I denne meiningsartikkelen skal eg lufte ein idé eg og enkelte andre har tenkt på i lengre tid. Det er i dag eit stort problem i det norske samfunnet at folk fell ut av arbeidslivet på grunn av rusmisbruk. Det er hjå dei ikkje lenger tilfellet at rusen kjem i vegen for jobben, men heller at jobben kjem i vegen for rusen. Å fare på jobb ser dei til slutt på som eit avbrot av den herlege, herlege rusen, og difor steller dei seg slik at dei til slutt står utan jobb. På noverande tidspunkt er stoda slik at rusavhengige får særbehandling, både innan lovverket og av velmeinande sosialkonsulentar. Dette gjev dei lite incentiv til å bli rusfri og kome tilbake i arbeidslivet, sidan dei jo får alt oppi nevane i form av trygd, gratis tannlege, sponsa bustad og andre frynsegoder. Treng det vere slik?
Ein må her sjå på årsaksforholdet. Folk fell ut av arbeidslivet fordi konstant, dagleg rus er fullstendig uforeinleg med lønt arbeid. Bortimot alle arbeidsgjevarar krev edruelegheit av sine tilsette. Å møte opp på jobb i rusa tilstand er til dømes i helsesektoren grunnlag for strenge disiplinærstraffer fordi det er eit eklatant brot på arbeidsreglementet. Vedkomande får ein skriftleg advarsel om ho er heldig. Ved gjentekne brot på dette punktet blir det avskjed, altso tap av jobb og inntekt på dagen. No er det stort sannsyn for at personen blir teken under vengjene av desse velmeinande ruskonsulentane og får hjelp til å kome seg over på trygd (spesielt om desse halvgamle gratispene forelskar seg i «brukarane»!). Altso får vedkomande velsigning frå Staten til å ruse seg heile dagen kvar dag, og vi skattebetalarane sponsar dette tilværet.
Klart, støtteapparatet kan ymte frampå at det kanskje ikkje er ein god idé å misbruke rusmiddel dag ut og dag inn. Men om personen mot største formodning blir rusfri igjen, kva slags «liv» ventar vedkomande? Dei må jo ha noko å fylle dagane med sidan trygda gjer at dei ikkje gidd å finne seg jobb.
Lat det vere sagt: Eg meiner at all rusavhengigheit er 100% sjølvforskulda. Ingen tvinga dei til å byrje å ruse seg. Denne særbehandlinga av rusavhengige står i skarp kontrast til dei med reelle sjukdommar som gjer dei ute av stand til å fungere i arbeid. Slike må ofte kjempe i årevis mot noko som for dei framstår som eit vondsinna, psykopatisk byråkrati. Det er tre ting som gjer det enkelt å få uføretrygd her i Noreg: psykisk utviklingshemming (dei får innvilga trygd frå fylde 18 so å seie utan diskusjon), flyktningar som er for «traumatiserte» av krigen i sine heimland, og folk som har gjort seg sjølve rusavhengige ved hjelp av uansvarleg bruk av det valde middelet.
Ingen kan hjelpe for at dei er psykisk utviklingshemma. Dei fleste kan heller ikkje hjelpe for at det bryt ut krig i heimlandet (sjølv om flyktningestatusen hjå enkelte mildt sagt er diskutabel). Alle kan derimot hjelpe for at dei har hamna i rusens klør. I byrjinga hadde dei alle eit val.
Enkelte vil i affekt innvende at rusavhengigheit ikkje alltid er sjølvpåført. Det ligg ofte psykisk sjukdom og/eller alvorlege traume bak. Alvorleg psykisk liding som ikkje blir behandla kan få vedkomande til å heller ruse seg enn å søkje profesjonell hjelp innan psykiatrien (men igjen, kor profesjonell «hjelpa» er der, er gjenstand for aggressive, langvarige og høglytte debattar på riksdekkjande TV). Dessutan finst der mange med alvorleg psykisk sjukdom som ikkje ruser seg. Og det same gjeld alvorlege traume. Somme ruskonsulentar vil forsvare med nebb og klør at «Renate» på 37 har rusa seg tett i tjue år fordi ho vart valdteken dagleg av sin eigen far som barn. Det finst derimot mange incest-offer som ikkje ruser seg. Rus er ei forklaring, men det er langt ifrå ei orsaking. Dette er eit alvorleg samfunnsproblem som utmattar støtteapparatet og tømmer Statskassen, noko som fører til manglande ressursar til å hjelpe dei som ikkje er skuld i uføret sitt. Noko må gjerast, men kva?
Ruskonsulentar ser på rusavhengigheit som ein sjukdom. Dette sjukeleggjer personen og tek frå vedkomande ansvar for sitt eige liv. Etter mi meining er rusavhengigheit «berre» ein dårleg vane som har eskalert. Det finst effektive program for å gjere sjølv den verste alkis eller dophovud rusfri, men problemet til no er at ein sjeldan kan bruke tvang for å få folk inn i slikt eit program. Dei må ville det sjølv, men kven pokker vil gå vekk frå dette fullstendig ansvarslause tilværet der ingen krev noko av dei?
Der finst derimot ei løysing. I tilfelle der ein person beviseleg har mist arbeidsevna på grunn av rusmisbruk, må Staten gripe inn og mellombels umyndiggjere mennesket. Bankkontoen må sperrast og kontantar dragast inn, om naudsynt med politihjelp. Personen skal gå i terapi hjå ein autorisert behandlar framtil vedkomande er vurdert som «frisk», altso at han eller ho ikkje ruser seg sanselaus kvar bidige dag. Når personen treng mat, skal vedkomande gå i matbutikken og bruke matkupongar utlevert av anten stat eller kommune (som regel NAV i samråd med ruskonsulent). Personen kan bruke pengar på mat, naudsynte forbruksvarer som dasspapir, såpe og tannkrem, men ikkje alkoholhaldige drikkevarer. Rekningar tek NAV seg av, og staten kan gje bustøtte. Personen skal delta i tilbod og tiltak for å oppfylle aktivitetsplikta. Brot på aktivitetsplikta eller det pålagte avhaldet vil medføre fengselsstraff og tap av alle støtteordningar, inkludert trygd. Når vedkomande har vore rusfri i ein periode på ikkje mindre enn eitt år, vil han eller ho atter få tilgang til kontoen og sine oppsparte midlar igjen. Då vil vedkomande høgst sannsynleg vere i lønt arbeid igjen.
Eit slikt opplegg vil etter mine estimat ha ein suksessrate på 100%. Den rusavhengige kan ikkje bruke pengar på rus, og vil uunngåeleg tre inn igjen i arbeidslivet. Dette er gjort for vedkomande sitt beste, og Staten vinn på at arbeidsevna blir utnytta so godt som råd er.
Eg vil skunde meg å leggje til at dette berre gjeld for personar der rusavhengigheita er årsak til manglande arbeidsevne. Underliggjande sjukdommar vil naturlegvis kvalifisere for uføretrygd, og det etter at utgreiing av restarbeidsevne best mogleg er utført av formelt og reelt kompetente nøkkelpersonar i støtteapparatet.
Til slutt vil eg presisere at der ikkje ligg ein vondsinna agenda bak. Dette er gjort for å redde slike personar. I desse tider er det beint fram farleg å gjere seg avhengig av Staten på slikt eit tarveleg grunnlag som eit sjølvforskulda rusproblem. Spesielt med tanke på den moglege lagnaden som vil vente dei som er so uheldige å hamne på trygd.