var, er kollapsen deira meir ein kanarifugl i kolgruva-type situasjon. Den amerikanske økonomien i seg sjølv har slite ganske lenge no, og SVB ser ut til å vere blant dei fyrste til å falle.
Der er sannsynlegvis mange andre bankkollapsar i vente, trass stadige lovnader frå nasjonens «leiarskap» om at alt er i orden, og at det er ingen grunn til uro. Om noko, er dette det største raude flagget av dei alle om at der er langt meir elende i vente.
Alt såg fint ut i 2021 då SVB sine kontoar omtrentleg dobla seg. Rentesatsar var nesten null og det såg ut som om pengetrykkjeriet aldri ville stoppe – fram til dei endeleg gjorde det, følgt av jamt aukande rentesatsar. SVB heldt fram med å uvørdent investere i statsobligasjonar [engelsk treasury bonds] på den tida, som dei no måtte selje med enormt tap.
«Og medan dei òg hadde investert tungt i amerikanske statsobligasjonar, som mange bankar gjer, tyda dei aukande rentesatsane at SVB ikkje kunne dekkje inn igjen investeringane sine når ting gjekk til helvete no i veka,» forklarer reportasjar.
«Ein såg at SVB sin kundebase tok pengane ut av kontoane raskare enn forventa for å dekkje utgifter, noko som førde til eit digert hòl i firmaet sin rekneskap.»
«På onsdag avslørte SVB at når det stod overfor svinnande midlar på grunn av stadig mindre depositum på kontoar, vart dei tvinga til å selje unna obligasjonane sine med eit tap på 1,8 milliardar dollar. Banken formidla planar om å få tak i to milliardar frå investorar for å dekkje tapet.»
Det USA som mange kjende og elska er for lengst vekke.