Vil djupstaten arrestere Donald Trump fyrstkomande tysdag?

David Sörensen, mannen bak nettsida Stop World Control, la nyleg ut ein artikkel med tittelen Trump announces his arrest next Tuesday. Artikkelen tek føre seg arbeidet Trump gjorde med å eksponere mellom anna den supranasjonale djupstaten, den kriminelle plandemien, og den djupe korrupsjonen av den amerikanske regjeringa, Big Media, Big Tech, Big Pharma, FBI, WHO og mykje anna. No fryktar Trump med rette å bli arrestert fordi han mildt sagt har handla i strid med den globale eliten sine menneskefiendtlege interesser.

Som Sörensen skriv innleiingsvis (saksyndig si omsetjing):

«Frå den aller fyrste dagen då Trump erklærte at han ville stille som presidentkandidat i 2016, braut helvete laust. Eitt åtak etter det andre vart utført for å fjerne han frå reknestykket, alle medieressursar vart aktiverte for å sverte hans gode namn og rykte, alle kriminelle metodar vart brukte for å gjere hans nederlag garantert.»

Den lure, gamle, oransjefarga reven visste utmerka godt at hans eksponering av den ufatteleg vonde djupstaten og maktkabalen som sit på toppen av maktpyramiden, ville få alvorlege, kanskje dødelege konsekvensar for han. Han trong berre å sjå kva som skjedde med president John F. Kennedy, som mellom anna ville avvikle det gjennomkorrupte og hyperkriminelle CIA.

Sörensen skriv vidare:

«Då Trump vart USAs president i 2016 – til den unemnelege redselen til kabalen og djupstaten – heldt dei fram sine endelause åtak, med falske skuldingar i bøtter og spann. Etter bløffen om russisk samarbeid, prøvde dei å stemne han to gonger, og mislykkast begge gongene. 6.januar 2020 [Sörensen meiner 2021] la dei ei felle for å falskt skulde han for å vigle opp til storming [av Kongressen] med eit forsøk på å arrestere han. Dei mislykkast atter ein gong, sidan opptak frå overvakingskamera viser at heile greia var iscenesett av FBI.

No, etter ni år med non-stop-åtak på Trump, prøver dei igjen å arrestere han. Det har leke ut offisielle dokument som viser planen om å arrestere Trump tysdag i neste veke [eigentleg denne veka, sidan artikkelen vart publisert førre veke; oms.an.]. På Truth Social publiserte Trump dette

Epoch Times rapporterer at dette politisk motiverte åtaket på Trump kan kome frå «hysj-pengar» på 130 000 dollar, som vart utbetalt til pornostjerna Stormy Daniels for at ho ikkje skulle avsløre ein affære mellom dei to. Trump har nekta for at ein affære har funne stad. Forsøket på stemning er ifølgje Trumps talsmann Steven Cheung gjort for å hindre at Trump stiller som presidentkandidat i 2024.

So, kvifor er dei so desperate etter å bli kvitt Trump? Vel, som Sörensen oppsummerer, har Trump eksponert den djupe korrupsjonen av:

  • den amerikanske regjeringa
  • Big Media
  • Big Tech
  • Big Pharma
  • FBI
  • Verdas helseorganisasjon
  • røystingssystemet (som gjorde at Biden vart valt på grunn av omfattande valfusk)
  • den kriminelle plandemien
  • skattesystemet
  • menneskehandel med barn
  • transkjønnsrørsla
  • agendaen for ei eiverdsregjering

For å sitere Sörensen: «Kort fortalt: Trump avslørte overfor USA og verda kva slags vondskap som går føre seg, og han ber stadig folket om å reise seg og gjere motstand.»

Trump sitt mål er ifølgje Sörensen å gjere slutt på inntektsskatt og gjenopprette USA til å bli ein nasjon styrt av folket, i staden for Washington D.C., som er ein filial av Dei britiske elitane frå City of London.

Kritikarar av Trump (mellom anna Mike Adams) har brukt det mot han at han jo var den som sette i gang Operasjon Warp Speed. Han lanserte derimot mRNA-sprøytene eit halvt år før planen. Opphavleg hadde den fæle, vonde kabalen psykopatisk planlagt konstante nedstengingar i heile to år. Dette ville ha smadra heile verdsøkonomien og bana veg for ein leikent glatt og lett overgang til Den nye verdsorden – Great Reset eller Den store tilbakestillinga. Trump, som den kløktige, driftige og uhyre intelligente forretningsmannen han trass alt er, gjorde slutt på nedstengingane etter «berre» åtte månader i staden for 24, og dette krasja fullstendig agendaen til kabalen. I sin tur tvinga dette dei til å improvisere og forhaste seg.

Trump kunne ifølgje Sörensen ikkje stoppe den planlagde pandemien, ei heller kunne han hindre «vaksinane». Men han kunne likevel sabotere eliten sine vondsinna planar ved å handle langt framfor skjema:

«På grunn av desse forhasta injeksjonane, veit no fleire hundre millionar over heile verda kor farlege vaksinar er generelt, som igjen er ein massiv siger. Trump tek gladeleg skulda for biverknadene, sidan han veit at dei ville ha oppstått likevel, og han ser på det langsiktige utfallet: menneskeheita som vaknar opp til kor korrupt Big Pharma er.»

Djupstatens kriminelle aktivitet er no ute i dagen. Eliten kunne ikkje ha vore meir nakne og eksponerte om dei so hadde blotta seg midt i City of London.

Dersom dei fyrstkomande tysdag går hen og arresterer Trump, vil dette eksponere kor korrupt det juridiske systemet er. Sidan planane deira no er eksponert, gjenstår det å sjå om dei faktisk kjem til å arrestere han. Dei har prøvd å gjere han til klodens mest forhatte mann, nettopp fordi han heldt opp spegelen so alle fekk sjå deira sanne, totalitære ansikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s