Wokesekt-galskap: Halvnaken mann utfører bondage-rutine framfor babyar og småfulle foreldre – opprør på sosiale media

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Der har dukka opp ein video som viser dansarar kledd i bondage-kostyme og tangatruser som står på hendene framfor foreldre og babyar under eit arrangement som har blitt kalla «absolutt frykteleg».

Showet, som har tittelen CabaBabaRave, reklamerer for seg sjølv som «ein liten bit av ettermiddagsglede» som kombinerer kabaret med «fengjande baby-sanserørsler» før det heile sluttar i ein rave. I videoen blir ein av utøvarane, som er identifisert som Benloader Circus, sett i bondage-utstyr medan han utfører akrobatiske stunts frå reimar som heng frå taket medan foreldre og babyar sit og ser på, rapporterte britiske Daily Mail.

Som del av VAULT-festivalen viser videoen òg dansarar i bondage-kostyme og tangatruser som utfører akrobatiske sekvensar. Videoen viser deretter ein skodespelar som står på hendene på ein stol medan han går med ingenting anna enn stiletthælar og ei tangatruse på The Flair Ground nær Waterloo i det søraustlege London. Showet har blitt skildra som «absolutt frykteleg» og «motbydeleg».

Trass utbreidd kritikk forsvarte dei som organiserte CabaBabaRave arrangementet, og slo fast at det var vel gjennomtenkt designa og at babyane som var til stade ikkje ville skjøne framføringa. Dei hevda at showet tilbydde eit «morosamt og inkluderande miljø for foreldre med små babyar».

Trass dette prøver ein no å få showet forbode, rapporterte nyheitsformidlaren:

«Kringkastaren Dominique Samuels, som delte dei originale opptaka på Twitter, oppmoda folk om å kontakte selskapet med kva som helst bekymringar over kor trygt det var. CabaBabaRave [hadde] eit utselt show 11.mars, medan andre arrangement er venta å finne stad fram til slutten av mai. Prisen for ein vanleg billett er 25,50 britiske pund [i underkant av 327 norske kroner; oms.an.].

Sherlock-skodespelarinna Amanda Abbington stakk innom debatten og skreiv på Twitter: «Eg miste temmeleg mange følgjarar for å seie at ein halvnaken mann i lårhøge støvlar som dansar på ein særs seksualisert måte ikkje burde gjere dette framfor babyar, og det seier meg alt eg treng å vete om kor samfunnet er på veg. Korleis kan de ikkje vere einige med meg i dette???»

Ein annan kritikar sa: «Absolutt kvalmande. Kva slags foreldre vil ta med seg barnet sitt på dette?»

Ein tredje sa: «Kvifor ville nokon tru at det sømer seg å ta barna sine med på eit av desse arrangementa?»

Ein kommentator sa: «[eg er] meir bekymra for at foreldra trur at denne tingen er sømeleg og tok babyane sine med seg der i fyrste omgang.»

Og ein annan sa: «Kva forelder (om vi kan kalle dei det) med vit og forstand vil utsetje barn for dette I DET HEILE. Kva skade blir gjort på desse unge sinna; foreldre er her for å beskytte barna frå denne typen åtferd. Kvifor får dette lov å halde fram??»

Ein reklameplakat for showet på ein lokal pub skildra korleis kabareten vart skapt av to mødrer som «konstant leita etter underhaldning medan dei heldt ein baby i den eine handa og ein pint i den andre.»

«Vi ønskte å skape den typen arrangement vi sjølve som mammaer ville ha ønskt å gå på. Der finst ei grense for kor lenge du kan høyre på den jævla Hjulene på bussen går rundt og rundt! Vi ønskte å gje foreldre opplevinga av ein ‘heilaftan i London by’… kabaret, drinkar og dans… men noko du kan ta med deg babyen din på og framleis vere heime til leggjetid,» sa skaparane av showet.

VAULT-festivalen kom med ei melding på Twitter der dei adresserte kommentarar gjort på sosiale media relatert til CabaBabaRave, som er del av 2023-festivalprogrammet for VAULT.

«Kabaret-showet er laga for foreldre, med sanserørsler for babyar, og er ein morosam og velkomande arena for foreldre med små babyar,» sa organisatorane av festivalen. «VAULT-festivalen eksisterer for å støtte live-framføring og artist-talent og er stolte over å gje plattform til arrangement som er velkomande og tilgjengelege for alle, der publikumstryggleik alltid er ein topp-prioritet.»

«Vi står imot dei utilgjevelege trugslane om vald og overfall mot våre programoppførde artistar, staben vår, og som er retta mot LGBTQIA+-samfunnet, og vi støttar dei råka artistane,» la dei til.

Det dei openbert ikkje står for, er sømelegheit og tilpassing av innhaldet til små barn. Når det er sagt, er det jo foreldra som tek med seg ungane sine til slike arrangement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s